Fra papirutgaven

Nord-Korea testar ut rakettane sine.

2 ½ minutt til midnatt

Åtte månader før fredsprisvinnaren vart kåra, vart den såkalla «dommedagsklokka» stilt fram frå 3 minutt til 2 1/2 til midnatt.

Publisert Sist oppdatert

I år gjekk fredsprisen til den internasjonale kampanjen International Campaign to Abolish Nuclear Weapons (ICAN). I grunngjevinga står det at organisasjonen får prisen for sitt arbeid med å påpeike dei katastrofale humanitære konsekvensane av ein kvar bruk av atomvåpen, og for sin banebrytande innsats for å få til eit forbod mot slike våpen.

– Ein kan ikkje lenger avskrive ICAN eller det vi held på med som symbolpolitikk. No er det internasjonal konsensus om det vi meiner, seier Saima Naz Akhtar, leiar for Leger mot Atomvåpen. Organisasjonen var med på å gi liv til ideen om ICAN og har dei siste åra jobba tett opp mot fredsprisvinnaren. Som dei andre nobelprisane er fredsprisen på 9 millionar svenske kroner.

14.900

Talet på atomvåpen som eksisterer i verda.

Vegval mot populisme

Årets prisvinnar har hausta delte internasjonale reaksjonar. Medan mange organisasjonar og politiske organ jublar over tildelinga, støttar ikkje Norges eigen utanriksminister Børge Brende atomvåpenforbodet som ICAN kjempar for.

I ein kommentar til TV2 sa Brende at «han og statsminister Erna Solberg har gratulert ICAN», men at dei «ikkje støttar eit forbod i FN mot atomvåpen når ingen av dei landa som har atomvåpen, er med».

I sommar stemte 123 av 193 fram ein traktat i FN som forbyr atomvåpen. Så langt har 53 land signert avtalen. Det har ikkje Noreg gjort.

Generalsekretær i NATO, Jens Stoltenberg sa i ein kommentar til NTB at FN-traktaten risikerer å undergrave dei framstega som har blitt gjort innanfor nedrustning og ikkje-spreiing.

Komitéleiar Berit Reiss-Andersen har tidligare uttalt at det at Noreg nektar å delta i forhandlingane om eit atomvåpenforbod i FN, er et «klart vegval mot populisme og enkle løysingar» på komplekse problem.

ICAN fekk tidlegare pengestøtte av Utanriksdepartementet, men i 2015 fekk dei avslag og støtta vart kutta.

– Vi må våge å ta debatten om kva for rolle vi skal spele i NATO. Er vi villige til å sette statens sikkerheit over folk si tryggleik?, spør Akhtar.

Nærare «dommedag»

Åtte månadar før fredsprisvinnaren vart kåra, vart den såkalla «dommedagsklokka» stilt fram frå 3 minutt til 2 ½ til midnatt. Framveksten av nasjonalisme og utsegn frå den då nyvalte amerikanske presidenten Donald Trump er nokre av årsakene til at klokka vart stilt nærare midnatt, opplyser den uavhengige organisasjonen The Bulletin of Atomic Scientists, som styrer klokka.

Dommedagsklokka vert stilt av forskarar og akademikarar frå heile verda, inkludert 15 tidlegare nobelsvinnarar. Jo nærare klokka er midnatt, desto høgare er risikoen for atomkrig og andre globale katastrofar som kan vere prega av internasjonale spenningar og klimaendringar.

– Samfunnet har endra seg til det negative og verda bevegar seg i feil retning, seier Akhtar og viser til eksempel:

– Då dei indiske militærbasane i Kashmir vart angripe, hang bruken av atomvåpen heile tida i lufta sjølv om det ikkje vart nemnd. Russland og USA er begge involvert både i Syria og Ukraina, mykje av dette syner at situasjonen ikkje har blitt noko betre.

Dommedagsklokka har ikkje vore så nærme midnatt sidan 1953, då både Sovjetunionen og USA prøvesprengte atomvåpen med svært nære mellomrom. Då var klokka stilt til to minutt på midnatt. Ikkje sidan klokka vart starta opp i 1947, har den vorte stilt lenger tilbake enn i 1991, til 17 minutt før midnatt, då USA og Sovjetunionen signerte Start-avtalen som gjekk ut på å redusere talet på atomvåpen.

Foto Naz Akhtar (høgre), leiar for Leger mot Atomvåpen, og Sigrid Heiberg (venstre) frå ICAN Noreg. Foto: Camilla Skjær Brugrand

Fatale konsekvensar

Dersom eit våpen skulle gå av, med eller utan vilje, vil vi få enormt mange dødsfall og menneske som lid av stråleskadar, i tillegg vil infrastrukturen verte satt ut.

– Vi som helsepersonell har ikkje noko å stille opp med. Førebygging er den einaste medisinen. På slutten av dagen vil ikkje eg kunne bidra med noko dersom det skulle skje noko, seier Akhtar.

I rapporten Nuclear Famine vert det synleggjort korleis ein regional atomkrig mellom India og Pakistan vil utarta seg. Den globale temperaturen vil gå så pass ned at avlingane vil svikte.

– Ein slik krig vil ha påverknadskraft over eit mykje større område enn berre der bombene vert utløyst. Heile jorda vil verte påverka på eit eller anna vis. Då bombene fall over Nagasaki og Hiroshima sa ein at dei levande misunnte dei døyde, seier Akhtar.

Lett for ulukker

Mykje av informasjonen om risikoen ved å ha atomvåpen som har kome ut dei siste åra har tidlegare vore hemmelegstempla. Blant anna har USA, som sjølv har uttalt at dei har verdas sikraste atomvåpensystem, mista atomvåpen som dei ikkje veit kvar er.

– Eg er ikkje veldig redd for full atomkrig i morgon. Det eg er redd for, er kor gale det står til med sikkerheita og kor lite som skal til, som menneskelege feil eller datafeil, for at atomvåpen vert brukt ved eit uhell. Menneskelege feil skjer. Det einaste vi veit sikkert at dersom vi beheld atomvåpen til evig tid, vil det bli brukt. Alle ekspertar er samde. Det kjem til å gå av atomvåpen på eit eller anna tidspunkt. Eit totalforbod er den einaste løysinga, seier Sigrid Heiberg frå ICAN Noreg.

– Upresis vitskap

Auka klimaendringar er også ein av årsakene til at The Bulletin of Atomic Scientists har skrudd fram dommedagsklokka. Klimaforskinga er veldig tydelig på at vi beveger oss i ei retning med hyppigare stormar, meir forsuring av hava og smeltande polar.

Leiar i Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, åtvarar at vi kan ende opp med ei verd kor det vert meir eller mindre umogeleg å leve eller ekstremt vanskelig å leve trygge og rettferdige liv. Ho er derimot skeptisk til dommedagsklokka.

Riise meiner at det å snakke om kor lang tid vi har, i staden for å fokusere på kva vi må gjere, tek verdifull tid vekk frå å løyse problemet.

– Jo meir vi snakkar om dommedag, desto færre gidder å høyre på og gjere noko. Det er mykje som tyder på at strategien mange av oss i miljørørsla har nytta seg av ikkje har fungert. Litt enkelt forklart, så har me tenkt at dersom me snakkar høgt nok og skape frykt, så kjem folk til å vakna opp og gjere noko. Men psykologien fortel oss at frykt skapar apati og passivitet, og det er det motsette av det vi treng. Vi ønskjer at folk skal handle. Folk veit i dag at vi må gjere noko. Jobben vår bør være å gi folk moglegheita til å bli ein del av løysinga på problemet.

Foto Vinnar av årets Nobels fredspris ICAN ved leiar Beatrice Fihn. Foto: Denis Balibouse/REUTERS/NTB scanpix

Milliardar klimaflyktningar

Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet, meiner årets statsbudsjett er eit tapt klimabudsjett, men trur framleis det er mogleg å snu klimatrenden. Spesielt peiker ho på Kina, som er i ferd med å ta ei leiande posisjon i verda for å redusere klimautsleppa.

– Det var eit kjempetilbakesteg at USA trekk seg frå klimaavtalen. I Noreg er også politikarane lite positive på klimafronten. Rike land er lite villige til å gjennomføre dei endringane som trengst for å redusere utsleppa. Det er ofte dei fattigaste landa som har dei mest ambisiøse klimamåla fordi dei ser at dei vert hardt ramma av klimaendringane. Det er takka vere Kina og deira utvikling innan fornybar energi at prisane har gått i bakken og gjort omlegginga til sol- og vindenergi rimeleg, seier Lundberg.

Truleg vil over éin milliard menneske stå utan reint drikkevatn om klimaendringane held fram i same tempo. Dette vil føre til ekstremt mange klimaflyktningar. Tropesjukdommar som Malaria vil krype lenger opp i nord og mange bønder vil miste livsgrunnlaget, då det vert umogleg å dyrke mat.

Det vil bli meir ekstremvêr, fleire tyfonar orkanar og stormar. Ein vil også få ein havstigning som gjer at nokre av dei mest lågtliggjande øyene i Stillehavet vil forsvinne. Fleire av dei har evakueringsplanar for korleis dei kan flytte nasjonen sin til andre land.

– Flaumane er det største vi i Noreg kjem til å erfare. Vi kjem til å få blautare haustar. Mange byar har ikkje avløpssystema som trengs for å handtere store nedbørsmengder. Vi treng å byggje for eit anna samfunn i morgon, seier Lundberg.

I Nord og Arktis er der ein ser endringane raskast. Artar som er utrydningstrua vil havne i ein situasjon som berre vert verre, både ved at mattilgangen deira vert endra, men også ved at det vert varmare og forholda endra seg. Ho spår at vi vil oppleve eit anna samfunn om 30 år enn det vi ser i dag.

Powered by Labrador CMS