forskning og utdanning
Godt nytt år for utdanningsdebatt!
I statsministeren sin nyttårstale peika ho på at hovudutfordringa når det gjeld utdanning i Noreg, er å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring, skriv Unio-leder Ragnhild Lied.
Ragnhild Lied er leder i hovedorganisasjonen Unio.
SYNSPUNKT. Dette har vore ei uttalt målsetting heilt sidan Reform 94, og bakgrunnen er den tydlege samanhengen mellom fullført vidaregåande opplæring og det å vere i arbeid.
Difor har det vore både spennande og utfordrande å leie eit regjeringsoppnemnt utval (Lied-utvalet) som har sett på kva vi må gjere med vidaregåande skule for at flest mogleg unge og vaksne kan fullføre opplæringa med godkjent kompetanse. Ein kompetanse den enkelte, arbeidslivet og samfunnet etterspør. Arbeidet har pågått i to år, og rett før jul leverte vi sluttrapporten.
I dag har all ungdom som har avslutta grunnskulen rett til å starte i vidaregåande opplæring, men dei har ikkje rett til meir enn tre år med opplæring, uavhengig av om dei har fullført eller ei.
Utvalet har peika på fleire svakheiter med dette systemet. Mellom anna er den tilmålte tida på tre år for snau for mange. Dessutan legg dagens system til grunn at alle er i stand til å tileigne seg og sluttføre dei enkelte faga i løpet av same tid, sjølv med svært ulike utgangspunkt.
Dagens reglar stiller inga krav til kvalifikasjonar ved inntak til vidaregåande. Den enkelte møter ei ope dør. Samtidig er det eit motsett regime som gjeld for å kome gjennom og fullføre. For å bli tatt opp til andre året, må alle faga første året vere bestått. Dersom ein elev ikkje har bestått eit fag, har ikkje han eller ho rett på meir undervisning eller opplæring i faget. For å bestå faget, må eleven då ta det som privatist.
Dette har vore ei utfordring heilt sidan reforma på nittitalet. Likevel har det ikkje vore særleg debatt kring reglane og rammene for å fullføre dette utdanningsløpet.
Utvalet mitt foreslår at retten blir utvida til ein rett til å fullføre med ei godkjent kompetanse. Med ei studie-eller yrkeskompetanse.
Då må tilbodet i større grad ta utgangspunkt i dei føresetnadane elevane har når dei kjem til vidaregåande opplæring.
Vi har sett at den kompetansen elevane har med seg frå grunnskulen, er avgjerande for å lukkast. Og mange elevar manglar nødvendig kompetanse. Difor foreslår utvalet at det må opprettast obligatoriske innføringsfag i norsk, matematikk og engelsk, for å gi dei som treng det ein nødvendig startkompetanse til å greie faga i vidaregåande opplæring.
Samtidig skal elevane få moglegheit til å starte med fag dei er kvalifiserte og motiverte for. Vi må difor ha ei organisering av opplæringa som er meir fleksibel enn dagens.
Dette er første gangen elevane møter eit utdanningsnivå som stiller krav om at dei må nå visse, definerte kompetansar for å kome vidare. Utvalet sitt forslag om at fleire skal fullføre med sluttkompetanse, betyr ikkje at vi skal senke krava til kvaliteten på sluttkompetansen. Vi meiner tvert imot at det er nødvendig å heve denne kvaliteten. Det har vi også fått klare innspel på i møte med representantar frå partane i arbeidslivet og representantar for høgare utdanning.
Vi har difor sett på kva som skal til for at dei studieførebuande tilboda skal gjere studentane reelt studieførebudde. Kva slag kompetansar er viktige for å lukkast i høgare utdanning?
På same måte er det nødvendig å sjå på kva krav som vil bli stilt til framtidas fagarbeidarar, og kva konsekvensar det må ha for dei ulike sluttkompetansane innanfor yrkesfaga.
I eit samfunn og eit arbeidsliv som vil krevje høgare krav til kompetanse, er det også naudsynt å sjå på dei vaksne sine moglegheiter. Det er framleis mange vaksne som manglar vidaregåande opplæring. I tillegg er det mange som har kompetanse som ikkje samsvarar med dagens og framtidas krav i arbeidslivet.
Difor må vaksne som har brukt opp retten som ungdom få ein ny sjanse. Og dei som treng eit fagbrev for å få jobb, må få rett til opplæring sjølv om dei har eit fagbrev eller generell studiekompetanse frå før.
Utvalet mitt har foreslått ei rekke endringar utover dei som er nemnde her.
Og det vil koste å gjennomføre forslaga.
Viss vi framover skal ha høg yrkesdeltaking og ein kompetent arbeidsstyrke, må vi investere i opplæring og utdanning. Alternativet er mykje dyrare, både for samfunnet, arbeidslivet og den enkelte.
No er det på høg tid å gå frå målsetting til handling. Velkomne til utdanningsdebatt!