Samfunnsstyring
Valgets kval er over oss igjen. Men hvordan er det egentlig å være folkevalgt lokalpolitiker? I dette essayet får du 'den ekte historien'.
iStock/Dagens Perspektiv
Folkevald – den ekte historia
Fremst blant likemenn- og kvinner: vald av folket. Du er 20 år, 40 år eller 70 år, og nyvald kommunestyrerepresentant. Men det ingen fortalte deg, var kor kjedelig lokaldemokratiet var. Kunne du likevel komme til å elske det?
Du har majoritets- eller minoritetsbakgrunn, du er mann, kvinne eller ei blanding. Og du er ein av dei som har latt deg rive med av politisk debatt på mobil eller fjernsyn. Til slutt tenkte du: På tide å gå ut og endre verda.
Då eg vart vald inn i Stavanger bystyre for SV for over 20 år sidan, hadde eg og mora delt omsorg, og eg var pappa store deler av døgnet. Jobbe, hente gutungen i barnehage og til slutt, etter å ha fått han til sengs om kvelden, få lest sakspapira i tida som var att. Det var mange saker, det var mykje papir. Løna for strevet tok for sikkerhets skuld SV inn i form av beinskatt. At eg etterkvart forlet SV, hadde likevel ikkje med lokalpolitikk å gjere. Det handla meir om slike ting som bisarre anti-EU diskusjonar og utanrikspolitikk – det er ei anna skål.
Dagens Perspektiv
Nett og papir
3 mnd
99,- 715,-
KJØP
Dagens Perspektiv
Nett og papir
12 mnd
2700,-
KJØP
Dagens Perspektiv
Nett
1 mnd
1,- 199,-
KJØP
Dagens Perspektiv
Nett
12 mnd
2290,-
KJØP