Samfunn

Viking Energy.

Viking Energy blir verdas første utsleppsfrie offshorefartøy

Gjennom eit maritimt EU-prosjekt vil Viking Energy bli det første offshoreskipet i verda som kan segla med null utslepp.

Publisert Sist oppdatert

EU har tildelt 100 millionar kroner til eit maritimt EU-prosjekt som skal installera ei ammoniakkdrivne brenselcelle om bord i eit skip.

ShipFC-prosjektet skal sørga for at offshorefartøyet «Viking Energy», som er eigd og drive av Eidesvik og går på kontrakt for Equinor, får ettermontert ei stor 2 MW brenselcelle driven av grøn ammoniakk.

Det nye energisystemet vil gjera det mogleg for skipet å segla på reint drivstoff i opptil 3000 timer årleg. Prosjektet vil dermed demonstrera at lengre seglasar med nullutslepp er mogleg for større skip med stort kraftbehov.

Testar på land

Målet er også å verifisera at ei stor brenselcelle kan levera all elektrisk kraft som trengst til skipssystema om bord på ein trygg og effektiv måte.

Dette er første gong at ei ammoniakkdriven brenselcelle blir installert på eit fartøy. Ein betydeleg del av prosjektet vil bestå av å oppskalera ei 100 kilowatts brenselcelle til 2 megawatt.

Sjølve brenselcella blir først testa på land i eit parallelt prosjekt, der Prototech står for utvikling og konstruksjon.

Testinga vil bli utført ved katapult-senteret Sustainable Energy på Stord.

Ammoniakksystemet om bord i «Viking Energy» vil bli levert av Wärtsilä, og systemet skal installerast i slutten av 2023.

– Me er stolte av å vera pionerar når det kjem til å introdusera nye energiberarar og drivstoff i skipsfarten. Prosjektet med å installera ei ammoniakkdrivne brenselcelle vil hjelpa oss med å fortsetta reisa mot ei utsleppsfri framtid, og det vil bidra til å oppretthalda konkurransekrafta vår, seier Jan Fredrik Meling, administrerande direktør i Eidesvik.

Stor overføringsverdi

Ein annan del av prosjektet skal utføra studiar på tre andre fartøytypar, eit offshore konstruksjonsskip og to typar lasteskip, for å visa overføringsverdien av teknologien til andre segment i skipsfarten.

Klyngesjef i NCE Maritime Cleantech, Hege Økland, seier ShipFC representerer eit stort steg i rett retning i skipsfarten sin jakt på nye teknologiar og drivstoff for å dekarbonisera næringa.

– Shippingbransjen er einig om målet om ei dekarbonisering innan slutten av hundreåret, samt å oppnå eit globalt kutt på 50 prosent innan 2050.

I arbeidet for å nå desse måla ser ho at interessa for nye drivstoff som ammoniakk og hydrogen aukar.

– Ammoniakk er ei energikjelde som finst i rikt monn og som lett kan lagast av fornybare ressursar, noko som gjer det til eitt av drivstoffa som sannsynlegvis vil dekka ein del av shippingnæringa sitt framtidige energibehov.

Powered by Labrador CMS