Samfunn

Mange av dem som sliter med psykisk lidelse kan la være å ga til leger i håp om at plagene går over av seg selv eller at de skal klare å fikse ting på egen hånd. De risikerer forverring.

Psykiske lidingar vert ikkje fanga opp i helsetenesta

Publisert Sist oppdatert

Dei få som oppsøkjer helsetenesta for å få hjelp med angst, depresjon og alkoholproblem får sjeldan den hjelpa dei treng.

Ein ny studie frå Folkehelseinstituttet syner at det er eit mindretal av dei med psykiske lidingar som oppsøkjer helsetenesta for å få hjelp.

– Gjennom media kan ein av og til få inntrykk av at mange har ein låg terskel for å definere vanlege problem som psykiske lidingar og så få behandling for dei. Tala i studien vår tyder derimot på at dette biletet er feil. Det er få som oppsøker helsetenesta og får hjelp for plagene sine, seier forskar Fartein Ask Torvik på nettsidene til Folkehelseinstituttet.

Angst vert ikkje behandla

Blant dei med depresjon hadde vel ein av tre fått diagnose v fastlegen. Litt under halvparten av desse hadde fått behandling for depresjon hos spesialhelsetenesta.

Dette tyder på at omtrent to tredelar korkje hadde fått depresjonsdiagnose eller behandling. Fordi dei anten ikkje hadde oppsøkt hjelp eller at problema ikkje vart fanga opp av helsepersonell.

Blant dei som hadde ei angstliding, hadde om lag ein av fem fått angstdiagnose hos fastlegen og om lag like mange hadde fått tilvising og behandling for angst i spesialisthelsetenesta.

Kanskje er det særleg tabubelagt å ta opp alkoholproblem med legen

Det betyr at omtrent 80 prosent anten ikkje hadde tatt kontakt med helsetenesta for å få hjelp med angsten, eller fått rett hjelp då dei gjekk til lege.

Tabubelagt

For alkoholmisbruk var tala endå lågare. Berre tre prosent av dei som hadde eit alkoholmisbruk var fanga opp i primærhelsetenesta og sju prosent i spesialisthelsetenesta. Så mange som ni av ti ber anten ikkje om hjelp eller vert fanga opp når dei kontaktar lege.

– Kanskje er det særleg tabubelagt å ta opp alkoholproblem med legen. Vi såg nemleg at over 40 prosent av dei med alkoholmisbruk hadde vore i kontakt med lege for ei psykisk liding eller eit symptom på psykisk liding, men alkoholmisbruket vart i dei fleste tilfelle ikkje fanga opp. Mange med mildare former for alkoholmisbruk vil nok sjå på drikkinga som eit livsstilval, og ikkje ei psykisk liding eller noko dei treng hjelp for, seier Torvik.

Søk hjelp

Torvik trur at personar som har dei mest alvorlege lidingane ofte kjem i behandling, medan dei med mindre alvorlege lidingar kan tenke at problema ikkje er alvorlege nok til å søke profesjonell hjelp, eller at dei satsar på at problema går over av seg sjølv.

Det kan òg vere at mange ikkje kjenner igjen symptoma på vanlege psykiske lidingar, og i staden oppsøker lege for utmatting eller ulike kroppslege plagar.

– Det finst psykologisk behandling for angst og depresjon, og fleire kunne hatt god nytte av slik behandling. Spesielt ved angstlidingar kan pasienten gjere raske framsteg dersom han får rett behandling, seier forskaren.

Torvik legg til at ikkje alle som oppfyller kriteria for ei psykisk liding vil ha nytte av behandling. Han understrekar også at det er vanleg å ha psykiske plager frå tid til annan.

Det bekreftar helseregisterundersøkinga, som viser at i løpet av ein tiårperiode hadde 40 prosent av deltakarane konsultert fastlegen om psykiske plager som angstkjensle, depresjonskjensle eller søvnplager.

Studie om psykiske lidingar

  • Dei helseregistra som er nytta i studien er Norsk pasientregister (NPR) og aktivitetsdata for allmennlegane (KUHR) i Helsedirektoratet.

  • Deltakarane er henta frå Tvillingundersøkingane ved Folkehelseinstituttet. Av dei 2272 som blei intervjua hadde 249 depresjon, 159 ei angstliding og 90 alkoholmisbruk.

  • I studien er det ikkje undersøkt kor omfattande behandling som er gitt, berre om behandling er registrert eller ikkje.

  • Studien har tatt for seg dei vanlegaste psykiske lidingane; angst, depresjon og alkoholproblem.

  • Studien er finansiert av Forskingsrådet og er ein del av eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet, Universitetet i Oslo og Virginia Commonwealth University i Virginia, USA.

(Kjelde: Folkehelseinstituttet)

Powered by Labrador CMS