Arbeidsliv

Bilmekanikar og lærling i akjson.

Fleire yrkesfagelevar får læreplass

10.400 yrkesfagelevar har fått læreplass frå 1. september i år.

Publisert Sist oppdatert

Det er ein auke på over 30 prosent samanlikna med same tidpunktet i 2013 då 7.781 hadde fått læreplass.

Den positive utviklinga kjem fram i førebelse tal frå Utdanningsdirektoratet måndag.

Den 1. september har 2600 fleire elevar fått læreplass enn for fire år sida.

– Dette er gode nyhende. Etter fleire år med satsing på å skaffe fleire læreplassar, er vi glade for at utviklinga no går rett veg og at fleire elevar får høve til å fullføre opplæringa si i ein bedrift. Arbeidslivet treng fleire fagarbeidarar i framtida, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Store fylkesvise forskjellar

Det er store forskjellar mellom fylka i kor stor del av søkarane som har fått læreplass. 1. september har 57 prosent av søkarane i Hedmark fått læreplass. I Østfold har 16 prosent fått læreplass. Framleis ventar mange yrkesfagelevar på å få læreplass innan nyttår. I januar kjem oversikta som viser kor mange som har fått læreplass dette skoleåret.

– Vi er ikkje i mål. Dei siste åra har det vore om lag 9.000 elevar som ikkje får læreplassen dei ønskjer seg. Derfor hald regjeringa fram satsinga på yrkesfag og læreplassar, seier Røe Isaksen.

Vi er ikkje i mål

Regjeringa har blant anna auka lærlingtilskotet med 21.000 kronar per kontrakt, for å gjere det lettare for verksemder å ta inn lærlingar. Regjeringa har også laga ein strategi for å få fleire lærlingar i staten og oppretta ein merkeordning for læreverksemder. Det er også innført krav om at verksemder må ha lærlingar for å kunne få jobben når det offentlege har store oppdrag ute på anbod.

Tala frå Utdanningsdirektoratet viser også at det er 980 fleire elevar som har søkt om læreplass i år samanlikna med i fjor.

Nøkkeltall

  • 25 000 søkere

  • 10 400 godkjente lærekontrakter

  • 1 400 flere lærekontrakter enn på samme tidspunkt i fjor

  • 42 prosent har fått godkjent lærekontrakt, det er litt høyere enn i 2016

Kilde: Utdanningsdirektoratet

Lovar fleire læreplassar

Arbeidarpatiet har i sitt «yrkesløfte» lova at alle kvalifiserte søkjarar skal få tilbod om læreplass. Partiet ønskjer også å løyve minst éin milliard til yrkesfag i neste periode for å sikra betre kvalitet i opplæringa, tettare samarbeid med arbeidslivet og læreplass til dei som er kvalifisert for det.

– Vi skal framsnakke yrkesfaga, for å sei det veldig enkelt. Nokre skal bygge landet. Vi har store oppgåver i Noreg framover, der byane skal moderniseras. Det skal byggast nytt, byggast på, og byggast om. Til det trenger vi flinke folk. Då må vi oppmuntre og leggje til rette for at ungdommer velger yrkesfagene, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Nokre skal bygge landet

«Vi vil styrkje dei yrkesfaglege rogramma og sørgje for at arbeidslivet som venter etter fullført utdanning, er attraktivt og seriøst. Elevar på yrkesfag må i større grad få moglegheit til å lære ved å være nærne på arbeidslivet tidleg i utdanningsløpet,» skriver Arbeidarpartiet på sine heimesider.

For å lykkast i ei krevjande internasjonal konkurranse, meiner Arbeidarpartiet at vi må byggje vidare på og styrkja fagutdanningane, og sørgje for at vi utdannar nok fagarbeidarar.

«Godt utdanna faste ansatte, fagarbeidarar med stor tillit og bedrifter som bidrar til opplæring av fagarbeidarar, er eit viktig grunnlag for konkurransekraften,» skriver partiet.

Powered by Labrador CMS