Arbeidsliv

Illustrasjonsfoto.

Talet på sysselsette har auka med 55.000 det siste året

Sjølv om sysselsettinga har stige, har arbeidsløysa vore stabil det siste året. Det kan forklarast med at fleire har komme inn i arbeidsstyrken.

Publisert Sist oppdatert

I oktober utgjorde dei arbeidslause 4,0 prosent av arbeidsstyrken, justert for sesongvariasjonar. Dette er uendra frå juli.

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det var 114 000 arbeidslause personar i oktober justert for sesongvariasjonar. Dette er om lag det same som i juli.

Små endringar

Ifølgje AKU blei det 13.000 fleire sysselsette frå juli til oktober, justert for sesongvariasjonar, og det svarer til ein auke i sysselsettingsprosenten på 0,2 prosentpoeng.

Dette er isolert sett innanfor feilmarginen i AKU, men i tråd med ein stigande trend.

Ifølje tal frå det europeiske statistikkbyrået, Eurostat utgjorde dei arbeidslause 6,7 prosent av arbeidsstyrken i oktober i EU sett under eitt.

Det er ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå juli. Det er store skilnader mellom EU-landa i nivået på arbeidsløysa. Endringane i landa frå juli til oktober har vore små.

Powered by Labrador CMS