Kvinnelige ledere
Vi treng fleire modige menn
No for tida er det mykje fokus på å få fleire kvinner i leiande stillingar. Det er flott og viktig . Vi treng at kvinner kaster seg fram og våger å ta ansvar, risiko og posisjoner seg, skriver Gro Mykkeltvedt.
Gro Mykkeltvedt er seniorpartner og bedriftsrådgiver i Grow Competence Consulting i Bergen.
SYNSPUNKT: Samstundes som merksemda rettast mot kvinnelege leiarar, tar vi kanskje ikkje alltid høgde for noko vesentlig; nemleg mennene. Kvar i dette er dei mannlege leiarane? Kjem stemmene deira fram? Blir dei invitert i kvinnegruppene? Får dei føle og tenkje på kva som skal til for å endre kjønnsbalansen i arbeidslivet?
Skal vi endre på ein heilskap, er det avgjerande at alle i systemet får fram stemma si. Det kan bli veldig vanskeleg for alle desse kvinnene som går saman «for å kapre leiarjobbane», om ikkje mennene i organisasjonane er involvert. I tillegg til at det skal fleire kvinner inn i leiarrollar, kan det tenkjast at det også er mange menn som ikkje vågar, men som også kunne tenkje seg det. Kvar gjer vi med det?
Korleis kan me få fleire kvinner i leiarstillingar ved å bruke det som allereie er? Sjå heilskapen. Sjå på etablerte kommunikasjonsmønstre, åtferdsmønster og språk. Tenk gjennom kva leiarstil dei ulike store mannsdominerte organisasjonane har. Er det typisk kvinnelig åtferd, eller må menn som er leiarar her tenkje , snakke og oppføre seg annleis? Kva med kvinnene som allereie er leiarar i mannsdominerte miljø. Kor bevisst er dei på åtferd og språket sitt? Oppfører dei seg slik tradisjonen har vore, eller er dei modige og utfordrar det etablerte?
Eg vonar at om nokre år snakkar vi ikkje kvinner eller menn. Vi snakkar om menneske, kunnskap, verdiar og personlegdom i større grad enn i dag
Vi treng «ein skilnad som gjer ein skilnad» (sitat: Gregory Bateson). Dette kan bety at om vi skal kunne få ny læring og kunnskap, må vi alle bli litt irriterte på det etablerte. Vi må alle bli involverte. Slik at vi saman kan lage denne skilnaden. Som gjennom tid vil verta ein skilnad.
Vi skal heie fram kvinner. Dei har like stor rett til leiande posisjonar som menn. Og vi må heie fram mennene for at dette skal skje. Vi treng modige menn i styrerom og i leiargruppa. Vi treng dei menn som kan stoppe opp, vurdere og reflektere over det etablerte. Vi treng dei som vågar å provosere for å endre og for å invitere andre inn. Både kvinner og menn.
Eg vonar at om nokre år snakkar vi ikkje kvinner eller menn. Vi snakkar om menneske, kunnskap, verdiar og personlegdom i større grad enn i dag. For oss som er med i rekrutteringsprosessar, er det tydeleg å sjå kven som er opptatt av holdningar, verdisett og relasjonsmessige ferdigheiter. Vi må også sjølve vera bevisste kven vi er. Kva holdningar vi har til kjønn, makt og rådande diskursar.
Vi kan alle vera med å påverke til endring. Men aller først må vi da vera klar over kva vi opprettheld sjølv. I eigen kommunikasjon.
«Ja takk begge deler», som Ole Brum ville sagt. Både til modige menn og kvinner.
Så var det eit spørsmål: kva vi legg i det da?