Nyheter
Stami: – Nytt regelverk kan gi bedre arbeidshelse
– Eit godt og trygt arbeidsmiljø er ein grunnleggande rett for alle i arbeidslivet. Eit nytt regelverk for bedriftshelsetenesta kan styrke arbeidshelse i det norske arbeidslivet, understreker Stami på verdens arbeidsmiljødag i dag.
Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) markerer verdas arbeidsmiljødag 28. april for å rette merksemd mot førebygging av arbeidsrelatert sjukdom og skade, over heile verda.
Eit godt og trygt arbeidsmiljø er ein grunnleggande rett for alle i arbeidslivet. Dette er temaet for arbeidsmiljødagen i 2023.
– Trepartssamarbeidet i det norske arbeidslivet har alltid dradd i same retning for nettopp desse grunnleggande rettane, og skapt ein kultur for godt arbeidsmiljø, seier Therese Hanvold, som er direktør ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (Stami).
Lett å ta for gitt
Noreg er eitt av landa som er mest nøgd med tilhøva på arbeidsplassen. 9 av 10 arbeidstakarar i Noreg definerer sitt arbeidsmiljø som svært bra eller bra.
I Noreg har vi ei høg yrkesdeltaking av både kvinner og menn, og eit høgkompetent og konkurransedyktig arbeidsliv.
Likevel oppgir 14 prosent av alle sysselsette i Noreg at dei jobbar i eit miljø der dei har risiko for å skade seg når dei er på jobb.
I tillegg relaterer ein høg del relaterer helseplagene sine til tilhøve på arbeidsplassen.
– Dette understrekar at vi framleis har behov, også i Noreg, for å styrke arbeidsmiljø og det kunnskapsbaserte og forebyggende arbeidsmiljøarbeidet, skriver Hanvold på instituttets nettsider.
Meir enn ein dag
Gjennom den norske modellen har arbeidslivet over mange år jobba for å førebygge arbeidsrelatert sjukdom og ulykker i arbeidet.
Dette viser også den siste IA-avtalen, som legg vekt på å styrke arbeidsmiljø, og å bruke kunnskap for å gjere arbeidsmiljøet i det norske arbeidslivet endå betre, heter det vidare.
– I Noreg har vi lenge vore gode på arbeidsmiljø, og derfor er det lett å ta desse rettane for gitt. Men arbeidsmiljø krev eit kontinuerleg arbeid som ein må oppdatere etter ny kunnskap og nye erfaringar, seier Stami-direktøren.
Arbeidsmiljø er ikkje berre viktig 28. april, men kvar dag heile året. For arbeidsstyrka er vår viktigaste ressurs og både samfunnet, verksemdene og den enkelte arbeidstakar har godt av at vi jobbar saman for å førebygge arbeidsrelaterte sjukdomar og skader og sikrer gode arbeidsmiljø for alle.
Eit løft for arbeidshelse
I 2023 har vi fått ei endå meir målretta satsing på bedriftshelsetenesta (BHT) i Noreg, som er eitt av styresmaktene sine viktigaste verkemiddel for å skape eit godt arbeidsmiljø for alle. Regelverka som omfattar bedriftshelsetenesta har blitt tydlegare på kva som er BHT sine kjerneoppgåver.
BHT skal hjelpe verksemder med å førebygge at sjukdom og skade skjer gjennom arbeidet, og konsentrere seg om dei risikofaktorane som gjeld på den enkelte arbeidsplass. Eit meir tydeleg samfunnsoppdrag for bedriftshelsetenesta er viktig for at arbeidsmiljø i det norske arbeidslivet kan bli endå betre.
– Det passer bra at verdas arbeidsmiljødag i år handlar om retten til god helse på jobb same år som vi har fått styrka regelverket for bedriftshelsetenesta. Dette vil vere eit løft for arbeidshelse i det norske arbeidslivet, seier STAMI-direktøren.