Nyskaping

Google presenterte den sjølvstyrde bilen under ei teknologimesse i Paris i juli i sommar.

Forskar: – Førarlause bilar er tryggare enn vanlege

Det meiner forskar Morten Goodwin som til dagleg jobbar med kunstig intelligens.

Publisert Sist oppdatert

Dagens Perspektiv møtte Goodwin som er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder under «Inspiration day» som var arrangert av OpusCapita førre veke.

På dagens program stod blant anna kunstig intelligens og korleis algoritmar vil påverka arbeidsmarknaden.

– Dei fleste trur ikkje sitt eige yrke vil bli påverka og seier at det vil gå minst 70 år før jobben deira forsvinn. Dei automatiserte bilane skjedde førre veka. Revolusjonen skjer no, forklarar Goodwin.

Det er naturleg at dei yrka som baserer seg på data på ein eller annan måte vil forsvinne. Legar, lærarar, journalistar er døme på yrke der ein hentar inn data og syner den til andre menneske. I finansmarknaden er det også typisk mykje data involvert.

– Dette er nokre av dei utsette yrka. Men eg trur ikkje dei vil forsvinne heilt, men at ein lever i ein symbiose med kunstig intelligens. Forskarane som jobbar i den internasjonale organisasjonen CERN brukar kunstig intelligens, men eg trur ikkje sjølve forskarane vil forsvinne, seier Goodwin.

Får reklame om prevensjonsmiddel

Facebook sel reklame. Mange har nok oppdaga å få tilbod frå Facebook om noko dei nettopp søkte på i Google. Dette er spesialbasert reklame.

– Sal er allereie prega av kunstig intelligens. Det er algoritmar som har bestemt at 20-åringar skal få reklame om prevensjonsmiddel og at folk i 30-åra skal få reklamar om hjelp til å få barn. Ingen frå Facebook har bestemt dette. Det er blitt funnet ut på grunn av den enkeltes personlege data, forklarar Goodwin.

I Noreg er det nokre som jobbar med kunstig intelligens, men forskingsmiljøet er framleis lite.

– Noreg er ikkje i framkant. Det er dei store amerikanske selskapa som Facebook og Google som driv med dette. Eg fryktar at det er dei som kjem til å ta mange av dei yrke som er trua av kunstig intelligens, som til dømes journalistane. Dersom Noreg ikkje satsar, kan me gå i den fella seier Goodwin.

Det er nokre store firmaa i Noreg satsar litt. Goodwin sitt inntrykk er at dei store bedriftene tek inn folk som kan datadrive forsking, noko som ligg veldig nært kunstig intelligens.

Skatteetaten har nokre og Statoil brukar små delar av kunstig intelligens.

– Kongsberg våpenfabrikk jobbar med robotar, akkurat kor langt dei har kome i forhold til andre er eg ikkje sikker på.

Det er eit firma på Sørlandet som har jobbe med kunstig intelligens for smelteomnar.

– Der er det veldig farleg å sjå inn i smelteomnen om det eksploderer eller ikkje. Då kan dei bruka teknikkar basert på kunstig intelligens på same måte som å oppdaga eit bilete, til å sjå om smelteomnen er i ferd med å eksplodere eller ikkje. Det er ein farleg jobb som roboten kan ta over, forklarar Goodwin.

Alvorlege ulykker

Forskaren meiner at de førarlause bilen er tryggare enn vanlege bilar. Førre veke lanserte transportselskapet Uber dei første førarlause bilane i USA.

Google-bilen har i testfasen hatt ei ulykke der bilen køyrde i 15 kilometer inn i ein buss. Tesla har derimot hatt nokre meir alvorlege

– Generelt er ulykkestala mykje lågare for sjølvstyrte bilar enn med vanlege bilar, seier Goodwin.

Det er opp til programmerarane som lagar algoritmen korleis den sjølvstyrte bilen vil reagere i ein trafikksituasjon der det står mellom å køyre bilen i ein fjellvegg eller på eit barn som spring over vegen.

– Det valet gjer personar allereie i dag. Ein førar tenkjer «skal eg køyre inn i ein fjellvegg eller skal eg køyre ned eit barn». Forskjellen er at eg gjer det valet ubevisst i løpet av nokre få mikrosekund, kunstig intelligens-algoritmen derimot, kan ta eit mykje meir bevist val, forklarar Goodwin.

I dei aller fleste tilfella vil den sjølvstyrte bilen oppdaga det problemet lenge før, slik at det ikkje blir eit val mellom ditt eige liv og barnets.

– Det er eit dilemma dersom valet står mellom å redde eit barn og ein eldre person, men det er eit konstruert problem som den kunstige intelligensen vil oppdaga lenge før situasjonen oppstår i dei aller fleste tilfelle. Om det skjer, så er det spennande å sjå kven som tek skulda, seier Goodwin.

Det kan vere personen som sit i bilen eller det kan vere bilfirmaet som Google eller Volvo som har lagt algoritmane.

– Eg jobbar med å laga nye algoritmar og etikken har ikkje så stor plass der, men det vert diskutert rundt lunsjbordet, seier Goodwin.

Det er alltid eit spørsmål om etikk når du erstattar arbeid som finst.

– Min jobb er å løyse problem, men det er ikkje på eit etisk nivå, avsluttar Goodwin.

Powered by Labrador CMS