Fra papirutgaven

Forfattar Agnes Ravatn synest at filosofien bør bestrebe seg meir på å gi oss konkrete navigasjonsverktøy for tilveret.

Med sans for skjeggete menn i toga

Ho er litt obsternasig, Agnes Ravatn. ­Tidsklemma løyste ho ved å kalle debut­romanen sin for «Veke 53», og no er ho på jakt etter «Stoisk Uro» mellom to permar.

Publisert Sist oppdatert

Det er ein vakker dag i oktober. Vi kjem på digital vitjing til Agnes Ravatn. Forfattaren har forlate by og asfalt og plasking i den kulturelle hovudstadsdammen og slått seg ned på eit småbruk i Valevåg, omkransa av skog, fjell og sauer.

Vi kjem i grålysninga, plenen er slått for siste gong denne sesongen, sauene står inntil gjerdet og ventar på si halve bøtte med kraftfor som dei får til frukost, og lauvet er gult og heng laust på kvisten, klar til å blåse ut over jordet. Veret er lettskya, ikkje noko nedbør, og det er svak vind frå sør-søraust. Generelt er dårleg ver bra for arbeidsevna. Det er vanskelegare å bite seg fast til skrivebordet når sola for ein gongs skyld skin, vedgår forfattaren.

Dilemma

Er det nok at filosofi er store spørsmål utan klare svar? Eller bør filosofien bestrebe seg meir på å gi oss konkrete navigasjonsverktøy for tilveret i staden for å framleis henge fast i spørsmål som «kva gjer mennesket til menneske?» eller «korleis kan vi vite at vi er til?». Agnes Ravatn, forfatter av boka «Stoisk uro», går for den siste varianten.

Bygda ho bur i

Vi kjem stiltrande inn gjennom internettet, som ho omsider har fått installert. For heilt avgrensa frå verda utanfor tunet kan ein jo ikkje vera når ein vil ta del i samtida. Og det vil ho. Så her sit vi i arbeidsrommet. Eg på skjermen og Ravatn på stolen framom. Kan hende med dagens fyrste kaffikopp – eg ser ikkje klårt her frå skjermen.

Foto – Stoikarane var infernalsk opptatte av å nytte tida si her på jorda best muleg; utnytte kvart minutt av dagen godt, leve som om kvar time var din siste. Det meiner eg er eit naturleg ideal som dessverre fort kan bli veldig masete. På eit tidspunkt vil det resultere i manisk evaluering av alle handlingar og val, og nettopp ro vil bikke over i uro, seier Agnes Ravatn, forfattar av boka «Stoisk uro». Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Kvar ville du teke meg med om eg hadde dukka opp heilt analogt?

– Eg ville ha gitt deg ei omvising i Fartein Valens vakre sveitservilla eit steinkast unna, der det meste står slik han forlet det i 1952, og der Bach heng over Jesus på arbeidsrommet. Og så skulle eg vist deg den spektakulære, verneverdige Einstadbøvoll gard, der landets første sykkel såg dagens lys!

– Kva er det med Fartein Valen sitt hus som du likar, er det arkitekturen eller musikken i veggane?

– Huset kan minna oss på at det nyskapande og moderne slett ikkje alltid skjer i byane. Folk her i bygda er vant til grensesprengande og banebrytande kunst fordi vi hadde Fartein Valen som nabo. Det er 70-åringar i bygda som hugsar at dei sat på fanget hans då dei var barn. Ofte tenkjer ein på bygda som trangsynt og bakstreversk, og byen som ein stad der det veks fram avantgardekunst og modernistiske retningar, men i mange tilfelle er ikkje det sant. Slik som her. I denne bygda synest vi ikkje at atonal musikk er så spesielt. Og så er det jo eit vakkert hus då.

Eg er generelt opptatt av praktisk nytteverdi

– Ganske negativ

– Denne interessa di for filosofi, kvar kjem ho frå?

– Eg har nok alltid hatt ei greie for skjeggete menn i toga. Eg var interessert i Sokrates og antikken i det heile då eg var liten. Eit høgdepunkt i livet var då foreldra mine kjøpte Sofies verden-dataspelet til meg i 1997, der ein skulle trippe rundt og løyse ulike filosofiske gåter. Det heldt eg vel på med eit års tid før eg blei altfor tatt av tenåra.

– Er det lettare å vera filosofisk på eit småbruk frå 1880 enn mellom bilar, trikkar og tiggarar i Tigerstaden?

– Det trur eg ikkje nødvendigvis. Ein lever jo tettare på den forholdsvis urørte naturen her, og det kan kanskje setje ein meir i forbindelse til farne tider, og gjere at ein enklare vil gjere seg tankar om det uforanderlege i menneskenaturen og menneskets grunnvilkår. Mens bylivet truleg vil stimulere meir til filosofering rundt modernitet, politikk, og etikk.

Foto Agnes Ravatn er romanforfattar, og skal ikkje omskolera seg. Då ho i si tid flytta på bygda, var det for å skrive om forfattar Einar Økland. Det blei ei bok om ein forfattar som óg syner ei intens glede over alt praktisk. Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

– Det er lett å tenkja på filosofi som luftige greier, men det verkar som om du har eit matnyttig forhold til han. Litt som ei kokebok for livet…?

– Ja, eg er generelt opptatt av praktisk nytteverdi! Det blir ein gjerne med små born i huset. Då er det viktig at ting fungerer. Alt som tilhøyrer åndslivet mistar litt verdi dersom det ikkje òg kan hjelpa oss i kvardagen. Det er fint å få hjelp til å vita korleis ein skal oppdra ungar eller behandla naboar, ja løyse kvardagslege dilemma. Det har kan hende med livsfaser å gjera. Ein er ofte veldig eksistensiell i 20-åra, opptatt av store spørsmål, men jo eldre ein blir, dess mindre blir spørsmåla. Det har nok noko med tida og kreftene å gjera, trur eg. Og konklusjonen i boka, iallfall den delen der eg testar ut dei ulike filosofiske skulane i kvardagen, er vel ganske negativ. Eg synest generelt at filosofien bør bestrebe seg meir på å gi oss konkrete navigasjonsverktøy for tilveret i staden for å framleis henge fast i spørsmål som «kva gjer mennesket til menneske?» eller «korleis kan vi vite at vi er til?». Hallo.

Bikkar over i uro

– Kan filosofane hjelpa oss med å finna oppskrifta på fridom?

– Det kan dei sikkert, men kva er fridom? Det må ein fyrst finna ut, og det i seg sjølv er eit veldig stort filosofisk spørsmål. Det blir mest uhandterleg.

– Ja, vi rekk det vel ikkje før lunsj…

Agnes Ravatn skriv dansande lett om dei store filosofiske djupa i boka som har fått den ordspelande tittelen «Stoisk uro». Ho sprett hemningslaust mellom dagens dialektar fulle av hashtags, pjatt, terningkast og mammabloggar, og filosofiske formuleringar som har tolt tygging frå tidas tann i fleire hundreår. Ein stad skriv ho: «Eg blei lykkeleg over å kjenne meg så i slekt med ein av dei store filosofane i historia og begynte straks å hallusinere om at eg sjølv, i og med denne sterke identifikasjonen, kanskje òg var ein av verdas største tenkarar, berre at eg var alt for smålåten til å innsjå det sjølv.»

Eg er ikkje filosof, og har ikkje lyst til å bli det

– Korleis fall hallusinasjonen ut? Er du sjølv filosof, eller berre siterer du frå det filosofane har tenkt før?

– Eg er ikkje filosof, og har ikkje lyst til å bli det!, konstaterer ho fort.

– Stoikarane er berømde for si djupe ro, men boka di heiter «Stoisk uro». Er det berre for å vera obsternasig eller å sjonglera med ord, eller har du funne noko nytt, verdifullt som kan hjelpa oss i kavet?

– Stoikarane var infernalsk opptatte av å nytte tida si her på jorda best muleg; utnytte kvart minutt av dagen godt, leve som om kvar time var din siste. Det meiner eg er eit naturleg ideal som dessverre fort kan bli veldig masete. På eit tidspunkt vil det resultere i manisk evaluering av alle handlingar og val, og nettopp ro vil bikke over i uro.

Foto Agnes Ravatn var interessert i Sokrates og antikken i det heile då ho var liten, og det var eit høgdepunkt då ho fekk det filosofiske Sofies verden-dataspelet i 1997. På bildet: Sokrates-statue av Johann Schnegg. Foto: Wikimedia commons

Svak for Aristoteles

– Kven er favorittfilosofen din?

– Eg er svak for Aristoteles, som var så usannsynleg allsidig, og så til dei grader på sporet i ei lang rekke store spørsmål – og heilt på villspor i andre spørsmål, til dømes det som gjeld kvinnesyn. Aristoteles argumenterer for at kvinner er uegna til å drive med politikk fordi kvinner av natur er grunnleggjande passive. Så der var Platon langt meir framsynt. Men i Etikken står Aristoteles seg veldig godt. Kva som er eit godt liv, kva er lykke? Det er vanskeleg å overgå Aristoteles når det kjem til mange av dei store, grunnleggjande spørsmåla menneska slit med.

– Korleis påverkar livet med små born filosoferinga di?

– Det blir jo gjerne sagt at barn er fødde filosofar som stiller spørsmål om stort og smått og møter verda med stor undring. Men det blir veldig enkelt. Det blir ikkje filosofi berre ein seier «kva er det» og «kvifor det» til absolutt alt. Og når mine eigne filosofiske funderingar til stadigheit blir avbrote av spørsmål om alt frå anleggsmaskinar til spøkelse, så blir det som det blir.

– Men trass i travle tider med små barn, kjem det ny roman etter kvart?

– Ja, det må det jo gjere. Eg ser på meg sjølv som romanforfattar og har ikkje lyst til å omskolera meg, seier Ravatn, som har fått svært god mottaking av bøkene ho har gitt ut så langt. Og suksess er som kjent ikkje berre lett å bera.

– Korleis påverkar suksessen din deg?

– Den påverkar meg negativt. Eg plagar meg med at både eg og mine innbilte lesarar har stadig høgare forventningar til meg. Men eg prøvar å la vere å tenkje så mykje på det og i staden hugse korleis det var med den uhilda skrivegleda, seier Agnes Ravatn.

Powered by Labrador CMS