Sykepleiere ved isolatposten på Ullevål sykehus. To av mange som bidrar i den felles kampen mot koronasmitten.

Heiko Junge / NTB scanpix

Fellesskap funkar

Ragnhild Lied
Publisert: 17. april 2020 kl 07.50
Oppdatert: 17. april 2020 kl 08.18

Ragnhild Lied leder hovedorganisasjonen UNIO.

SYNSPUNKT. Vi er vande med å høyre at det er privat sektor som syter for verdiskapinga, medan det offentlege forbruker. No i krisetider er det fleire verdiar som gjeld, og vi ser kor avhengige vi er av kvarandre.

Det er no ein dryg månad sidan kvardagslivet blei omkalfatra for dei aller fleste av oss. I kampen mot koronasmitten innførde regjeringa dei mest «inngripande» tiltaka i fredstid. Vi har alle blitt stilt overfor nye krav.

Sjølv om regjeringa har varsla at landet gradvis skal opnast, er det ikkje over enno. Ikkje i Norge, og slett ikkje i store delar av verda elles.

Lærdom

Det er for tidleg å gjere opp status.Men vi kan alt no slå fast at vi har lært ein god del. Det eine er å vere audmjuk overfor det ukjende. Å vere usikker kan vere eit minst like godt utgangspunkt som å vere skråsikker. Også fagfolk er usikre og usamde, rett og slett fordi vi veit for lite om Covid 19.

Det andre vi kan slå fast er at fellesskap funkar. Og at tillit er gull verdt. Tillit til styresmakter og tillit mellom folk. Den eine krisepakken med milliardar av kroner har avløyst den andre. Ulike interesser skal ivaretakast i balansen mellom smittevern, bruk av personell, risiko og økonomiske konsekvensar.

Saken fortsetter under annonsen

Krisa har til fulle dokumentert verdien av trepartssamarbeidet. Og verdien av solidaritet og lagspel.

Yrkesgrupper av mange slag har strekt seg langt. Først og fremst i helsesektoren, sjølvsagt. Utdanningssystemet har vist nytenking og evne til å snu seg rundt. Foreldre har vore dobbeltarbeidande med heimekontor og leksehjelp. Også arbeidsgjevarar og eigarar har strekt seg. Det har vore forhandla i stor stil. Det har vore dugnad. Det har vore applaus. Vi får håpe den varer, og kjem til uttrykk i meir enn klappsalvar og tommel opp.

Avhengige av kvarandre

I krisetider ser vi ekstra tydeleg kor mange puslebitar det er i det store samfunnsspelet. Og kor sårbare vi er når bitar manglar i globale produksjons- og transportkjeder. Vi har mangla smittevernutstyr både fordi eige lager har vore for små og fordi vi har vore avhengige av produkt frå andre land.

Ein treng ikkje vente lenge for å slå fast at pandemiberedskapen må styrkast, og at vi på fleire område må vere meir sjølvberga.

Det er opplagt at vi ikkje kan stole på at «marknaden» ordnar opp i kriser som dette. Tvert imot. Det trengst godt politisk leiarskap og ein solid stat, ein sterk offentleg sektor.

Kanskje innser fleire no at marknadsinspirerte styringssystem og kuttstrategiar kan svekkje offentleg sektor si evne til å løyse oppgåver og levere kvalitet? Det må vere eit tankekors for regjeringa at den såkalla ABE-reforma med sine årvisse ostehøvelkutt har svekka både Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og sjukehusa. I tillegg til andre delar av statlege verksemder.

Saken fortsetter under annonsen

Kriser som dette utfordrar ikkje berre smittevern, beredskap og økonomi. Det utfordrar også det offentlege ordskiftet. På den eine sida skal vi slutte opp om styresmaktene sine retningsliner og strategiar. På den andre sida må vi også oppretthalde det offentlege ordskiftet. At det er viktig både for samhaldet og for demokratiet såg vi mellom anna i debatten om «koronalovene». Her kom viktige innstrammingar som følgje av både faglege innspel, offentleg ordskifte og politiske grep.

Fagforeiningar

Fagforeiningane har spelt og spelar ei viktig rolle under krisa. I tillegg til å vere der for arbeidsgjevarar og styresmakter, treng arbeidstakarar hjelp og støtte. Det kan gjelde permitteringar og usikker økonomi eller det kan handle om alternative arbeidsmåtar eller lange turnusar og auka risiko.

Fleire uorganiserte ser no verdien av dette, og melder seg inn i ei fagforeining. Det er også eit element i forsterka beredskap for framtida.

Fellesskap funkar!