kompetansebehov

Skal offentleg sektor henge med i kampen om kompetansen, må lønna opp. Difor trengst ei større ramme i offentleg sektor enn i privat sektor i årets oppgjer, skriv Ragnhild Lied.

Kampen om kompetansen

Det er allereie no hard kamp om arbeidskrafta her til lands. I framtida blir kampen om kompetansen endå tøffare. Den viktigaste faktoren med tanke på å rekruttere kompetanse er lønn, skriver Ragnhild Lied.

Publisert Sist oppdatert

Ragnhild Lied er leder i Unio

SYNSPUNKT: NHO melder om at to av tre bedrifter har eit udekka kompetansebehov. Kommunesektoren rapporterer om at det dei komande ti åra vil vere behov for nærare 50.000 fleire årsverk berre for å oppretthalde dagens tenestenivå.

I kommunesektoren vil det i følgje KS sin arbeidsgivarmonitor vere ekstra krevjande å rekruttere til helsesektoren, særleg sjukepleiarar og legar. I tillegg veit vi at det er alt for mange som underviser i skuleverket utan å ha dei nødvendige kvalifikasjonane. Det trengst eit krafttak for å løfte kompetansen i undervisningssektoren.

Også perspektivmeldinga peikar på ei rekkje utfordringar med å dekke framtidige kompetansebehov i den norske arbeidsmarknaden. Sjølv om det er betydelege bransjevise variasjonar, ser det ut til at norsk økonomi har klart seg godt – svært godt – gjennom pandemien.

Det er ei rekkje tiltak som må til for å dekke kompetansebehova både no og framover. Satsing på utdanning og dimensjonering av utdanninga, er opplagde og nødvendige tiltak. Godt arbeidsmiljø og gode vilkår for kompetanseutvikling vil også vere viktige element i arbeidet for å skape attraktive bransjar og arbeidsplassar.

Lønn er likevel den viktigaste faktoren med tanke på å rekruttere kompetanse. Her er privat sektor meir offensiv enn offentleg sektor, særleg når det gjeld arbeidskraft med høgare utdanning. Det ser vi tydeleg på lønnsgapet mellom utdanningsgrupper i offentleg og privat sektor. I følgje TBU rapporten er forskjellen mellom tilsette med meir enn 4 år høgare utdanning i kommunane og tilsvarande grupper i industrien i underkant av ¼ million.

Lønnsdebatten handlar ofte om utvikling frå år til år. For dei fleste er lønnsnivået viktigare.

Avkasting på utdanning – lønnspremien – i Noreg er heilt i botnen blant OECD-landa

Ein person med høgare utdanning tener i snitt berre 19 prosent meir enn ein med vidaregåande opplæring som høgaste utdanning. Dette slår også inn når det gjeld likelønn mellom kvinner og menn. Kvinner med høgare utdanning over fire år tener berre 75 prosent av lønna til menn med same utdanningslengde. Kvinner er nemleg i fleirtal i offentleg sektor, medan menn dominerer i privat sektor, særleg i industrien.

Ein ny rapport viser at store grupper med høgare utdanning taper lønnsmessig. SSB-rapporten «Lønnsutviklingen i det statlige tariffområdet» tar for seg lønnsutviklinga i staten frå 2016-2020. Av dei ulike gruppene har tilsette med mastergrad/hovudfag eller forskarutdanning hatt klart lågast lønnsvekst. Og skilnadene i lønnsvekst er betydelege.

Dette er noko av bakgrunnen for at Unio rettar søkelyset mot frontfagsmodellen og praktiseringa av frontfaget før årets tariffoppgjer.

Offentlege arbeidsgjevarar verkar ekstra ivrige etter å underkaste seg frontfagsramma. Dei lar den første frontfagsprognosen bli taket for sine eigne forhandlingar. Dette inneber at den best organiserte delen av arbeidsstyrken berre har «halv forhandlingsrett». Ein kan forhandle om fordeling av lønnspotten, men ikkje om sjølve ramma. At dette gjer det vanskeleg både å rekruttere og behalde kompetanse, betyr tydelegvis mindre. Særleg gjeld det i april og mai, når det er tida for å gjere noko for å bøte på manglane!

Det er «opplest og vedtatt» at frontfaget har vore og er viktig for økonomi, konkurranseevne og velferd. Kor viktig kan neppe nokon sikkert slå fast. Det finst også andre faktorar som er viktige. Mellom anna er det stor fagleg og politisk semje om at eit land sitt utdanningsnivå er viktig for økonomi, konkurranseevne og velferd. Utdanning og forsking er også viktig for den samla produktiviteten i arbeidslivet. Høg organisasjonsgrad er også bra. Og det er offentleg sektor som er frontfaget når det gjeld organisasjonsgrad!.

Skal offentleg sektor henge med i kampen om kompetansen, må lønna opp.

Difor trengst ei større ramme i offentleg sektor enn i privat sektor i årets oppgjer

Det er det gode grunnar til. Det handlar om å ta att etterslep. Det handlar om at utdanning skal lønne seg. Det handlar om konkurranseevne og kvalitet. For arbeidsgjevarar og styresmakter burde det dessutan handle om å rekruttere og behalde godt utdanna arbeidskraft.

Powered by Labrador CMS