Samfunn

Illustrasjonsfoto.

Fleire gutar enn jenter presterer på høgaste meistringsnivå i rekning og engelsk

Publisert Sist oppdatert

Hausten 2017 gjennomførte cirka 60 000 elever på 5. trinn nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk. Onsdag la Utdanningsdirektoratet fram tal frå nasjonale prøvar.

Resultata syner blant anna at fleire gutar enn jenter presterer på høgaste meistringsnivå i rekning og engelsk og at færre jenter enn gutar presterer på lågaste meistringsnivå i lesing.

Jentene har i snitt to poeng meir enn gutane i lesing, mens i engelsk og rekning har gutane to skalapoeng meir enn jentene. Dette biletet har ikkje endra seg dei siste åra.

I Nordland presterer færre elevar på lågaste meistringsnivå i rekning, mens i Bærum og Oslo presterer meir enn kvar tredje elev på høgaste meistringsnivå.

Små endringar i prestasjon

Gjennomsnittlege poeng i engelsk og rekning er dei same som i 2014, 50 skalapoeng.

Fordelinga på meistringsnivå stadfestar ytterlegare at elevane sine prestasjonar er relativt stabile over tid, men det har likevel vore ein svak nedgang i den delen elevar som presterer på lågaste meistringsnivå på dei tre prøvene.

På leseprøva, der Utdanningsdirektoratet starta med måling av utvikling over tid i 2016, er det for tidleg å seie noko om trend.

I både rekning og engelsk har den delen elevar som presterer på det lågaste meistringsnivået, gått ned med 1,6 prosentpoeng frå 2014 til 2017. Det betyr 900 færre elevar som presterar på lågaste meistringsnivå.

Fleire får fritak

Deltakinga på dei nasjonale prøvene på 5. trinn er generelt høg, 93 prosent i lesing og engelsk og 94 prosent i rekning. Deltakinga er dermed ein-til-to prosentpoeng lågare enn for 8. trinn. Skolane fritek i snitt 4,7 prosent i rekning og 5,5 prosent i lesing og i engelsk.

Til dømes blir 3.400 av 62.600 registrerte elevar fritekne på leseprøva.

Dette er elevar med enkeltvedtak om anten spesialundervisning eller særskild språkopplæring. Desse kan bli fritekne frå nasjonale prøver når det er klart at resultatet frå prøva ikkje vil ha noko å seie for den vidare opplæringa til eleven.

I tillegg til fritekne elevar er det også elevar som ikkje deltek på prøvene på grunn av dokumentert eller udokumentert fråvær. På 5. trinn er dette mellom 1,3-1,5 prosent i 2017, noko som tilsvarer rundt 800-900 elevar.

Den delen elevar som blir fritekne, aukar med 0,6 prosentpoeng frå i fjor på alle prøvene. Samtidig går den delen som ikkje deltek, ned med 0,2 prosentpoeng i lesing og engelsk og 0,3 prosentpoeng i rekning. Samla sett går derfor deltakinga litt ned samanlikna med i fjor.

Elevar i Oslo gjer det best

Det skil fem poeng mellom fylket med høgast og lågast poeng både i lesing og engelsk, og fire poeng i rekning. Fordelinga av elevar på meistringsnivå viser tydeleg at det er størst skilnad mellom fylka i delen elevar på det høgaste meistringsnivået.

Det er særleg Oslo som skil seg ut ved at mange elevar presterer på det høgaste meistringsnivået. I lesing presterer om lag 35 prosent av elevane i Oslo på det høgaste meistringsnivået i lesing.

Til samanlikning presterer 28 prosent av elevane i Akershus på det høgaste meistringsnivået i lesing. Oslo har også færrast elever på det lågaste meistringsnivået. Særleg i engelsk er den delen som presterer på det lågaste meistringsnivået i Oslo, langt lågare enn landsgjennomsnittet.

Elevane sine prestasjonar i dei ulike fylka endrar seg marginalt i engelsk og rekning frå 2016 til 2017. Samanlikna med 2014 har det vore størst endring i Nordland. I snitt presterer elevane i Nordland to poeng betre i rekning, og den delen elevar som presterer på det lågaste meistringsnivået, har gått ned med åtte prosentpoeng sidan 2014.

Store variasjonar mellom fylka

Fritaksprosenten varierer frå ti prosent i nokre fylke til tre prosent i andre fylke. Den delen elevar som ikkje deltek, varierer frå fire prosent til under éin prosent.

Finnmark fritek flest elevar frå alle prøvene på 5. trinn. Akershus har lågast fritaksprosent, og har samtidig ein relativ låg del som ikkje deltek. Deltakingsprosenten er derfor høgast i Akershus med over 95 prosent. Nordland har gjennomgåande den høgaste delen som ikkje deltek.

– Når det gjeld den delen som blir friteken, er det gode grunnar til at denne varierer mellom fylka. Kor mange elevar som blir fritekne i eit fylke, har nær samanheng med kor mange elevar som har vedtak om særskild språkopplæring eller spesialundervisning. Det er derimot ingen gode grunnar til at den delen som ikkje deltek, skal variere mellom fylka i så stor grad, skriv Utdaningsdirektoratet.

Powered by Labrador CMS