Foto

iStock

Sommarjobb og smittetiltak

Publisert: 19. mai 2020 kl 08.33
Oppdatert: 19. mai 2020 kl 10.19

Jan Warecki er studentleder i fagforeningen Industri Energi.

SYNSPUNKT. For studentar flest er seinvåren den eigenlege sommarferien. Eksamenane er avlagt, medan sommarjobben, som studentar flest er avhengig av, har enno ikkje begynt. I år derimot er våren for mange ei tid prega av usikkerheit. Inntektene frå deltidsjobben under studia går tapt, og tilleggslånet regjeringa foreslo er ingen fullgod erstatning.

På same tid begynner bedriftene å seie opp dei som allereie har signert for ein sommarjobb, eller som skulle gå ut i sin første jobb etter fullført utdanning. Blant Industri Energis studentmedlemar er rundt 25 % av arbeidstilboda trekte tilbake, og Dagsavisen melder at berre 10 % av bedriftene i Oslo vil ta inn sommarvikarar. Mange av dei som gjekk ut i jobb i fjor, er permitterte eller oppsagte no, og SSB melder om ei arbeidsløyse blant unge på 18 %.

Sommarjobbar har to viktige funksjonar i samfunnet: Bedrifta får halde fram med drifta når ordinære tilsette har ferie, medan studentane får moglegheit til å setje kunnskapen sin ut i livet. Spesielt denne sommaren er det tragisk at så mange bedrifter bestemmer å ikkje tilsette nokon.

Det finst gode grunnar til å ikkje tilsetje sommarstudentar i år. På nokre arbeidsplassar er det ikkje smitteforsvarleg å drive i det heile tatt. Nokon har ikkje likviditet eller kapital til å tilsetje studentar i sommar. Men maskinene må framleis haldast ved like, og faste tilsette skal også i år ta ut ferie. Utviklingsarbeid som involverer studentar rett frå universitetet, med ferske synspunkt og oppdatert kunnskap, kan gje ein betre start når smittetiltaka opphøyrer.

Endringa som angår alle er at innføringsprogram for nytilsette i denne ekstreme situasjonen kan også løfte personalavdelingar og tilfredsheita på jobb til nye høgder. Erfaringane som koronasituasjonen har vist, er at tida er inne for å prøve ut nye ordningar, eksperimentere med nye tiltak og ikkje la gamle haldningar styre framtida.

Heimekontoret er kome for å bli. Internasjonale selskap som Facebook kjem til å tillate jobb heimafrå ut året for dei tilsette som ønsker det. For norske selskap er utstrakt bruk av heimekontor ei moglegheit til å utvide nedslagsfeltet sitt til heile landet, til og med utlandet, ved tilsetjingar. Bedriftene som motstår freistinga til å seie opp inngåtte arbeidskontrakter har mykje å tene på det i ei stadig meir digital verd. Dei får prøve ut nye rutinar for innføringsprogram, som tar høgde for at vi ikkje alltid sit i same kontorbygg, på ein forholdsvis ufarleg måte – om dei berre satsar ekstra på sommarstudentar i år.

Saken fortsetter under annonsen

Mange store selskap har halde fram med å utbetale utbyte. Dei må ikkje berre ta ansvar ovanfor aksjonærane, men også ta samfunnsansvar og tilby dei jobbane dei kan. Det vil alle tene på.