Synspunkt

Vestland fylkeskommune blei årets nynorskkommune i 2022. Her fylkesordførar Jon Askeland (Sp) saman med kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap). Foto: Isak Ramsvik / Språkrådet

Synspunkt | Helle Beer Urheim: Vondt i viljen

Etter å ha arbeidd snart eit halvt år med språkpolitikk, er det eitt spørsmål eg skjøner mindre og mindre av: Kva er eigentleg problemet med nynorsk? undrar Helle Beer Urheim.

Publisert Sist oppdatert

­Helle Beer Urheim er klarspråksrådgjevar i Språkrådet, Seksjonen for språk i skole og offentlig forvaltning. Foto forsiden: Isak / Språkrådet

Lyst til å sende oss et innlegg? E-post-adressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

SYNSPUNKT: Vi held oss med to skriftspråk i Noreg. Kva skriftspråk folk vel å skrive og lese privat på fritida, legg ikkje styresmaktene seg opp i. Kjærleiksbreva får vi ha i fred.

Annleis er det med tekstane frå staten. For dei finst det ein språkpolitikk, sidan staten sine tekstar høyrer til fellesskapet. Der finst orda vi styrer med og språket vi gjev kvarandre rett, plikt og makt med. Tekstane vert skrivne av folk som er på jobb og får betalt for å skrive. Og leiarane styrer skrivearbeidet.

I staten skal mellom 25 og 75 prosent av det som kjem ut til ålmenta, vere skrive på nynorsk. Likevel vert bokmål brukt stadig meir, medan nynorsk vert brukt stadig mindre. Ingen av statsorgana har fått dreis på sakene, og eg undrar på kvifor.

Opp med handa, den som vil!

«Når vi rekrutterer, så ser vi etter folk som ikkje har vondt i viljen. Eg kjenner ikkje til at det har vore noko problem å skrive nynorsk. Vi må sjølvsagt lese gjennom litt her og der, hjelpe kvarandre, men det går greitt.»

Det sa HR-seniorrådgjevar Jan Erik Weinbach då eg spurde korleis administrasjonen i Vestland fylkeskommune syter for at nytilsette bokmålsbyråkratar vert dugande nynorskskribentar. Eg hadde sett føre meg harde tiltak, men der tok eg feil. Det trongst ikkje.

Rett nok har Vestland jobba med språket. Dei har retningslinjer for klart språk og god nynorsk, og på intranettet finst både saker og kvissar om språk. Nokre tilsette har tatt språkkurs frivillig og alle har fått e-læringskurs om språklova.

Kvifor klarar Vestland seg med desse grepa? Er dei som søkjer jobb der, velsigna med betre språksans enn andre? Eller er det berre skryt?

Det er normalt å lære seg ting på jobben

Kva ventar leiarane seg når dei treng folk til alle samfunnsoppdraga i staten?

Eit søk på Finn syner at 1.309 annonsar etterlyser søkjarar med god framstillingsevne, 1.154 annonsar spør etter endringsvilje og lærevilje, medan 1.479 ønskjer seg nyfikne medarbeidarar. Det gjeld over heile landet, både i staten og i det private.

«Folk har alltid tatt til seg lærdom i tenesta. Så kvifor lærer ikkje tilsette i staten seg nynorsk?»

Eg trur ikkje at dei som er leiarar i staten, hadde søkt etter endringsvillige og nyfikne søkjarar med god framstillingsevne om de ikkje hadde trudd at slike folk fanst. Annonsane legg ikkje skjul på at folk må lære seg ting dei ikkje kan frå før, om dei skal få jobben.

Folk har alltid tatt til seg lærdom i tenesta. Så kvifor lærer ikkje tilsette i staten seg nynorsk?

Skriveføre byråkratar kan alast opp på nokre månader

Eg vender meg til leiar av Nynorsk avissenter, Ingunn Osland. I redaksjonen til Firda lærer dei kvart år opp nynorskjournalistar på fire månader. Nokre av dei har ikkje skrive nynorsk sidan dei leverte inn sidemålseksamen på vidaregåande.

Eg spør kva ho trur om bokmålsbyråkratar med god framstillingsevne i departement og direktorat. Kan dei verte nynorskbyråkratar? Ja, det er ho viss på.

«Det er altså mogleg å få dreis på nynorsk, så eg skjønar ikkje kvifor det er så vanskeleg i staten.»

Osland seier at folk treng individuell rettleiing de første to månadene. Folk er ulike, og ein kan ikkje vite på førehand kva som fell vanskeleg for kvar skribent. Men dei lærer fort når dei skriv nynorsk kvar einaste dag og får tilbakemelding på utkasta sine.

Det er altså mogleg å få dreis på nynorsk, så eg skjønar ikkje kvifor det er så vanskeleg i staten. Alt tyder på at bokmålsfolk må skrive nynorsk kvar dag og dei treng hjelp i starten. Det er ikkje meir mystisk enn at ein må skrive bokmål ofte og mykje for å verte god i bokmål.

Er det uråd å lære opp byråkratar i Oslo? Nei, det trur eg ikkje.

Kven vil teste Oslands/Weinbachs metode?

Kan det ha seg slik at landet er fullt av endringsvillige folk som er heilt utan vondt i viljen, som ikkje er tungnæme, og som mest av alt treng ein ukomplisert leiar?

Det hender at byråkratiet går seg bort i nyttelaus målstyring, strategi og tiltak som ikkje verkar i det heile. Ikkje eingong paragrafar og heimel i lov bit på. Korkje problema eller løysingane kjem opp i dagen. Timane går med til arbeid som kjennest grenselaust vanskeleg.

«Eg sit med kjensla av at mange leiarar i staten sleper beina etter seg, sukkar og stønar når det vert snakk om nynorsk.»

Metoden til Osland og Weinbach er rett fram. Det er mengdetrening og rettleiing som gjeld, så kor vanskeleg kan det vere å få skikk på denne skrivinga?

Eg sit med kjensla av at mange leiarar i staten sleper beina etter seg, sukkar og stønar når det vert snakk om nynorsk. Treng dei ei handsrekning med språket, eller er det vondt i viljen som er problemet?

Powered by Labrador CMS