DP helg
Jeaninne Masika Harrysson aktuell med boksingelen «Alt godt som enno ventar»
Boksingel med fire dikt av Jeaninne Masika Harrysson.
Desse dikta utforskar mellomrom. Dei som oppstår mellom orda i ein setning. I romma mellom eit dikt og ei diktsamling. Mellomromma i livet. Dikta er den staden dagen går for å kvile, den staden hjartet går for å finne igjen rytmen. For midt i og mellom alt, finst alt det gode som enno ventar.
Blir verkelegheita for verkeleg for deg
så ta handa mi
Eg skal vere fjellet
som byr opp til dans
Jeaninne Masika Harrysson (f. 1995) er poet, forteljar og pedagog. Ho høyrer heime i fleire språk og opptrer med eigenkomponerte poesistykke både i Noreg og internasjonalt på tshiluba, swahili, persisk, engelsk, fransk og ikkje minst norsk, både bokmål og nynorsk,jamvel norsk teiknspråk.
Masika Harrysson byrja i TekstLab Unge Stemmer i 2014 og utvikla seg vidare som scenekunstnar i TekstLab Inkubator med støtte frå Talent Norge. Sidan 2017 har ho vore engasjert i Den mangfaldige scenen. I 2021 er ho engasjert ved Jakob Sande – senter for forteljekunst, og i Den kulturelle skolesekken i Oslo, med framsyninga «Vi er alle på veg heim», saman med musikar Shwan Wahed.