Fra papirutgaven

Kan Tor Jonsson lære oss om kjærleik?

Diktaren og forfattaren Tor Jonsson skreiv om kontrastar. Om døden – og om kjærleiken.

Publisert Sist oppdatert

«Nærast er du når du er borte.

Noko blir borte når du er nær.

Dette kallar eg kjærleik –

Eg veit ikkje kva det er.»

Stemma mi er ung og lys, og litt skjelven, for eg er enno ikkje van med å stå åleine på ei scene med ljoset på meg. Gitaren er god å halde fast i, men gjev meg samstundes meir å passe på; grepa, treffe bandet, slå dei rette strengene. Seksten år og nykyssa står eg der og syng Tor Jonssons vers, som han skreiv kort tid før han tok sitt eige liv 35 år gammal. Tru om han var kyssa i det heile?

Kva er dette diktet for sprøyt? Eg kjenner det ikkje slik at du er nærast når du er borte! Sekstenåringen kjenner hjartet hamre og augo flø straks Guten kjem innanfor synsranda. Ho vil halde han, tett, og misser ikkje nokon slags nærleik med det. Likevel står ho der og syng.

Eg blir som eit slags orakel, der visdom frå folk som er lengre komne enn meg, fløymer gjennom meg. Skjønar eg intuitivt at det er noko her som livet vil syne meg? Eller er det berre det at melodien til Ivar Frønes er så vidunderleg god å syngje på?

Vi feirar

I år feirar vi Tor Jonsson. Vi gjer skam på han som skreiv i ein nekrolog at diktaren dessverre ikkje ville bli hugsa ved hundreårsjubileet fordi han hadde levd for kort og skrive for lite.

Så feil kan ein ta.

Var det noko Tor Jonsson hadde greie på, så var det å bli skuffa.

Eller var det diktaren si eiga kjensle av mindreverd som levde vidare i spådomen, etter at han hadde gitt etter for dødslengten og rulla seg over elva Styx i ei seng på Ingierstrand, natt til 14. januar 1951?

Tor Jonsson fekk siger som diktar medan han levde. Fleire bøker vart gitt ut, han fekk etter kvart gode kritikkar, gitt stipend, vart hyra til prologskriving ved viktige offentlege høve, heldt foredrag, fekk avisartiklar på prent og vart jamvel redaktør. Vener hadde han også.

Mismot

Han klamra seg likevel heile livet til at tilværet besto av motvind, mistru, hånflir og motbakkar. Det er som han lid av det som feministar eit par mannsaldrar seinare kallar «Fear of success».

Får han ros, kjem han med gørr og mismot for å vega opp. Sekstenåringen som syng eit av dei mest kjende dikta hans veit ikkje dette, og hadde kan hende ikkje brydd seg monaleg om det heller, dersom nokon hadde fortalt. Jamvel no, når eg har duplisert mine 16 år nokre gonger, slit eg med å skjøne djupna i personlegdomen til Tor Jonsson.

For våre vegar var så ulike. Eg er jenta fødd med sølvskei i munnen – på solsida dess meir. Tor var husmannsguten som ikkje ein gong fekk bli buande på den vesle plassen der han vart fødd. Far hans blei kasta ut frå Prestkroken etter lang og bitter strid, og sonen kjempa store delar av livet ein dagleg kamp for å ha pengar til brød på bordet.

Ja opphavet til Tor Jonsson syng gjennom livet hans, slik ein kan lesa om det i biografien Ingar Sletten Kolloen skreiv i 1999 (Samlaget).

DILEMMA

Meir enn ein firedel av dikta til Tor Jonsson handlar om einsemd. Og stadig kommenterar diktaren at han saknar ei kvinne ved sida si. Skal vi tru på kjærleiksdikt frå ein slik ein, spør journalisten Marianne Lystrup. Kan den unge forstå? Må det levd liv til? Kva veit Tor Jonsson om kjærleik?

Han fortel om korleis Johannes Johnsen, far til Tor, vart fødd utanom ekteskap og sendt vekk til ein oppvekst på legd. Men han fortel òg om ein person med ualminneleg god oppdrift, og sterk vilje til å arbeida seg opp og fram. Den strie viljen ser det ut til at sonen arvar.

Dessverre kan det sjå ut til at han også arvar den bitre kalken. Og striden mot bygdadyret som glefser etter han dersom han vågar seg frampå og trur han har noko å fare med, fører med seg eit mismot som grev seg inn i sjela, så han knapt vågar å tru på det gode i livet.

Vogga til Tor sto i Lom, i Ottadalen – ein sidedal til Gudbrandsdalen, midt under første verdskrigen. Mi femtitals låge barnevogn rulla i Vinje i Telemark. Ein skulle tru det ikkje var så ulikt. Men jammen er det langt frå Lom til Vinje likevel.

Slik er mine eigne røynsler, og ulikskapen har Tor Jonsson sjølv vore inne på, då han svarte på eit framlegg om å ta navnet på bygda si med i kunstnarnavnet då han debuterte som lyrikar i 1943, slik Åsmund Olavsson Vinje hadde gjort.

Han freser: «Det kunne høve for honom, men aldri for meg. Kva har eg fått av heimbygda?»

Urealistisk von

Han er ofte sint, Tor Jonsson. Som redaktør i Hallingdølen kjempar han mot kristenfolket. Han skuldar dei for maktsjuke og hykleri. Andre juledag i 1946 melder han seg ut av kyrkja.

Han høgg også kvasst mot bygdadyret så snart han får sjansen. I dag ville vi ha kalla han tabloid.

Ei veke etter at han vart tilsett i Dølabladet i 1945, fleskar han til på førstesida: «Kom ut or dei mørke krokane. Det er ikkje anna som trivst der enn mygla åndsliv».

Nei, bygderomantikk ligg ikkje for Tor Jonsson. Han er frontkjempar med penn og blekk. Han kjempar for dei små i samfunnet.

Han opnar ei dør inn til overraskande måtar å tenkje om kjærleik på.

Arbeidarrørsla blir hans for ei tid, jamvel kommunist vil han vera, men ingen av desse kan han gje seg heilt til, for der er det sider som han ikkje kan støtte.

At AP stør medlemskap i Nato, og at kommunistane vil bruke vald for å nå sine mål, er slikt den pasifistiske diktaren ikkje kan vera med på. Men i poesien er det ikkje mykje kameratskap og samhald.

Kolloen har talt opp: Meir enn ein firedel av dikta handlar om einsemd. Og stadig kommenterar diktaren at han saknar ei kvinne ved sida si.

«Eg brann for alle arme

og stod i broderring,

men åtte ikkje kjærleik

og difor er eg ingen ting.»

(Frå diktet Eg åtte ikkje kjærleik som er noko av det siste han skreiv, og først vart gitt ut 24 år etter at han døydde.)

Skal vi tru på kjærleiksdikt frå ein slik ein? Kva veit han om kjærleik?

«Nærast er du når du er borte…» Ja om han kjende det slik, han som «ikkje åtte kjærleik», korleis høver det for ein nyforelska sekstenåring? Eller for den som meiner seg å ha funne kjærleik, og som har levd med ein elska person i lang tid?

Kan hende er ikkje skyldskapen så langt unna som ein skulle tru. Men det er sjeldan at eit sekstenårig hjarte har nok røynsle til å kjenna det på den måten. Det må litt levd liv til. Kan hende er det slik at kjærleik har så mykje urealistisk von i seg at han er nøydd til å bli skuffa.

Men når den kjæraste er borte, kan draumen om han få eit lite overtak på røynda, den verkelege personen med alle sine sider som det ikkje er så lett å elska. Det tek litt tid å erkjenna det og finna måtar å leva med det på.

Men var det noko Tor Jonsson hadde greie på, så var det å bli skuffa. Slik opnar han ei dør inn til overraskande måtar å tenkje om kjærleik på. Men det er ikkje meir klårgjerande enn at han konkluderer: «Eg veit ikkje kva det er».

Nei, ingen av oss veit vel heilt kva kjærleik er, og mange har kjent seg rådville i balinga med han. Likevel held vi fram å søkje, halde og styrkje denne krafta som vi trur er størst av alt. Iblant blir det så mykje bal at vi kan vera freista til å skriva under på eit anna av Tor Jonssons kjærleiksdikt,

Fattig ynskje:

Var eg ein Gud,

ville eg skapa

ei stillare verd.

Der skulle alle elske.

Var eg ein Gud,

ville eg skapa

kjærleik og død,

berre kjærleik og død.

Det står og ropar som ei slags gravskrift over han dette. Bak det reine ynsket ligg smerta over alt som ikkje gjekk slik han ville i livet.

All motgangen han møtte og den han trudde han møtte, draumane som han ikkje let få vinger, kjærleiken han ynskte seg så desperat, døden som lokka med kvile når mismotet ruga over han. Han levde sterkt med desse to kreftene, kjærleik og død.

Men jamvel om han strekte seg mot kjærleiken, torde han ikkje heilt. Dødskreftene beit han stadig i hælane og til sist var det døden han satsa på i sitt unge liv.

Får aldri vite

Tenk om han hadde satsa på kjærleiken?

Tenk om oppveksten hadde vore mindre prega av klasseskilje, av storfolk som dukka småkårsfolk, tenk om far hans hadde vunne kampen om husmannsplassen så sonen kunne ta med seg trua på siger i livet, tenk om jenta han trådde etter, brende av lyst attende, tenk om han hadde våga opne seg og dele dei tyngste tankane med nokon…

Aldri får vi vite kva som ville ha skjedd. Men vi har nokre diktperler å grunne over. Og vi har våre eigne liv å bale med. Om vi ikkje fullt ut kan skjøna livet til diktaren, har vi verket som kan tala til oss anten ein sit i varmen på solsida og iblant kjenner kulden bita i ryggen, eller ein gnurer livet sitt fram med bittert strev. Inst inne er vi alle åleine.

Og alle lesarar er med og skapar verket, på nytt og på nytt.

Og kan hende hadde Tor Jonsson ekspertise på dette feltet likevel: Det er mykje einsemd i kjærleik.

Før var kveldane fylte

med susing frå vind og foss.

No ligg ein bortgøymd tone

Og dirrar imellom oss.

(Ei dagbok for mitt hjarte, 1951)

Tor Jonsson - 100-års jubileum

  • Det er hundre år sidan diktaren Tor Jonsson vart fødd på husmannsplassen Prestkroken i Lom. Han vart berre knapt 35 år gammal. Jonsson var diktar, men også prosaforfattar og journalist. Eit av dei mest kjende dikta hans er «Når du er borte». Han ga mellom anna ut diktsamlingane «Mogning i mørkret» (1943), «Berg ved blått vatn» (1946), «Jarnnetter» (1948) og «Ei dagbok for mitt hjarte» (1951).
  • Både livet og dikta til Tor Jonsson er fulle av kontrastar. Han skriv om liv, død, kjærleik, hat, bygd og by, draum og røyndom. Lengten etter kjærleik og liv og på same tid dødslengt og dødsangst går att i forfattarskapen. Trass pengar og kunstnarleg suksess tok Tor Jonsson sitt eige liv vinteren 1951.
  • I jubileumsåret 2016 har det vore mange Tor Jonsson-arrangement. I september vart det mellom anna arrangert «Diktardagar» i Lom, Skjåk og Vågå. Under litteraturfestivalen på Lillehammer var det framsyning av teaterstykket «Berre kjærleik og død». Den 22. oktober arrangerast «Konserten Tor Jonsson – 100 år i kjærleik og død» under nynorske litteraturdagar i Aurland. Den 26. oktober er det kåseri og musikk på Bekkestua bibliotek under overskrifta «Bygdedyret og andre skrømt hos Tor Jonsson».
  • Nyleg kom boka «Tor Jonsson. Eit ord er eit under. Tekster i samling» ut. Den er redigert av Håvard Teigen, og har forord av Jon Fosse.
Kjelder: Jubileumsmagasinet «Tor Jonsson 1916-1951» og www.torjonsson.no
Powered by Labrador CMS