Samfunn

I Oslo er 8,7 prosent av innbyggerne medlem i et islamsk trossamfunn, i fjor var andelen 9,1 prosent. Bildet viser Norges største moské, Central Jamaat Ahle-Sunnat på Grønland i Oslo.

Muslimske trussamfunn veks, medan kristne mistar medlemmar

Publisert Sist oppdatert

Islamske trussamfunn har dobla medlemstalet på ti år og heldt fram med å vekse i fjor. Dei kristne motstykka mista på si side medlemmer, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Dei kristne trussamfunna er framleis størst med totalt 340.000 medlemmer.

Dette er ein nedgang på omlag 10.000, eller 3 prosent, frå året før. Dette skuldas særskild Svenska Margaretaförsamlingen som har gått ned frå omlag 22.000 til 10.000 på eit år – ein nedgang på heile 56 prosent.

Dei kristne trussamfunna hadde i fjor 55 prosent av alle medlemmer utanfor Den norske kyrkja.

Dobla på ti år

Talet på medlemmer i islamske trussamfunn har på si side meir enn dobla seg dei siste ti åra. Frå 2016 til 2017 auka medlemstalet med 3 prosent til 152.000, medan det tilbake i 2006 låg på 72.023.

25 prosent av alle medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja er no medlemmer i islamske trussamfunn.

Talet på medlemmer i Human-Etisk Forbund var 89.400. Det er ein auke på 2.500 medlemmer frå året før.

Andre livssynssamfunn hadde på det same tidspunktet 3.500 medlemmer, som òg er ein auke på over 700 frå året før.

Powered by Labrador CMS