forebygging

Det er eit betydeleg forbetringspotensial i det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet, og at partssamarbeidet kan vere ein viktig strategi for å ta ut potensialet, skriv Ragnhild Lied i Unio.

Førebygging eller reparasjon?

Vi høyrer det stadig: Førebygging er betre enn reparasjon. Ikkje minst når det gjeld arbeidsmiljø og helse. Men det kan ofte vere langt frå preik til praksis.

Publisert Sist oppdatert

Ragnhild Lied er leiar i Unio.

SYNSPUNKT. I vår tid er ropa på dokumentasjon uendelege. Men korleis kan ein dokumentere effekten av tiltak som er retta mot å hindre at noko skadeleg skjer? Faktagrunnlaget manglar, meiner somme, og tonar ned vekta på førebygging. Dette er ikkje eit enten eller. Både førebygging og reparasjon trengst. Men det er opplagt at førebygging må prioriterast tydelegare i mange verksemder. Det er ei vaksine mot dårleg arbeidshelse.

Den nye IA-avtalen er ikkje heilt ny lenger. Også her slår koronapandemien inn. Likevel, avtalen er der, og gjeld fram til utgangen av 2022, med stor vekt på det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet.

Konsekvensane av pandemien er store for arbeidslivet. Det blir nye arbeidsformer, nye måtar å organisere arbeidet og arbeidsplassen på. Somme har heimekontor, mange blir permitterte. Usikre jobbar og hardt arbeidspress skaper store, men også ulike, utfordringar for arbeidsmiljøet, for trivselen og for produktiviteten. Kva det vil få å seie for sjukefråværet er usikkert.

Oslo Economics har berekna at eit «ikkje-optimalt» arbeidsmiljø kostar landet 75 milliardar kroner i året

Sjukelønnsordninga – viktig smittevern

Det som derimot er sikkert, er at sjukelønnsordninga er viktig i kampen mot smittespreiing. Sjukelønnsordninga gjer at folk har både rett og råd til vere borte frå arbeid når dei kjenner symptom.

Sjølv om vi no er i ein ekstraordinær situasjon, er det på sin plass å minne om at målet om å redusere sjukefråværet er der. Trivsel på arbeidsplassen er ein veg til god helse for mange. Samtidig er det kjent at både mekaniske, organisatoriske og psykososiale forhold ved arbeidsmiljøet påverkar risikoen for sjukefråvær.

Dette blei godt illustrert av ein TV-reportasje nyleg om sjukefråvær i selskapet FosenNamsos Sjø. Med 400 tilsette driv dei hurtigbåt- og ferjetrafikk i Trøndelag og Møre og Romsdal. Gjennom førebyggande arbeid, tett oppfølging og rask iverksetting av tiltak, hadde dei redusert sjukefråværet frå rekordhøge 18 prosent til 1,4 prosent. Ikkje nok med det. Tilsette hadde ikkje berre fått betre helse, men somme hadde fått større tru på at dei kunne stå lenger i ein krevjande jobb. Sjølvsagt er dette bra også for selskapet, som sparte nesten to millionar kroner i løpet av eit halvt år.

Koronakrisa pressar kommuneøkonomien beinhardt. Satsing på førebygging og godt arbeidsmiljø har også ei økonomisk side. Ei lita kommune som Snåsa har spart 5 millionar kroner i året på å redusere sjukefråværet frå 8 til 5 prosent.

Det er sjølvsagt fare for at både sjukefråvær og andre kostnader vil auke både i Snåsa og i andre kommunar som følgje av pandemien. Desto viktigare er det å halde fokuset på arbeidsmiljøet og det førebyggande arbeidet.

EU-kontroll i arbeidslivet

Eit av dei strengast praktiserte, og langt på veg aksepterte, førebyggingstiltaka i samfunnet er EU-kontrollen av bilparken. Kor godt effekten er dokumentert, veit eg ikkje. Vi tar det rett og slett for gitt at ordninga er bra for trafikktryggleiken.

Dette er ein strategi som i sterkare grad må på plass i arbeidslivet. Tankegangen er godt forankra i IA-avtalen. Arbeidsmiljø er ferskvare. Vi må avdekke svakheiter og manglar. Det må raskt settast inn tiltak. Desse må vere kunnskapsbaserte, forankra i reelle behov.

Det er ikkje enkelt å sette ein prislapp på arbeidsmiljøet. Men det er gjort forsøk. Oslo Economics har berekna at eit «ikkje-optimalt» arbeidsmiljø kostar landet 75 milliardar kroner i året.

Det er sjølvsagt fare for at både sjukefråvær og andre kostnader vil auke både i Snåsa og i andre kommunar som følgje av pandemien

Partssamarbeidet – ein viktig strategi

I ein rapport frå SINTEF frå 2018 blir det lagt til grunn at det er eit betydeleg forbetringspotensial i det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet, og at partssamarbeidet kan vere ein viktig strategi for å ta ut potensialet.

Leiarar, tillitsvalde og verneombod har mykje å stå i på arbeidsplassane i desse dagar. Det gjer det ekstra viktig med systematisk samarbeid for å sikre eit godt arbeidsmiljø. Det krev faktabasert førebygging – både på kort og lang sikt. Førebygging lønner seg for alle.

Synspunkt

Skriv til DP Synspunkt


Del dine meninger med ledere og andre ressurspersoner i arbeids- og samfunnsliv? Skriv til DP SYNSPUNKT.

Les alle synspunkt her.


Powered by Labrador CMS