Foto

Dimarik16 | Dreamstime.com

Gode vurderingar om varsling, men behov for meir drøfting

Publisert: 22. mai 2019 kl 07.43
Oppdatert: 22. mai 2019 kl 09.34

SYNSPUNKT:  Ola B. Mannsåker er statsvitar og omvarsla.

Stortinget handsamar i denne vårsesjonen Prop 74 L (2018-2019) Endringar i Arbeidsmiljøloven (varsling).  Lovforslaget er ei oppfølging av vedtak etter representantforslaget frå Arbeidarpartiet i 2015, om å ivareta varslaren på ein betre måte.

Sidan proposisjonen har til hensikt å ivareta ei ordning det er brei semje om, er det viktig at ordninga ikkje blir svekka. Arbeids- og sosialkomiteen kan derfor klargjera tre forhold for å sikra varslingsinstituttet.

For det første kan komiteen klargjera i kva for saker varsling er eit lite eigna verkemiddel.

Varslingssaker tek mange former. Varslingar kan vera relatert til økonomisk underslag, rusmisbruk, eller tjuveri frå arbeidsplassen. Dette er klare regelbrot og blir kalla «harde» varslingar. Oppfølging er vanlegvis ei gransking av fakta i saka, ei faktaundersøking. Varslingssaker som ikkje omhandlar klare lov- eller regelbrot, kallast for «mjuke». Døme på «mjuke» varslingar kan vera samarbeidsvanskar, mobbing eller mistanke om at kollegaer ikkje vil kvarandre vel.

«Mjuk» varsling kan vera symptom på ei latent konflikt. Konfliktar i arbeidslivet har sjeldan vinnarar. Eit sentralt spørsmål vert derfor korleis gode prosessuelle rammer kan dempa konfliktnivået utan å skada arbeidsmiljøet. Nøkkeloppgåva for Arbeidskomiteen er her å klargjera i kva for saker varsling og påfølgande gransking ikkje er eigna. Med andre ord, korleis kan komiteen leggja til rette for god konflikthandtering. Eit første skritt kan vera å sila ut saker som med føremon kan handterast av andre prosessuelle verkemiddel.

Saken fortsetter under annonsen

For det andre kan komiteen klargjera i kva for saker anonymitet er hensiktsmessig.  

Anonymitet i varslingssaker er eit krevjande tema. Å ha høve til å varsla anonymt er i visse saker riktig, fordi represaliar mot den som varslar ikkje er ukjent. Anonymitet er kanskje spesielt viktig i «harde» saker. Stel kollegaen din frå medisinskapet og er rusa på jobb? Det er ei sak som må handterast, gjerne utan at varslar er direkte part.

I arbeidskonfliktar og andre «mjuke» saker er det meir truleg at varslaren sjølv er involvert. Varslinga kan ha fleire involverte partar, men det er alltid ein part – den omvarsla - som er ansvarleg for det blir varsla om.

Arbeidskonfliktar er ofte eit samspel med fleire involverte. Fastlåste relasjonar kan vanskeleg løysast opp av ein part åleine. Deling av informasjon kan gi djupare innsikt for alle partar, og dialog kan vera eit viktig bidrag. Arbeidskomiteens innstilling kan derfor understreka at gode løysingar i «mjuke» varslingssaker ofte treng fleire partsinnlegg. Å setja seg ned og snakka saman kan vera både vanskeleg og nødvendig, men anonymitet er da ikkje mogleg.

I arbeidskonfliktar og andre «mjuke» saker er det meir truleg at varslaren sjølv er involvert

Og for det tredje kan komiteen klargjera kontradiksjonens plass.

Saken fortsetter under annonsen

Etter kvart som ein konflikt veks, tek partane til å forvalta si eiga historie. Partane kan ikkje lenger semjast om grunnleggjande fakta. Historiefortelling kan vera samlande for dei som er einige, men partane i ei varslingssak anerkjenner sjeldan historia til motparten.

Utgangspunktet for gransking er at ein trur på varslaren. Dei som granskar saka, kan vanskeleg uttrykka tilsvarande tru på den omvarsla. Faktaundersøking tek utgangspunkt i at varselsinnhaldet er korrekt. Det er historia til varslaren som skal verifiserast. På denne måten opplever mange at faktaundersøkinga blir eit partsinnlegg til fordel for den som varslar.

Når granskinga er ferdig, kjem tida for kontradiksjon. Parten det har blitt varsla mot, får no fremja si historie. To ulike historier ligg no på bordet. På den eine sida ligg innhaldet i varslet, understøtta av granskinga, og på den andre sida ligg kontradiksjonen.

Utgangspunktet for gransking er at ein trur på varslaren. Dei som granskar saka, kan vanskeleg uttrykka tilsvarande tru på den omvarsla

Slik det er i dag, kjem ofte kontradiksjonen for seint og blir tillagt for lita vekt. Eit tidleg inntrykk har fått festa seg og organisasjonen pressar på og vil tilbake til normal drift. Varslingsprosessen har no - med hjelp frå knappe tidsfristar - fått slagside. På dette punktet skil varslingsprosessen seg frå ein juridisk prosess. I rettsapparatet stiller to likeverdige partar, og retten har som prinsipp at ingen uskyldige skal dømmast.

Kjenner ein part i ei varslingssak seg urettvist handsama, kan kanskje ein rettsprosess retta opp noko. Å jakta på rettferd gjennom rettsapparatet kan på fleire måtar kosta mykje, og det er ikkje sikkert ein får det slik ein vil. Arbeidskomiteen kan bidra til å førebyggja premature slutningar ved å fasthalda at kontradiksjonen skal vera ein likestilt del av konklusjonsgrunnlaget.

Proposisjonen om varsling har fleire gode vurderingar. Likevel kunne praktiseringa og konsekvensane av dagens ordning vore drøfta meir inngåande.

Saken fortsetter under annonsen

Varslingsordninga blir svekka dersom dei overordna rammene for form, prosess og innhald er uklare.

Er alt varsling, blir ingenting varsling.