Bok
Sjuande og siste bok om Jakob og Neikob
Bøkene om radarparet på Bakketoppen har fått eit klassikarstempel, og Stai har fått KUD debutantpris, Brageprisen og Kritikarprisen for bøkene om Jakob og Neikob.
Med Jakob og Neikob og tidsmaskinen set Kari Stai eit punktum for historia om dei motsetnadsfylte vennane.
Bestevennene Jakob og Neikob legg seg for å sove etter ein lang og travel dag. No vil dei skunde seg å slappe av. Da dei endeleg vaknar, oppdagar dei at dei har sove i ti år. Men kor har tida blitt av? Kan Tjuven ha stole tida? Kan dei kjøpe seg meir tid? Eller kan ein tidsmaskin vere redninga?
Gjennom leik med språk, underfundig humor og absurd logikk inviterer Stai barna til å undre seg og reflektere over kva tid er. Er tida noko som går, eller som kjem? Etter to år med pandemi har mange barn og vaksne opplevd at tida har stått stille, men samstundes kan det vere fint at livet går litt meir langsamt og ein ikkje treng å haste vidare for å rekke det neste.
Stai debuterte som forfattar i 2008 med boka Jakob og Neikob, som ho fekk Kulturdepartementet si debutantpris for. Ho følgde opp med Jakob og Neikob: Tjuven slår tilbake i 2012, ei bok som vart krona med Brageprisen og Kritikarprisen. Stai har skapa eit univers som har gjort stor suksess utover bøkene, m.a på teaterscenen.