Synspunkt

Forsvarsjef Eirik Johan Kristoffersen under et statusmøte om arbeidet mot mobbing og trakassering i Forsvaret. Heimevernets sjef Elisabeth Gifstad Michelsen skal framover lede arbeidet mot mobbing. Foto: Terje Pedersen | NTB

Synspunkt | Gro Mykkeltvedt: Ukulturen i Forsvaret – det finnes utallige grunner til at folk trakasserer

Eg har den siste tida kjent på ei ny uro gjeldande varslingssakene i Forsvaret. Ei uro for dei som kvar einaste dag gjer det beste dei kan på jobb, både for individ, team og for Noreg som nasjon, skriver Gro Mykkeltvedt.

Publisert Sist oppdatert

­Gro Mykkeltvedt er gründer, leiar- og organisasjonsutvikler og systemisk familieterapeut.

Lyst til å sende oss et innlegg? E-post-adressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

SYNSPUNKT: Det å følge varslingssakene har gjort vondt for alle som har fulgt saka. Å bli trakassert på ein arbeidsplass, er heilt uakseptabelt og skal ikkje skje.

Folk som utnytter og misbruker makt, har eit stort problem og skal ta konsekvensar av handlingane sine.

Er det slik i heile forsvaret?

Forsvaret har med rette fått klager på problemet og er i ferd med å definere handlingsplaner for ein betre kultur. Det er på tide, og vi forventer at det blir jobba hardt med det.

Så blir vi veke etter veke mata med ukulturen i Forsvaret. Då byrjer nokon å stille seg spørsmål om korleis kulturen er.

Er det virkelig slik? Er det slik i heile forsvaret? Er det trakassering på alle nivå? Er det berre menn som trakasserer? Kvar har problemet oppstått?

Barneåra

I eit vanlig liv skjer veldig mykje av det vi seinare seier og gjer, tidleg i barneåra. Tilknytinga vi fekk som små, følgjer oss gjennom livet, og det meir enn vi aner.

Holdningar og språk vi lærte oss tidlig, tar vi med oss vidare. 18-åringen som heime lærte at det var ok at far manipulerte mor eller fekk øyrefik fordi han ikkje oppførte seg, kan raskt tillære seg same adferd som voksen.

Skulle 18-åringen vera så (u)heldig å kome til førstegangsteneste og få oppgradert stilling som troppsjef etter kort tid, er det viktig at oppfølginga til vidare soldatopplæring blir fulgt opp nøye.

Den må tidlig krøkes...

Eit eksempel: Ole Johan er son av Martin. Martin var tidlegare offiser, og under oppveksten til Ole Johan var det tydelig at ordrer var til for å fylgjast. Når far sa «gå i seng», var det berre til å gå i seng. Om ikkje dette skjedde, var det raskt ein øyrefik.

Dei gangane Ole Johan ikkje fekk til å knyte skoa sine, fekk han gjerne høyre at «er det ei dame som har lært deg å knyte sko eller?». Det var heller ikkje sjeldan at han måtte gå på rommet sitt om han gjorde noko far ikkje meinte var rett.

Ole Johan blir sjølv militær og stiger raskt i gradene. Troppsjefen hans er autoritær, og for Ole Johan er dette trygt då han sjølv kom frå ein slik heim.

«Det er viktig å presisere at det fins utallige grunner til at folk trakasserer. Det er sikkert unødvendig å seie.»

Etterkvart blir også Ole Johan troppsjef og kjenner at det å gi ordrer er noko han trives med. Han blir også lett irritert om ikkje dei følger ordrene hans.

Han kan ha det med å harselere og kome med ufine kommentarer til dei som for eksempel ikkje har pussa skoa sine godt nok. Ole Johan gir sjølv konsekvenser til dei som ikkje har godt nok pussa sko.

Dette er gjerne på fredagar når det er taco i kantina, for då er konsekvensen at dei faktisk ikkje får taco, men må ete brødskiver.

Læringen må avlærast

«Slike» som Ole Johan må korrigerast tidleg. Både for å forstå at læringen fra barndommen må avlærast, og for at han skal forstå kva Forsvaret egentlig meiner med respekt, ansvar og mot.

Eg meiner at det blant anna er på dette nivå i Forsvaret, det virkelig er viktig med tett oppfølging. For det er her tilknytninga skjer. Iallefall for dei som skal ha ansvar for andre menneske seinare i Forsvaret.

Veldig mange av oss prøver å gjenskape barndommen vår sin normalitet. Både i parforhold, i vennskap og på arbeidsplassen.

«Det er ikkje nødvendigvis slik at «slike» som Ole Johan egentlig vil harselere eller trakassere, men dei veit faktisk ikkje bedre.»

Uansett korleis vi hadde det under oppveksten, er det ein del av oss med ei veldig sterk læring. Mange menneske strever ubevisst å få det slik det var. D

et er ikkje nødvendigvis slik at «slike» som Ole Johan egentlig vil harselere eller trakassere, men dei veit faktisk ikkje bedre. Fordi ingen har lært dei det.

Det er viktig å presisere at det fins utallige grunner til at folk trakasserer. Det er sikkert unødvendig å seie.

Forsvaret er ein kompleks organisasjon med fleire tusen tilsette. Det skjer ikkje endring på ein einaste dag. Eg vonar vi kan gi Forsvaret litt ro slik at dei kan syne oss det dei har sagt dei skal gjere med tanke på varslingssakene i Forsvaret.

Eg gir tillit til at dette skjer. Eg gir tillit til at dei går inn på ulike nivå med tiltak. Eg håper at dei som er direkte råka av varslingssakene får sin oppreising og får gode liv. Eg vonar at dei som har trakassert får sine konsekvensar.

Alle ligg nede når nokon er skada

Så litt tilbake til uroen som har plaga meg den siste tida. Uroen for nokon av dei som jobber i Forsvaret [1]. «Dei andre» som vert påverka av varslingssakene.

  • Korleis er det å vera troppsjef i dag etter varslingssakene?
  • Kor mange av dei kjenner på skam og kven av dei ser bort når folk stiller spørsmål kring varslingssakene?
  • Korleis er det å vera indirekte råka i ei krise som dette?
  • Korleis tar ein vare på dei som vil vera ein del av Forsvaret og som no kjenner stress, uro og kan hende søv dårlig om natta fordi dei kjenner det påverker dei slik?
  • Korleis er det for dei foreldra som sit heime og høyrer om alle dei sakene som hittil har kome i media?
  • Korleis er det å vera den far som er redd for at akkurat hans son skal gjere noko gale?
  • Eller kva med han som vart trakassert av ei jente og ikkje våger å fortelje om det?
  • Kva fokus får dei i systemet som er direkte eller indirekte råka av krisa?
  • Korleis kan vi som ser på TV få sjå meir av det systemiske fokus som Forsvaret på mange nivå er gode på ?

Vi har fulgt Kompani Lauritzen og lært at ein tropp er aldri sterkare enn det svakaste ledd.

Vi er alle i krise når ein av oss er i krise. Det gjeld om ei mor blir alvorlig sjuk eller om ei datter blir mobba. Heile systemet vert påverka av at ei brikke har ei utfordring. Eg håper at Forsvaret får meir merksemd på det som innad vert utført godt. Det er veldig mykje bra som vert gjort i Forsvaret. Det må vi ikkje gløyme.

Det er viktig å presisere at eg ikkje er ute etter ein idealisering. Fakta og realismen er ein pågåande vond kamp for mange menneske.

«Korleis er det å vera troppsjef i dag etter varslingssakene?»

Eg har ein son som er inne til førstegangsteneste. Han tenestegjer i Sanitetsbataljonen på Setermoen. For ei veke sidan fekk vi som foreldre eit langt brev med bilder frå sjef for Sanitetsbataljonen. Det gjorde meg trygg, stolt og takksam. Sjefen fortalde om kva soldatane gjer under tenesta. Han trygga oss om at alle hadde det fint, og han ba oss ha tillit til at alle hadde det bra.

Eg er heldig då eg har ein son som har likt seg fra første dag i tenesta. Eg har heile vegen vore trygg på og kjent på ein stoltheit over alt han får vera med på.

Så langt i livet har truleg sonen min aldri kjent på meir mestring enn no.

«Dei marginale stemmene er i ferd med å bli fleirtalet av dei som er i det norske forsvar. Vi må sørge for at dei uskyldige no får den merksemd dei fortener.»

Han har truleg heller aldri vorte sett av voksne med ansvar som dette halvåret under verneplikta. Han fortel meg om alt han har lært og eg er utruleg stolt over det han fortel.

Opplevinga mi er at på Setermoen er det veldig mange som tar godt vare på folket sitt. Det ynskjer eg å fremje på det sterkaste.

Kven vert dei marginale stemmene – når?

Dei marginale stemmene har på ein måte blitt høyrt [2]. Varslingssakene er blitt tatt på alvor. Forsvaret, ved Forsvarssjefen, har lova oss at ting skal bli bedre. Eg seier «oss», fordi det gjeld oss alle. Alle vi nordmenn er ein del av det norske forsvaret når alt kjem til alt.

Vi må passe oss no, for ikkje å sove i timen slik Arnulf Øverland beskreiv det så bra: «For vi skal ikkje tole så inderlig vel den urett som ikkje rammer oss sjølv.»

Dei marginale stemmene er i ferd med å bli fleirtalet av dei som er i det norske forsvar. Vi må sørge for at dei uskyldige no får den merksemd dei fortener.

Tillit – samfunnets bindemiddel

Per Fugelli, ein av våre kloke stemmer, sa det så fint: «Eit land kan ha ei gullbehandling eller eit oljefond. Det er null i forhold til ti tonn tillit. Men da må vi ikkje la hat få vokse i mørke elektronstormer, men lære av Askeladden. Å tru godt om dei vi møter på vår veg. Askeladden var ikkje eit tal på jord. Han brydde seg om flokken sin. Med eit fint ord kalles det... «Solidaritet».

[1] Eg vel å bruke ordet «nokon» for ikkje å generalisere.

[2] «På ein måte» då det er ein pågåande kamp.

Powered by Labrador CMS