Fra papirutgaven

Born av si tid

Er du ung i dag, er sjansen stor for at du ønskjer å ha alle mulegheiter opne. Du verdset ærlegdom og transparens. Du vil realisere deg sjølv. Og du er ikkje slik som foreldra dine var.

Publisert Sist oppdatert

I tiår etter tiår har unge blitt forska på, den eine generasjonen etter den andre: frå Gerhardsen-generasjonen til sekstiåttarane, frå sekstiåttarane til Generasjon X, og frå Generasjon X til det som berre ettertida vil gje eit klart namn på, men som forskarar til no har kalla «Generasjon lydig» og «Generasjon alvorleg».

Kvifor blir generasjonane så forskjellige? Kva er det som gjer den eine generasjonen opprørsk og rebelsk, medan ein annan utviklar nære venskap med foreldra sine?

– I det samfunnet du veks inn i, vil det alltid vere eit eller anna som skjer, og den oppveksande generasjonen vil i stor grad bli forma av problema i samfunnet, seier Gunnar Aakvaag, sosiologiforskar ved Universitetet i Oslo.

I 2013 provoserte han mange ved å skrive ein kronikk i Aftenposten der han kalla dagens unge «Generasjon lydig». Han meinte at dei var den første generasjonen i etterkrigstida utan eit kollektivt politisk prosjekt, og at det var ungdommen si «fordømte plikt» å utfordre det eksisterande.

Aakvaag opplevde nemleg at alle generasjonane etter krigen hadde utfordra status quo: Gerhardsen-generasjonen bygde landet, frå fattigdom og krig til velstand. Sekstiåttarane protesterte mot autoritetar, krig og kvinnediskriminering, og den såkalla «Generasjon X» harselerte med det meste.

Ein ny normalitet?

Etter at Aakvaag skreiv kronikken, har han lurt på om dagens ungdomsgenerasjon ikkje er så uvanleg likevel. Kan dei vere eit bilete på det som vil kome, spør han seg.

– Eg har ofte tenkt at Generasjon lydig er den unormale generasjonen, at det er normalt å gjere opprør. Ein annan hypotese er at dei representerer ein form for ny normalitet, og at dei tidlegare generasjonane har vore unntaka. Derfor blir det spennande å sjå kva neste ungdomsgenerasjon vil gjere, om dei blir opprørske eller streite, seier han.

Guro Ødegård, forskar ved Institutt for samfunnsforskning, trur at det er sekstiåttarane og Generasjon X som har vore avvik frå normalen. Ho meiner at berre desse generasjonane, og ikkje Gerhardsen-generasjonen, markerte ein avstand det etablerte. Uansett er dagens unge i langt større grad enn dei to føregåande generasjonane samde med foreldra.

Vil utvide handlingsrommet

Norske ungdommar er unge i verdas rikaste land. Dette får dei stadig høyre. «Den som ikkje klarer å lykkast her, må vere verdas største tapar,» uttalte ei i analyseselskapet Opinion sine spørjeundersøkingar.

Ei årsak til at unge opplevast meir lydige og alvorlege enn tidlegare, kan rett og slett vere at dei slik skaper større mulegheiter for seg sjølv.

– Skulle ungdom gjort opprør i dag, ville det mellom anna vore ved å gje totalt blaffen i skulen. Men dei gjer ikkje det. Ein utvidar ikkje handlingsrommet sitt ved å droppe skulen eller sitje på bakre benk og pøble. Ein innskrenkar det, seier Guro Ødegård.

I motsetnad til sekstiåttarane, som var opptekne av å sprengje grenser for å få meir fridom, må ikkje dagens unge kjempe mot foreldra for å auke handlingsrommet sitt. I staden må dei kjempe mot seg sjølve, for å auke yteevna si, meiner Ødegård.

– Medan unge, skuletrøtte ungdomar tidlegare kunne reise til sjøs eller ta seg jobb på fabrikken, er ikkje dette alternativet til stades på same måte i dag. 1960-tals-ungdommen fekk fridomen sin gjennom arbeidslivet, 2010-generasjonen får fridomen sin gjennom utdanning. Det finst ikkje eit alternativ, seier ho.

Ho meiner at unge i dag må forvalte ungdomstida som ein verdifull kapital for framtida.

– Skulen må meistrast og kroppen må trenast. Kjem du på etterskot, må du betale for det seinare. Dette er fridomens pris: Du står åleine, og presset blir ditt eige. Mange opplever å bere på eit stort ansvar, og eg trur dette er ei viktig forklaring på at fleire unge enn før seier dei blir stressa og søvnlause.

Ærlegdom og transparens

Sjølv om dagens unge ikkje kjem med dei høglydte protestane, etterlyser dei likevel eit større nærvær av enkelte verdiar. Ifølgje analyseselskapet Opinion skårar eigenskapar som å vere open, omtenksam og respektfull enda høgare hos dei som er i tenåra eller tjueåra i dag, enn dei gjorde tidlegare. Dette er ord mange unge bruker om seg sjølve, og dei ventar også ærlegdom og transparens frå verksemder, politikarar og sjefar.

– Dei er leie av politikarar som aldri kan endre meining. Det er ikkje ekte i det heile tatt, det fortel dei oss gong på gong, seier Ole Petter Nyhaug, partner i Opinion.

Guro Ødegård er usikker på årsaka til ei slik utvikling. Ho trur forklaringa kan liggje i det store alvoret som pregar dagens unge – og at dette fører med seg verdiar som respekt og ærlegdom.

22. juli-generasjonen?

Store hendingar set sitt preg på oss, særleg viss vi er unge. Etter terroråtaka i USA 11. september 2001 auka valdeltakinga i USA. Eit halvt år etter hadde deltakinga blant vaksne gått ned igjen, men blant unge var ho framleis høg. Og slik vart ho verande. Forskarar har meint at unge sine stemmer kan ha betydd mykje for at president Barack Obama fekk makta heile sju år seinare.

– Samfunnshendingar har ofte ein tendens til å vere med ungdomsgenerasjonen vidare i livsløpet, seier Ødegård.

Ho trur at 22. juli 2011 var ein viktig referanseramme for norske ungdommar, og at terroråtaka i Regjeringskvartalet og på Utøya kan prege dei som var unge i 2011 i lang tid framover. Medan vaksne eit år etter rapporterte at samfunnet var blitt som før, meinte unge det motsette. Etter 22. juli har valdeltakinga blant unge vore merkbart høgare enn før, og dei store, etablerte partia som Høgre og Arbeiderpartiet er dei mest populære.

– Kor vidt terroråtaka blir ei hending som set varig preg på dei som var unge då, vil berre framtida vise. Men hendinga fekk unge til å føle at noko stod på spel, og det vart meiningsfullt å ta del, seier Guro Ødegård.

Powered by Labrador CMS