DP helg
Vil seie noko om fenomenet «vondskap» i eit menneske
Forfattar og tidlegare psykiater Arne Ruset har skreve ein roman som skildrar to kriminalsakar fra to ulike tidsbolka, men som høyrer saman.
Kva handlar romanen om?
– Dette er meir spesifisert ein roman som skildrar to kriminalsaker som høyrer saman. Sakene utspelar seg i to tidsbolkar (1959 og 2009). Politiet må finne ut kva som har skjedd og korleis sakene heng saman.
– Handlinga går føre seg innann ein dysfunksjonell familie.
Er det noko i ditt eiget liv eller i samtida som ga deg ideen om å skriv romanen?
– Teksten baserer seg på hendingar eg har høyrt omtala av andre. I jobben min som psykiater har eg dessutan møtt mange som har opplevd umenneskelege påkjenningar og overgrep, slik lagnaden er for hovudpersonen/hovudpersonane i boka
– Det er ingen hendingar frå mitt eige liv som er omtala i boka.
Kva er det du vil formidle til dine lesarar med denne romanen?
– Mellom anna seie noko om fenomenet "vondskap" i eit menneske.
Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: Kva drev deg til å fortsette?
– Som pensjonist har eg god tid, og når det innimellom buttar imot, er det berre å ta seg tid til flyten er tilbake.
Er det noko spesielt som kjenneteiknar din måte å jobbe på?
– Eg bruker kort tid på å skrive ned handlinga, og lang tid på å redigere tekst og språk
Kven har inspirert deg til å bli en betre forfattar?
– Først og fremst Endre Ruset (son min som også er forfattar) og redaktøren min, Håkon Øvreås
Nevn éin person du håpar les boka – og kvifor?
– Eg håper at min gode ven og mentor, gjendiktaren Jostein Sæbøe, tar seg tid til å lese den.
Fins det ei bok du vil anbefale andre å lese – og kvifor?
– Novellesamlinga «Mellom trærne» av islendingen Gyrdir Eliasson. Enkel og poetisk, ei heilt særeigen novellesamling.
Kva for bok les du sjøl akkurat no?
– «Osebol» av Marit Kapla.
Kva skulle du ønskje du hadde meir tid til?
– Lese endå meir, både av norsk og omsett litteratur.