Buster Sledge: Jakob Folke Ossum, Michael Barrett Donovan & Mikael Jonassen.
Foto
Nikolai Grasaasen

«Other Side» - ny singel frå Buster Sledge

Publisert: 25. februar 2022 kl 15.36
Oppdatert: 28. februar 2022 kl 09.41

Den oslobaserte amerikansk-norske trioen Buster Sledge slepp i mai 2022 sitt første studioalbum «Call Home». Dette er oppfølgjaren til «Spirit», som bandet sjølv produserte og gav ut i 2020. No kjem låta «Other Side», andre smakebit frå albumet.

I Buster Sledge er det fele, banjo, gitar og tre songstemmer som ber historiene fram langs eit orkestralt bakteppe forankra i akustiske musikktradisjonar frå USA. Hovudvokalist og låtskrivar, Michael Barrett Donovan, kjem frå Nord-California, og let personleg erfaring smelte saman med arketypar frå folk- og countrymusikken. Slik vert nytt liv blåst inn i velkjende songstrukturar. Gjennom Call Home sine elleve spor, løftar Buster Sledge på hatten til artistar som Norman Blake, Punch Brothers, Tim O'Brien og John Hartford. 

No kjem låta «Other Side», den andre singelen frå albumet. Michael Donovan seier om låta:  

«Other Side fortel om lyset si hastigheit i rommet og det djupt forunderlege ved at ei stjerne som for lengst er død, framleis skin for oss på jorda – (og vil slik vise oss at) minnene om ein person eller svunne tider kan leve vidare sjølv om kjelda deira er borte for alltid.»

Trioen var første band ut i Sjur Lyseid (Little Hands ofAsphalt) sitt nyopna Globus Studio. Lyseid har leia bandet inn i eit noko utvida akustisk lydlandskap der arrangementa er meir straumlinjeforma – som igjen står i kledeleg samspel til William Hay sitt omslagsbilete der breie penselstrøk i impresjonistiske fargar viser ein einsleg ryttar som skodar ut over ein stor elvedal.

Banjospelar Mikael Jonassen frå Bodø, er den første i Noreg som har tatt høgare utdanning på dette instrumentet. Sjølv om det heile byrja med ein elektrisk banjo og fusion-jazz, fordjupar han seg for tida i akustisk banjo i Scruggs-stil via spelet til Béla Fleck. Han har tatt fleire turar til USA for å lære av meistrane der. Jakob Folke Ossum, jazzgitaristen som blei flat-pickingaficionado, oppdaga lyden av akustisk plekterbruk gjennom Tony Rice og Bryan Sutton og studerte plater og videoar nøye for å lære seg teknikken.

Felespelar Michael Barrett Donovan levde som musikar i New York City og tok ein mastergrad i klassisk komposisjon medan han turnerte med eit Grateful Dead-hyllestband. Dei tre møttest i eit kommentarfelt på eit bluegrass-forum etter at Donovan hadde flytta til Noreg i 2019. Resten av historia må du spørje dei om på ein konsert ein gong i framtida. Buster Sledge har stått på mange små og store scenar i Sør-Noreg – ikkje la sjansen gå frå deg neste gong dei tar turen til dine trakter!