Beredskap 2.0

Publisert: 13. januar 2022 kl 10.43
Oppdatert: 13. januar 2022 kl 10.43

Ragnhild Lied er leiar i UNIO

SYNSPUNKT: Samanlikna med mange andre land kan vi slå fast at Norge har handtert koronakrisa godt. Styresmaktene handla raskt og folk følgde i stor grad oppmodingar og pålegg. Vi kunne bruka av den opparbeidde tilliten som er eit kjenneteikn på samfunnet vårt.

Men det må leggast til: det blei raskt avdekka at beredskapen ikkje var god nok. Det mangla alt frå munnbind til handsprit og anna tyngre verneutstyr. Ikkje minst viste det seg at kapasiteten på ei rekkje område, særleg i helsesektoren, ikkje var god nok. Det slo koronakommisjonen fast i sin første rapport 14. april i fjor. Andre del av rapporten er venta i 2022.

Sist beredskapen i Norge blei granska etter 2011-terroren handla det først og fremst om ressursane som ikkje fann kvarandre. Denne gongen handlar det mest om ressursar som manglar eller som ikkje finst.. Dette er konklusjonen trass i at vi lenge har visst at ein pandemi er det mest sannsynlege scenariet med tanke på nasjonale og internasjonale kriser.

Sårbarhetsutvalget som blei leia av tidlegare statsminister Kåre Willoch åtvara allereie i år 2000 om at Norge hadde for svak beredskap til å handtere store pandemiar. Likevel var ein hovudbodskap frå Koronakommisjonen over 20 år seinare at  sjølv om styresmaktene var klar over dette og dei omfattande konsekvensane, var vi ikkje godt nok budde  «da den omfattende og alvorlige covid-19-pandemien kom.»  Dette illustrerer for n` te gong at førebygging er eipolitisk grein med svak prestisje. Der blir det ikkje delt ut medaljar, og alle taper.

Unio si eiga evaluering av koronakrisa, som blei offentleggjort hausten 2021, slo også fast at vi ikkje er rusta for ei ny krise. Unios yrkesgrupper har vore sterkt involverte i pandemihandteringa. Sjølvsagt gjeld det i ekstra stor grad medlemmer i helsesektoren.

Pandemien har synleggjort at noko av det viktigaste å sørge for under ei krise, er å halde samfunnet i gang. I tillegg til at helsetenestene må fungere, er det heilt nødvendig at til dømes politiet, barnehagar, skular og universitet går mest mogleg som normalt. Her er det eit stort behov for fagfolk. Kapasiteten i viktige og kritiske samfunnsfunksjonar, særleg i helse- og utdanningssektoren, er sprengt. Personalet er sterkt overbelasta. Sjukefråværet i store delar av offentleg sektor er faretrugande høgt, og det aukar i takt med arbeidskrava. Også når det gjeld arbeidsmiljøet er det førebyggande arbeidet underprioritert. Særleg gjeld det psykososiale og organisatoriske risikofaktorar, som ikkje alltid er like synlege.

Saken fortsetter under annonsen

Det må takast grep no, slik at vi kan hindre at viktige samfunnsfunksjonar blir ytterlegare svekte. Viss ikkje, vil det gå utover tenester vi alle er avhengige av. Ikkje minst vil det kunne ramme sårbare grupper som barn, unge, sjuke og eldre. Det var bakgrunnen for at Unio-kongressen rett før jul  sette fram krav om ein nasjonal tiltaksplan som samla ivaretar arbeidstakarane som står i front for velferdstenestene.

«Jeg tror alle har sett verdien av en sterk, offentlig helse- og omsorgstjeneste og alle de dyktige folkene som jobber der.  Men pandemien har også avdekket svakheter i helsetjenesten vår. Vi må utdanne flere fagfolk. Vi må kunne gi flere intensivbehandling på sykehus samtidig», sa statsminister Jonas Gahr Støre i sin første nyttårstale. Då hadde regjeringa nyleg varsla 500 nye studieplassar innan sjukepleie. Det er ein god start som må følgjast opp også i andre sektorar, t.d i utdannings- og forskingssektoren. Etter ei periode med bremser på i utdanninga av politifolk, ser det no ut til at regjeringa erkjenner at det også her må utdannast fleire.

Svak samordning og mangelfulle beredskapsplanar er ein viktig lærdom frå koronapandemien. Det trengst samarbeid på tvers av sektorar. Siloorganiseringa er skadeleg for Norges beredskapsevne.

Ein god framtidig beredskap må gjelde alle delar av samfunnet, både sivil- og forsvarssektoren, fordi kompliserte hendingar vil kunne ramme heile Norge. Det er opplagt at vi må bli betre budde når det gjeld digitale trugsmål og angrep. Kriseleiing må vere noko meir enn ei overskrift i planar.

Eg håpar at Regjeringas totalberedskapskommisjon blir starten på ein sterkare satsing på beredskap, ein «Beredskap 2.0» for Norge. Samfunnet måha god nok beredskap til å sikre viktige velferds- og utdanningstenester til folket både før, under og etter ei krise. Det krev satsing på offentleg sektor, ikkje nedbygging, slik somme stadig tar til orde for.

Finn ledige stillinger på lederjobb.no