Ledelse

Glopparen Peder Lofnes Hauge er innstilt som ny Mållags-leiar.

Peder Lofnes Hauge er ny leiar i Noregs Mållag

– Nordmenn møter for mykje bokmål i kvardagen, seier 31-åringen.

Publisert Sist oppdatert

– Vi må leggje til rette for at alle møter meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar. Bokmål er fint i dikt, men nynorsk passar til alt overalt, seier Peder Lofnes Hauge i ei melding.

Han meiner det er viktig både for nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar å kunne bruke og sjå nynorsk rundt seg.

Peder Lofnes Hauge kjem frå Gloppen i Nordfjord. Han er utdanna lærar og er i dag nestleiar i Noregs Mållag.

Han kjem frå jobben som politisk rådgjevar for finansbyråd Erlend Horn (V) i byrådet i Bergen.

– Bergen har gjort mykje bra for nynorsken dei siste åra, men det er først og fremst eit nasjonalt ansvar å sikre det nasjonale bruksspråket nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge som vil halde regjeringa i øyra.

– Ikkje kødd med nynorsk

– Uavhengig av kven som sit i regjering, skal mållaget passe på at dei ikkje køddar med nynorsken. Ei regjering utan omsorg for heile det norske språket kan ikkje vere ei regjering for heile Noreg.

Peder Lofnes Hauge vil overta etter Magne Aasbrenn som har vore leiar i Mållaget i fire år.

– Det er mange i organisasjonen som har peikt på Peder som ny leiar. Han kjenner organisasjonen godt, har det politiske handverket i fingrane og har klåre ambisjonar for Noregs Mållag i åra framover. Me er overtydde om at han er ein god leiarkandidat, seier Kirsti Lunde, leiar i valnemnda.

Karrieresteg

Powered by Labrador CMS