Søk her
Sted
Oslo
Søknadsfrist
Snarest
Kontakt

BEATE OTTEM SVANES
ISCO Group
Tlf.: 22 06 87 00

BENDIK NICOLAI BLINDHEIM
ISCO Group
Tlf.: 22 06 87 00

CATHRINE M. LOFTHUS
Departementsråd
Tlf.: 22 24 84 07

OLE T. ANDERSEN
Ekspedisjonssjef
Tlf.: 22 24 83 66

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD)

Kommunikasjonsdirektør

Kommunikasjonsdirektør

Helse- og omsorgsdepartementet {(HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken, for kommunale helse- og omsorgstenester, og for spesialisthelsetenesta, samt for e-helse, helserett og eigarskapsforvalting av helseføretaka. Les meir om oss på regjeringa.no.

Kommunikasjonseininga har ansvar for departementet sitt strategiske og operative kommunikasjonsarbeid, for nyheitsovervaking og kontakt med media. Arbeidet skjer i nær dialog med departementet sine fagavdelingar og politisk leiing.

 

Kommunikasjonsdirektør med solid samfunnsforståing

Som kommunikasjonsdirektør i Helse- og omsorgsdepartementet leier og koordinerer du kommunikasjonsarbeidet innan eitt av dei mest sentrale politikkområda. Helse angår alle, engasjementet er stort og debattane mange.

Vi søker ein samfunnsengasjert og tillitvekkande leiar med god rolleforståing og innsikt i offentleg forvaltning og politiske prosessar. Aktuelle kandidatar har erfaring med strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid, gjerne frå ein større organisasjon, og har eit godt blikk for utviklinga i mediebildet. Det er viktig å kunne bygge gode lag og kontaktnett, og å skape tillit internt og eksternt.

Arbeidsoppgåver
Som leiar av kommunikasjonseininga i departementet får du mange spennande og utfordrande oppgåver innan strategisk og operativ kommunikasjon.

Kommunikasjonsdirektøren skal gi kommunikasjonsfaglege råd til politisk leiing, departementsråd, fagavdelingane i departementet og helsesektoren elles. Du må evne å tenke heilskapleg og langsiktig om korleis departementet framstår.

Du har også ansvar for innhald og utvikling av departementet sine nettsider på regjeringa.no og departementet sitt stadig meir omfattande arbeid med sosiale medium.

Kommunikasjonsdirektøren er ein del av toppleiinga i departementet og rapporterer til departementsråden. Du vil leie ti erfarne og dyktige medarbeidarar i kommunikasjonseininga.

Vi søker ein leiar som

  • er tydeleg og trygg i leiarrolla
  • er god til å leie og motivere medarbeidarane, også under press
  • har solid gjennomføringsevne
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har god rolleforståing og høg personleg integritet
  • er resultat- og utviklingsorientert
  • har stor arbeidskapasitet og trivst med ein hektisk arbeidskvardag der det ofte er svært korte fristar
  • held roa i krevjande situasjonar

Ved val av ny kommunikasjonsdirektør vil det bli lagt vekt på

  • høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande
  • relevant leiarerfaring, gjerne frå ei kommunikasjonseining i større organisasjon
  • brei kommunikasjonsfagleg erfaring, inkludert strategisk og operativ kommunikasjon og krisekommunikasjon
  • politisk teft – god forståing for samspelet mellom politikk, fag og forvaltning
  • brei kontaktflate i norske medium
  • innsikt i korleis tradisjonelle og nye medium påverkar kommunikasjonsarbeidet
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • gode engelskkunnskapar
  • helsepolitisk innsikt og grunnleggande kunnskap om helse- og omsorgssektoren er ein fordel

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Den som blir tilsett, må kunne bli sikkerheitsklarert for strengt hemmeleg.

Vi tilbyr

  • lønn etter avtale
  • spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • eit fagleg kompetent arbeidsmiljø med engasjerte og trivelege kollegaer
  • fem veker ferie, fleksitidsordning og gode velferdsordningar

 

Ta gjerne fortruleg og uforpliktande kontakt med Beate Ottem Svanes eller Bendik Nicolai Blindheim i ISCO Group, tlf. 22 06 87 00.

For meir informasjon kan du kontakte departementsråd Cathrine M. Lofthus, tlf. 22 24 84 07 eller ekspedisjonssjef
Ole T. Andersen, tlf. 22 24 83 66

Registrer søknad med CV så snart som råd, og seinast innan 15. april 2023 på webcruiter.no

Etter at søknadsfristen er ute, blir det utarbeida ei offentleg søkarliste. Vi gjer merksam på at dersom du har eit ønske om unntak frå offentleggjering må du grunngi dette og legge ved søknaden. Søkarar som har bedt om konfidensiell behandling, kan likevel bli ført opp på søkarlista. I så fall blir søkaren varsla før offentleggjering.

Søknadsfrist: 15. april 2023.