Extinction Rebellion blir stoppet av politiet før en aksjon utenfor Energidepartementet i Akersgata tidligere i år.

ESSAY

Klimakampen – den antidemokratiske trusselen mellom høgre og venstre

Det er grunn til å vere bekymra når ei lita ekstremistgruppe som Extinction Rebellion får aksept fra store delar av den demokratisk orienterte klima- og miljørørsla, delar av den intellektuelle eliten og langt inn i klimavitskapens rekker.

Publisert

Demokratiet er under press både fra høgre og venstre. Så seint som i det eg sit og skriv dette, rapporterer Dagsrevyen at PST har gjennomført ein aksjon der dei har gått fra dør til dør og oppsøkt barn og unge som deltar i skjulte grupper på nettet der dei hyllar Anders Behring Breivik og andre terroristar på den ekstreme høgresida. Politiet ser på dei som ein potensiell trussel, men håpar at det i første omgang skal vere mogleg å «snakke dei til rette». I Sverige, men også i Norge og dei andre nordiske landa, har den nynazistiske organisasjonen Nordiska Motståndsrørelsen gjennomført fleire valdelege aksjonar dei siste åra. Målet er å erstatte dei nordiske demokratia med ein sameint etnisk nordisk nasjon, hevdar dei.

Jon Naustdalslid er statsviter og fagbokforfatter. Han har arbeidet innen akademia og har blant annet vært leder for Norsk Institutt for by- og regionforskning. Han har gitt ut boka Klimatrusselen – krise for demokratiet?

På venstresida ser vi at ml-rørsla fra 1970/80-åra får nye rotskot i utkanten av partiet Raudt. Ei gruppe med hemmeleg medlemskap, Kommunistisk enhet, har som mål å realisere Norge som eit kommunistisk samfunn ved å infiltrere parti og organisasjonar på venstresida. Kor langt gruppa har greidd å infiltrere Raud Ungdom (RU) , er det vanskeleg å seie. Partileiinga prøver etter beste evne å irettesette ungdomen og tone ned kommunistpunktet i partiprogrammet, men både i RU og langt inn i partiet Raudt er det personar og smågrupper som ope kallar seg kommunistar og leninistar og held fast ved at Raudt i grunnen er (og i alle fall burde vere) eit kommunistisk revolusjonært parti.

Desse ekstreme og opne antidemokratiske utvekstane på båe sider av det politiske spekteret skal vi sjølvsagt ta på alvor. Ingen av desse gruppene representerer likevel ein reell trussel mot demokratiet i Norge i dag. Tvert om tener truleg publisitet om dei til å få «vanlege menneske» til å slutte opp om demokratiet. Det er likevel utan tvil det som rører seg på den ekstreme høgresida som har størst potensial for vald og terroraksjonar, noko som til alt overmål er demonstrert. Det er også grunn til å vere uroa for at den rasistiske baserte ekstremismen på høgresida smittar over på populistiske høgrekrefter både i Norge, men så langt førsts og fremst i Europa. Revolusjonsromantikarane på venstresida er nok først og fremst ei plage og eit irritasjonsmoment for leiinga i Raudt.

Angrepa på demokratiet kjem likevel ikkje berre fra høgre og venstre. Her skal eg ta for meg eit anna antidemokratisk innslag i samfunnsdebatten som ikkje så lett lar seg plassere verken til høgre eller venstre, men som kanskje er minst like problematisk for demokratiet. Dette er eit angrep på – og mistru til – demokratiet som spring ut av miljørørsla, og som har røter i alle fall tilbake til 1960-åra. Det er eit angrep på demokratiet som ikkje er ideologisk forankra på same måte som angrepa fra høgre og venstre, men tar utgangspunkt i ei overtyding om at samfunnet er på veg mot ei miljø- og klimakatastrofe som demokratiet verken har evne eller vilje til å handtere. I dag er det den internasjonale organisasjonen Extinction Rebellion (XR), med ei aktiv norsk grein, som står fram som det mest tydelege organisatoriske uttrykket for dette angrepet på demokratiet.

Dette skal eg komme tilbake til, men det er viktig å vere klar over at XR i grunnen berre er eit organisert uttrykk for ein langt eldre demokratiskeptisk tradisjon i delar av miljørørsla.

Påstandane om at demokratiet ikkje kan handtere miljøproblema var høgst levande både internasjonalt og i Noreg i god tid før klimaproblemet blei løfta fram som den største trusselen. Den miljøpolitiske «oppvakninga» blir gjerne tilskrive Rachel Carsons ikoniske bok Den tause våren fra 1962 (Carson 1962). Her beskriv ho eit scenario der miljøgiftene har tatt livet av insekta, og som konsekvens av dette også fuglane, slik at våren kom utan fuglesong. Saman med Garret Hardins epokegjerande essay fra 1968, der han beskriv «allmennings tragedie» som den individuelle fridomen til å utnytte naturressursane, blei det langt på veg akseptert at det å ta vare på naturen krev ei overordna tvangsmakt som er kunnskapsbasert meir enn folkeleg forankra (Hardin 1968). Med Romaklubben og boka Limits to Growth i 1972 fekk nymalthusianismen eit fast grep om miljørørsla over store delar av verda, slik også i Norge. Boka skal vere spreidd i over 30 millionar eksemplar og omsett til 30 språk (Meadows mfl. 1972). Den enkle bodskapen var at naturressursane held på å ta slutt (inklusive oljen). Forklaringa i store delar av den økologisk orienterte miljørørsla var å kople eit nært føreståande økologisk samanbrot til vår moderne livsstil, økonomiske vekst og ressursøyding. Svaret blei eit angrep på den økonomiske veksten og visjonen om ei tilbakevending til eit Rousseaus idealsamfunn der vi alle lever i pakt med naturen.

Dei mest engasjerte idealistane innsåg at dette ikkje ville vere mogleg innafor eit fritt demokratisk samfunn. Folk flest forstår ikkje krisa, og dei forstår ikkje sitt eige beste. Dei er egoistiske og tenker kortsiktig. Difor må politikken løftast ut av demokratiet og gjerast mindre avhengig av «folk flest». Eit sentralt namn i den internasjonale debatten her er den amerikanske politiske filosofen William Ophuls, som baserer mykje av tenkinga si på Platons lære om at samfunnet må styrast av ein opplyst elite. Det er berre eit slikt «opplyst presteskap» som vil vere i stand til å styre det globale romskipet, skriv han (Ophuls og Boyan 1992, 210). For å redde verda fra økologisk samanbrot, var det behov for eit «tidsavgrensa opplyst økologisk einevelde», skreiv populisten og økofilosofen Hartvig Sætra. (Sætra 1990) Steinar Lem, leiar for organisasjonen Framtiden i våre hender, hevda i 1994 at «demokratiet er terror mot det ufødte» (Lem 1994, 148). Min tidlegare lærar i statsvitskap, professor Thomas Chr Wyller, hevda alt i 1988 at jorda berre kan reddast gjennom eit opplyst einevelde (Wyller 2007, 123).

Som eit ekko av denne diskusjonen på slutten av 1900-talet skriv den svenske filosofen Torbjörn Tennsjö i 2018 at «jag tror att lösningen på problemet måste vara inte global demokrati, utan global despoti (......) Om mänskligheten alls kommer att räddas, vilket är högst osäkert, så kommer det att ske med hjelp av en global upplyst despotisk styrelse» (Tennsjö 2018). Den norske filosofen Arne Johan Vetlesen følgjer opp med å erklære at det parlamentariske demokratiet slik vi kjenner det, ikkje er ei styreform som er eigna til å løyse klima- og miljøproblema (Vetlesen 2020). Ein anna demokratiskeptisk filosofiprofessor, Odin Lysaker, hevdar at det representative demokratiet har vore ein av drivarane bak dagens økokrise (Lysaker 2024). Den vidkjende naturvitaren og miljøaktivisten James Lovelock, som døydde på sin 103-årsdag i 2022, sa i eit stort oppslått intervju med avisa The Guardian i 2010 at menneska kort og godt er for dumme til å takle eit så stort problem som det klimakrisa er. Det moderne demokratiet er det viktigaste hinderet for meiningsfull klimainnsats, hevda han. Klimatrusselen kan liknast med ein krigstrussel, og i slike situasjonar er det akseptabelt å sette vanlege demokratiske spelereglar til side (Hickman 2010).

Den skepsisen til demokratiet som vi ser her, og med røter tilbake til 1960-åra, lar seg ikkje plassere langs ein høgre-venstre skala. Her finn vi ikkje noko ideologisk svar på korleis problemet skal løysast - ikkje noko som liknar eit kommunistisk idealsamfunn eller eit nazi-inspirert diktatur. Denne «moderne» antidemokratiske rørsla har rett nok det til felles med så vel kommunismen som nazismen at den kapitalistiske verdsøkonomien får ansvaret for krisa. Kjende døme på antidemokratiske styreformer til høgre og venstre blir likevel avviste som ubrukelege, samtidig som alternativet til det liberale demokratiet gjerne blir framstilt som noko som skal bli til gjennom ein folkeleg og kunnskapsbasert prosess.

Dei antidemokratiske straumdraga som vi har sett i siste del av 1900-talet og dei første par ti-åra av klimakampen, har likevel ikkje ført til direkte antidemokratiske organisasjonar. Miljøorganisasjonane kan rett nok ha vore skeptiske til demokratiet og politikarane, men dei har vore sakorienterte, og gjerne forsøkt å påverke politikken gjennom aktivisme, men utan ein målretta antidemokratisk agenda om å avvikle det parlamentariske demokratiet.

Dette har endra seg med Extinction Rebellion. Organisasjonen blei skipa i 2018 i England av dei tre grunnleggarane Roger Hallam, Gail Bradbrook og Simon Bramwell. I følgje nettsida til den norske greina har XR nå over tusen lokale grupper i nærmare 90 land. «Vår strategi er opprør; ikkevoldelig og forstyrrende sivil ulydighet, sammen med markeringer som bruker sterk symbolikk for å vekke folk til handling», skriv den norske greina av XR på sine nettsider. Men til skilnad fra «tradisjonelle» miljøorganisasjonar rettar ikkje XR sine aksjonar seg primært mot bestemte politiske saker. Dei sakretta aksjonane har eit vidare siktemål om å avskaffe dagens styringssystem, «to bring down government», som Roger Hallam formulerer det (Hallam 2019, 23). Vestlege demokrati er nå i ein revolusjonær fase, skriv Hallam i boka Common Sense for the 21st Century, som han publiserte i 2019 (ibid.). Seks til sju milliardar menneske vil komme til å døy på grunn av klimaendringane i dette hundreåret, og «våre barn vil døy i løpet av 10-15 år», skriv han. Og sjølv om dette talet skulle vere 90% feil, betyr det at 600 millionar menneske vil døy av svolt dei neste 40 åra, legg han til. Dette er 12 gonger verre enn dei skrekkelege resultata av nazismen og fascismen i det 20 hundreåret, og dobbelt så mange som offera for alle folkemord gjennom historia, inklusive Holocaust, forklarar han. Det er dette «folkemordet» styresmaktene våre er villige til å la hende, skriv han vidare (s. 13). Det er difor verda i dag er påstått å vere i ein revolusjonær fase der våre styresmakter er ute av stand til å redde verda fra total kollaps. Målet med organisasjonen er følgjeleg å avvikle dagens form for demokratisk styre og erstatte det med det XR kallar borgarråd.

I boka Etikk i klimakrisens tid, utgitt på det seriøse forlaget Res Publica, refererer filosofen Arne Johan Vetlesen til vitneprovet sitt til støtte for XR-aktivistar som var tiltala for lovbrot i samband med sivil ulydnad, skriv Jon Naustdalslid.

Hadde no dette berre vore ein einsleg forvilla fanatikar, trong vi ikkje bry oss så mye om det, men vi har å gjere med kanskje den mest profilerte grunnleggaren av XR. Vi ser dessutan tydelege spor etter tankegangen hans, og den strategien han skisserer i boka, i vårt heimleger XR. Også i vår heimlege debatt har såleis samanlikninga mellom klimatrusselen og nazi-trusselen dukka opp. I boka Etikk i klimakrisens tid, utgitt på det seriøse forlaget Res Publica, refererer filosofen Arne Johan Vetlesen til vitneprovet sitt til støtte for XR-aktivistar som var tiltala for lovbrot i samband med sivil ulydnad. Her bad han dommaren om å gjere ei samanlikning med opposisjonelle som sette livet på spel for å åtvare mot Hitler. To ulike situasjonar, skriv han, men den faren det blir åtvara mot er, i følgje Vetlesen, like stor i vår tid « ..... der mektige politiske og økonomiske aktører med åpne armer ødelegger livsgrunnlaget for kommende generasjoner» (Vetlesen 2022, 122–23). Sett på spissen impliserer med andre ord Vetlesen at den norske regjeringa og det norske politiske leiarskapet er ein like stor trussel mot samfunnet i dag som det Hitler var i 1930-åra.

Det er i dette lyset vi må forstå XR si opprørserklæring (Declaration of Rebellion) som er publisert med stort sett likelydande ordlyd på ei lang rekke språk. I den norske varianten blir det erklært «opprør mot regjeringen og de medansvarlige og handlingslammede institusjonene som truer vår felles framtid.» Styresmaktene blir skulda for medvite å øydelegge naturen til fordel for kortsiktig gevinst og privat profitt. Difor er det «ikke bare vår rett, men vår plikt å gjøre opprør», heiter det: «Med dette erklærer vi samfunnskontrakten for å være brutt, ugyldiggjort av myndighetenes mangel på nødvendig handling. Vi oppfordrer enhver prinsippfast og fredelig borger til å gjøre ikke-voldelig opprør sammen med oss.».

Målet med XRs ikkjevaldelege aksjonar er med andre ord ikkje først og fremst det som det blir aksjonert mot i den aktuelle aksjonen, men å samle nok støtte fra fortvila og frustrerte miljø- og klimaaktivistar til å kunne blokkere tilstrekkeleg mange samfunnsfunksjonar, slik at samfunnet kan lammast og XR tvinge gjennom sine prinsipp for å «redde naturen og framtidige generasjonar».

Miljøorganisasjonar slik vi kjenner dei, både i Norge og elles i dei demokratiske delane av verda, er opptekne av å skape seg størst mogleg folkeleg oppslutnad og støtte for sitt syn, og med dette som grunnlag å påverke politikken nasjonalt og lokalt. Ein av styrkane til det norske demokratiet er nettopp breidda og mangfaldet i organisert aktivitet i sivilsamfunnet. Demokratisk aktivisme går ut på å skape størst mogleg oppslutning om det ein kjempar for. Klassiske eksempel på sivil ulydnad slik vi kjenner det innafor denne tradisjonen, er til dømes Mardøla-aksjonen i 1970, Alta-aksjonen i 1979, og meir nyleg den pågåande aksjonen mot det såkalla Engebøprosjektet i Sunnfjord. Men dette er ikkje strategien til XR. Målet til XR er ikkje å samle støtte for å påverke ei bestemt sak. Vi må ikkje gjere den feilen å tru at vi kan få folk flest med oss, skriv Hallam i boka si (s 23). Det er nok at nokre få gjer aktivt opprør så lenge resten av samfunnet står stille og aksepterer det. «Målet vårt er å samle nok ressursar for å nå eit kritisk punkt der politikarane blir stilt overfor eit val, enten gje opp makta eller å undertrykke oss», skriv han vidare (s. 27). Hallam refererer til forsking som indikerer at oppslutning fra 3,5 prosent av befolkninga er nok til å skape så mykje kaos i samfunnet at politikarane må gje opp og akseptere XRs krav, slik at ikkje samfunnet skal bryte saman. Sjølv meiner han rett nok at ein prosent ville vere tilstrekkeleg som ein elite til å leie opprøret dersom mange nok fra «den liberale eliten» ville ha sympati for det som skjer (s. 74).

Hallams bok må sjølvsagt ikkje oppfattast som eit program for XR, sjølv om det langt på veg er slik han presenterer boka. Han har også måtte moderere påstandar om Holocaust og klimaproblemet. Dette har likevel ikkje halde andre fra å samanlikne dagens klimatrussel med nazismen, som vi har sett. Det synest også opplagt at strategien til den norske greina av XR til dels er ein blåkopi av den strategien Hallam beskriv i boka. Heller ikkje XR i Norge har som mål å nå breitt ut og aktivisere folk flest for klimasaka. Det er ei oppgåve for den breiare klimarørsla, seier talsmann for XRs ungdomsavdeling, Jonas Kittelsen, til studentavisa Universitas i august 2021. «Skolestreiken aktiviserer de passive, som er kjempeviktig. XR aktiviserer de aktive», seier Kittelsen til avisa. XRs rolle, seier han, er å radikalisere og flytte debatten. Det er nemleg ikkje noko mål for denne «demokratiske» organisasjonen å få oppslutning fra vanlege menneske. «Det er viktig å understreke at XR ikke er for alle.» Ved at XR engasjerer seg i ekstreme aksjonar, ryddar det vegen, og flytter grensene for kva meir folkelege aksjonar kan få aksept for i breie lag av samfunnet. Andre rørsler blir aksepterte gjennom at XR blir «en slags bad guy», seier Kittelsen (Eidesvik og Lien 2021).

Med andre ord: XR forstår seg sjølv som ei slag «elitetropp» som skal setje dagsorden og tøye grensene i miljø- og klimakampen. Dei skal stå fram som ekstreme og «bad guys» men i den gode saks teneste. På denne måten skal dei bli aksepterte, og oppfatta som allierte, også av tradisjonelle, demokratisk innstilte menneske og organisasjonar. Og langt på veg kan det sjå ut som dei har lykkast. I samband med den norske skulestreiken for klimaet, inspirert av Greta Thunberg, hausten 2018, kunngjorde ei rekke leiande akademikarar og kjende norske kulturpesonar si støtte til streiken ved samtidig å publisere, og slutte seg til, Extinction Rebellions opprørserklæring. Her finn vi ikkje berre biletkunstnarar, forfattarar og musikarar, men også leiande vitskapsfolk på klima- og miljøfeltet. Det er interessant å sjå at sentrale klimaforskarar går offentleg ut og erklærer samfunnskontrakten for broten og manar til opprør mot samfunnets legitime demokratiske institusjonar med ein påstand om at våre politiske institusjonar er ein trussel mot vår felles framtid.

Ein kan undre på om desse forskarane og andre fra den intellektuelle eliten har tenkt over at dei er med på å legitimere ein grunnleggande antidemokratisk organisasjon. Truleg hadde dei ikkje det. Enkelte av underskrivarane, som den profilerte miljøforskaren Dag Hessen, har i ettertid gått ut og forsøkt å distansere seg fra innhaldet i oppropet. Oppropet var, som han skriv, «skrevet med utestemme og inneholdt noen formuleringer som ble tolket som ikke-demokratiske, for ikke å si anti-demokratiske.» «Naturligvis er ingen av oss som skrev under oppropet, anti-demokratiske», legg han til (Hessen 2020, stad 242). Det har han sikkert rett i, men det er ikkje poenget. Poenget er at det er umogleg å prate seg bort fra at det «manifestet» som Extinction Rebellion bygger på, er grunnleggande antidemokratisk, og at den skildringa av klimasituasjonen som rørsla bygger på, er utan rot i seriøs klimavitskap. Når nokre av landets fremste klima- og miljøforskarar likevel sluttar seg til dette (kanskje ureflektert) og går god for at samfunnskontrakten er broten, bidrar dei også til politisk polarisering, undergraving av demokratiet og til sjuande og sist også undergraving av ein demokratisk forankra klimapolitikk. Det vi tvert om burde kunne vente fra Norges fremste intellektuelle, inkludert framståande miljø- og klimaforskarar, ville vere at dei åtvara mot udemokratiske element som undergrev tilliten til ein demokratisk klimakamp, og at dei slår ned på direkte forvrenging av klimavitskapen.

Dette var heller ikkje eit einstaka tilfelle. Vi ser ganske jamt at representantar for andre – og demokratisk forankra – organisasjonar er med på å legitimere XR. Det mest oppsiktsvekkande er kanskje at landets rikskringkastar, NRK TV, allierte seg med XR i serien «Norge i rødt hvitt og grått» og tar sjåarane med på kurs om planlegging og gjennomføring av ulovlege aksjonar i regi av XR for å hindre nedbygging av norsk natur.

XR blir gjerne sett på som eit litt friskt pust i miljø- og klimadebatten. Rett nok litt ekstreme, men som del av ein felles front i den gode saks teneste. Den typen «ikkjevaldelege» aksjonar dei står for, blir gjerne samanlikna med så som Alta-aksjonen, Mardøla-aksjonen eller aksjonen mot gruvedrift i Reppafjord og Engebø. I den same Universitas reportasjen som vist til ovafor, seier Sondre Hansmark, leiar for Unge Venstre, at han ikkje har «et vondt ord å si om XR». « ....Jeg tenker at det må være helt greit. Jeg skjønner det brennende engasjementet og jeg jobber med den samme saken hver dag». Det verken Hansmark eller mange andre ser ut til å ha fått med seg, er at målet med XRs aksjonar ikkje er å påverke utfallet av ei sak, men, som Kittelsen formulerte det, å «radikalisere (....) og flytte debatten».

Det har blitt hevda at XR skader klima- og miljøsaka ved at dei ekstreme aksjonane skremmer bort folk, heller enn å mobilisere dei. «... (F)lesteparten av dem som går forbi XR får lyst til å stemme Frp», sa leiar i Unge Høgre Ola Svenneby til den same Universitas-reporteren. Men mest truleg er det nettopp ei slik polarisering av debatten XR ønskjer å få til. Jo fleire «vanlege menneske» som tar avstand fra klimakampen, og di meir denne ekstreme forma for aksjonisme aukar oppslutninga om høgrepopulistiske klimafornektarar, di lettare blir det for XR å «radikalisere» den aksjonistiske eliten dei er opptatt av å bygge opp. Di lettare blir det «å flytte debatten», som Jonas Kittelsen uttrykker det, og radikalisere dei som er bekymra.

Vi ser ein strategi og taktikk nærmast som ein blåkopi av Roger Hallams strategi: For XR er det viktig å stå fram som ein radikal «avantgarde» i klimakampen, samtidig som ein får sympati og aksept fra namngjetne intellektuelle, det Hallam kalla «den liberale eliten». Ser vi tilbake i historia, er taktikken lett å kjenne igjen. I Norge kjenner vi han først og fremst fra ml-rørsla i 1970- og 80-åra. Radikal ungdom og intellektuelle blei tiltrekte av ei antidemokratisk rørsle som hevda å stå i brodden i kampen for dei svake og undertrykte både nasjonalt og internasjonalt, og som såg det som sitt fremste mål å kjempe mot den kapitalistiske staten. Liksom ml-rørsla er XR ein elitistisk og lukka organisasjon utan kjent medlemskap og med lukka møte. Går ein til XRs nettsider, finn ein ingen ting om leiing og organisasjonsstruktur.

Nå trur rett nok ikkje det norske XR at det er mogleg å rekruttere tilstrekkeleg mange (3,5 prosent, eller 189 000 i Norges tilfelle) til å lamme samfunnet slik at XR kan ta over makta over staten. Jonas Kittelsen trur ikkje det er mogleg på kort sikt. Vi må vere realistiske og starte fra der vi er, seier han. Han ser likevel framover. «Hvis vi snakker 20-30 år fram i tid og det går mot klimakollaps, så tror jeg ikke det er det største problemet å mobilisere så mange.» (Eidesvik og Lien 2021). Vi ser med andre ord konturane av ei fanatisk «millenniumrørsle» som førebur medlemmane og sympatisørane sine på den kommande apokalypsen.

Som alle andre antidemokratiske rørsler presenterer også XR seg som demokratisk. Ja, ikkje berre det, dei hevdar å stå for ei høgare form for demokrati enn det parlamentariske folkestyret som dagens demokrati bygger på. Dei skal «utvide demokratiet». Vi skal få eit demokrati som ikkje er i hendene på «korrupte» politikarar, men styrt av eit borgarråd (Citizen´s Assembly). Borgarrådet skal bestå av eit tilfeldig samansett utval av menneske fra alle delar av samfunnet som ikkje står til ansvar for nokon andre enn seg sjølv. Borgarrådet «er en måte å forsikre seg om at folk finner løsninger og ikke politikere» i følgje ein av aksjonistane som blei intervjua av Universitas. Som ein må forstå det, skal denne forsamlinga få opplæring og bli rettleia av ekspertar som forstår seg på klimakrisa. Dei skal så samrå seg fram til kva som «må gjerast» for stanse klimaendringane. Denne løysinga skal presenterast for politikarane.

Med andre ord: Klimapolitikken skal takast ut av den folkevalde politikken og overlastast til ei tilfeldig samansett forsamling av «vanlege folk» som er skolerte av det som XR oppfattar er relevante ekspertar. Politikaranes oppgåve er å gjennomføre det dette borgarrådet har komme fram til. Det nærmaste vi kjem noko som likna på denne forma for «demokrati» er kanskje prestestyret i Iran.

Verken den ideologiske leiaren Roger Hallam eller den norske greina av organisasjonen er særleg tydelege på korleis slike borgarråd skal rekrutterast og fungere i praksis. Det nærmaste eg har komme over som kanskje kan kaste litt lys over dette, er ein «Guide to Citizens´Assemblies», som ser ut til å vere utarbeidd av den britiske organisasjonen. Denne gjer greie for ein detaljert, og komplisert, struktur med ulike undergrupper og interne styringsorgan, så som Koordineringsgruppa, Det rådgivande styret, Ekspertpanelet, osv. Korleis inndelinga i ulike komitear, råd og styre skal komme i stand, seier ikkje rettleiaren noko om. Men nokon må jo organisere dette, velgje ut kompetent og «rett» ekspertise til ekspertpanelet, osv. Eitt grunnleggande prinsipp er likevel tydeleg: å halde politikarar og andre samfunnsinteresser borte fra borgarrådet. «Tryggingsmekanismar må vere på plass for å sikre at mektige «stakeholders», så som offentlege styresmakter, ikkje er i stand til å påverke utveljinga av medlemmer til koordineringsteamet, slik at det kan fungere i deira interesse.»

Aktivister fra organisasjonen Extinction Rebellion sperrer i mai 2023 alle innganger til Stortinget.

Korleis borgarrådet skal kunne styre samfunnet, er om mogleg enda meir utydeleg. Her er Hallam mest direkte: «Det nasjonale borgarrådet vil bli det nye styringsorganet for Storbritannia og vil ta seg av klimakrisa.» (Hallam 2019, 22). I følgje Jonas Kittelsen, skal det norske borgarrådet ha ei «rådgivande rolle til Stortinget», og «der Stortinget har bevisbyrde og forklaringsplikt hvis de velger å avvise borgerrådets innstilling» (Extinction Rebellion er demokrati i praksis 2022). Dette skal vere «det motsatte av et ekspertutvalg», blir det påstått. Like fullt skal desse tilfeldig utvalde medlemmene av det norske folk få opplæring av ekspertar og rettleiast fram til den omforeinte konklusjonen som Stortinget skal presenterast for.

Vi ser konturane av eit system der alt på overflata ser egalitært, uorganisert og fritt ut, men der det reelle styringssystemet er skjult under denne demokratiske fernissen. Dersom det er noko det liknar på, må det vere George Orwells Animal Farm, der alle dyr er like, men nokre dyr er meir like enn andre.

Det er all grunn til å stille spørsmålsteikn ved ei rørsle som på den eine sida kallar seg demokratisk, og på den andre sida hevdar at oppslutning fra maksimum 3,5 prosent av folket er nok til at dei kan tvinge til seg makta over staten på vegne av «den tause majoriteten». «Er vi kommet dit at man ikke kan kjempe for den tause majoritet uten å bli stemplet som anti-demokratisk?», spør Jonas Kittelsen retorisk (Extinction Rebellion er demokrati i praksis 2022). For meg er svaret at dit bør vi faktisk vere komne. Betre blir det ikkje når rørsla i tillegg påstår seg å representere framtidige generasjonar og naturen, og at for at alle desse underkua interessene skal komme til makta, er det nødvendig at eit lite elitistisk mindretal, som rett nok talar på vegne av «den tause majoriteten», skaffar seg kontroll over det Stortinget som det norske folk har valt representantar til i opne og frie val. Dette er XRs form for «utvida demokrati».

Det er ingen grunn til å vere redd for at Extinction Rebellions «utvida demokrati» skal overta styringa av Norge. Det er ikkje problemet. Problemet er at den grunnleggande antidemokratiske tankegangen som organisasjonen representerer, får fotfeste langt utafor XRs rekker og avsporar ein fornuftig klima- og miljødebatt. Klimaproblemet er altfor alvorleg til at XR skal få setje rammene for debatten. Påstanden om at XR representerer Norges «tause majoritet» er publisert på nettsidene til Forfattaranes Klimaaksjon. Her stiller ein aksjon som legg vekt på å drive ein demokratisk klimakamp opp som plattform for å legitimere ein grunnleggande antidemokratisk miljøorganisasjon. Men vi ser også at XRs retorikk har fått innpass også i forfattaraksjonen, der dei på nettsida si omtalar den globale oppvarminga som «a crime against humanity». Vi ser med andre ord at XR til ein viss grad har lykkast med «å selje planen sin til ein kritisk masse av ‘avhopparar’ i den liberale eliten», (Hallam 2019, 72) eller det som Lenin kanskje ville ha kalla «revolusjonens nyttige idiotar».

Sett i det større perspektivet er likevel dei fascistiske og halvfascistiske straumdraga som rører seg på den populistiske høgresida, både her i Norden og i den demokratiske verda, ein langt større trussel mot demokratiet og samfunnet. Bekymringsfullt nok har delar av denne rørsla også peika på klima- og miljøproblemet som ein trussel som samfunnet må vernast mot.

Det er teikn til at høgrepopulistiske parti i Europa er i ferd med å opne opp for grøn og økologisk legitimering av den politikken dei står for. Det gjeld ikkje berre den reine nazistiske rørsla, Nordiska Motståndsrørelsen her i Skandinavia (Darwish 2018). Marine Le Pens parti, Nasjonal Samling i Frankrike, har lansert ei plattform som skal «gjere Europa til verdas første økologiske sivilisasjon». Dette skal oppnåast mellom anna ved å verne om landegrensene i Europa. Også på den ekstreme høgresida i Italia, rundt grupper som Forza Nuova og Alternative Sociale, finn vi tilsvarande ideologisk tankegods (Biehl og Staudenmaier 2011) Difor bør vi kanskje merke oss åtvaringa fra den amerikanske historikaren Peter Staudenmaier. Han har særleg studert forholdet mellom økologi og nazisme/fascisme og åtvarar mot politikarar og aktivistar som hevdar at dei i dagens politiske landskap ikkje høyrer heime verken til høgre eller venstre, men berre «er i front». «Erfaringane fra fascistisk økologi viser at under dei rette vilkår, kan ei slik orientering lett leie til barbarisme», skriv han (Staudenmaier - 2012 - Fascist Ecology The ‘Green Wing’ of the Nazi Part.pdf u.å., 42).

Vi skal likevel ikkje måle fanden på veggen. Truleg tel XR i Norge berre nokre tital ekstreme medlemmer som let seg bruke som spydspissar i aksjonar. Vi har også sett at det har vore nødvendig for organisasjonen å mobilisere aktivistar både fra Sverige og Danmark for å skape tilstrekkeleg blest om enkelte aksjonar. Som alle andre millenniumrørsler så langt, kjem truleg også XR til å måtte vente forgjeves på apokalypsen. Klimavitskapen spår i alle fall ikkje noko apokalypselikande samanbrot som dei 6-7 milliardane døde som dei mest ekstreme i XR ventar seg.

Det vi likevel kan vere bekymra for, er at radikaliserte ekstremistar mister trua på XRs ganske tannlause borgarråd, og søker seg mot (først og fremst) den ekstreme, militaristiske og meir eller mindre fascistiske høgresida i klimakampen, slik Peter Staudenmaier åtvarar mot.

Det er i alle fall grunn til å vere bekymra for at ei så lita ekstremistgruppe får aksept og sympati fra store delar av den demokratisk orienterte klima- og miljørørsla, delar av den intellektuelle eliten og langt inn i klimavitskapens rekker. Dette vitnar om manglande medvit om kva eit levande demokrati betyr for det samfunnet vi lever i. Når namngjetne professorar ved norske universitet gir aktivt uttrykk for mistru til det norske demokratiet, går god for at samfunnskontrakten for broten, og mest ekstremt sidestiller XRs aksjonar mot norske demokratisk valde styresmakter med kampen mot Hitler, gir det meir grunn til bekymring på vegne av demokratiet enn at XRs borgarråd skal ta over styringa av landet.

Samtiden har tatt kontakt med Extinction Rebellion, men de har ikke svart på vår henvendelse. Arne Johan Vetlesen svarer i morgen.

 

Referansar

Biehl, Janet, og Peter Staudenmaier. 2011. Ecofascism Revisited: Lessons from the German Experience. New Compass Press.

Carson, Rachel. 1962. Silent spring. 25th anniversary. Boston: Houghton Mifflin Co.

Darwish, Maria. 2018. «Green neo-Nazism». University of Oslo.

Eidesvik, Anders, og Sara Aarøen Lien. 2021. «Mobiliserer for livet». https://www.universitas.no/studentaktivisme/mobiliserer-for-livet/125614 (23 juni 2024).

«Extinction Rebellion er demokrati i praksis». 2022. KLIMAAKSJON / NORWEGIAN WRITERS´ CLIMATE CAMPAIGN // NWCC. https://forfatternesklimaaksjon.no/2022/09/19/extinction-rebellion-er-demokrati-i-praksis/ (6 juli 2024).

Hallam, Roger. 2019. Common Sense for the 21st Century. Carmarthenshire: Wern Dolau/Goldden Grove.

Hardin, Garrett. 1968. «The Tragedy of the Commons». Science 162: 1243–48.

Hessen, Dag O. 2020. Verden på vippepunktet. Hvor ille kan det bli? Oslo: Res Publica.

Hickman, Leo. 2010. «James Lovelock: Humans Are Too Stupid to Prevent Climate Change». The Guardian. https://www.theguardian.com/science/2010/mar/29/james-lovelock-climate-change (18 september 2019).

Lem, Steinar. 1994. Den tause krigen mot de fattige og mot miljøet. Oslo: Forum.

Lysaker, Odin. 2024. Ecological Democracy: Caring for the Earth in the Anthropocene. London: Routledge.

Meadows, D. H., D. L. Meadows, J. Randers, og W. W. Behrens. 1972. The Limits to Growth. New York: Universe Books.

Ophuls, William, og A. Stephen Boyan. 1992. Ecology and the politics of scarcity revisited: the unraveling of the American dream. New York: W.H. Freeman.

«Staudenmaier - 2012 - Fascist Ecology The ‘Green Wing’ of the Nazi Part.pdf». https://epublications.marquette.edu/cgi/viewcontent.cgi?article=1155&context=hist_fac (20 januar 2020).

Sætra, Hartvig. 1990. Jamvektssamfunnet er ikkje noko urtete-selskap. Oslo: Samlaget.

Tennsjö, Torbjörn. 2018. «Så kan klimatkrisen leda fram till en global despoti». DN.SE. https://www.dn.se/kultur-noje/sa-kan-klimatkrisen-leda-fram-till-en-global-despoti/ (11 september 2019).

Vetlesen, Arne Johan. 2020. «Én sak over alle andre. Er miljøbevegelsen en fare for demokratiet?» Klassekampen.

Vetlesen, Arne Johan. 2022. Etikk i klimakrisens tid. 1. utgave, 1. opplag. Oslo: Res Publica.

Wyller, Thomas Christian Fredrik. 2007. Ytringer. Oslo: Transit.

 

 

Powered by Labrador CMS