Foto

Foto: iStock/Poike: Når mange i tillegg rapporterer om topptung styring, dårleg organisering og at det faglege skjønnet til tider blir sett til sides, snakkar vi om eit helsefarleg arbeidsmiljø, skriv Ragnhild Lied.

SYNSPUNKT: Psykososialt sjukefråvær

Publisert: 2. mai 2022 kl 09.43
Oppdatert: 2. mai 2022 kl 10.03

­Ragnhild Lied er leder i Unio

SYNSPUNKT: Stadig fleire arbeider i tenesteytande næringar. Mange arbeider med og for folk. Risikofaktorane for arbeidshelsa er annleis i desse yrka enn i den klassiske industrien.

Likevel er det industrien sine tradisjonar som pregar lovgjeving og forskrifter knytt til arbeidsmiljø og HMS-arbeidet.

I eit intervju med Unio Perspektiv slår forskar Håkon Johannessen i STAMI fast at det er store gevinstar å hente på å betre det psykososiale arbeidsmiljøet: «Mens det er mange og gode standarder og virkemidler for å måle pulthøyder eller luft- og lyskvalitet på arbeidsplassene her i landet, er det mer å gjøre med det psykososiale arbeidsmiljøet. Det er mer komplekst og vanskeligere å jobbe med enn den ‘tradisjonelle’ tilnærmingen til arbeidsmiljøet, som har opphav i målinger av for eksempel støy eller utslipp av skadelig materiale i industrien».

Samtidig er grunn til å  framheve at arbeidsmiljøet på dei fleste norske arbeidsplassar er jamt over godt. Trivselen er høg. Men på eitt område har vi altså forsømt oss.

Det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet heng etter.

Regelverket er for lite konkret, både når det gjeld førebygging og oppfølging. Det rammar mange. Difor må vi ruste opp denne delen av arbeidsmiljøpolitikken.

Annonse

Både Danmark og Sverige har dei siste åra vore meir offensive på dette området Danmark er lengst framme når det gjeld lovregulering. Nyleg har den svenske arbeidsministeren varsla ei ny utgreiing om arbeidsmiljøet. I grunnlaget heiter det mellom anna at gjeldande lov gir betre vern mot ulykker i industrien enn mot arbeidsrelaterte sjukdomar i teneste- og velferdssektoren. Søkelyset blir særskilt retta mot arbeidsmiljøet i kvinnedominerte yrke.

Dette arbeidet er i høgste grad relevant også for norsk arbeidsliv.

Regjeringa har varsla storreingjering i arbeidslivet, men har ikkje fanga opp behovet for å styrke det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet. I alle fall ikkje i første omgang.

Men det er ikkje for seint. Både arbeidsmiljølova og det praktiske HMS-arbeidet må forbetrast på dette området.Også i akademia slit mange med dårleg arbeidshelse. I eit innlegg i Khrono (16.4.2022) skriv professor Ellen Lexerød Hovlid at «over halvparten av stipendiatene har symptomer på dårlig psykisk helse, og gråtende stipendiater er vanligere enn ikke-gråtende. Under pandemien har dette ikke blitt bedre, bare verre, og nå ropes det varsko om stipendiaters psykiske helse».

Det er litt underleg at Noreg har tapt terreng når det gjeld psykososialt arbeidsmiljø. Fleire norske fagmiljø var opptekne av dette på 1970-talet, og Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) var ein sentral arena for dette temaet. No må dette høgare på dagsordenen.

I IA-avtalen har det psykososiale arbeidsmiljøet fått ein viss plass, særleg som ledd i det førebyggande arbeidet.I fleire av bransjeprogramma i IA-avtalen har dette til dømes fått ein sentral plass. Dessverre har pandemien forseinka dette arbeidet. Samstundes har pandemien til fulle vist kor viktig arbeidsmiljøet generelt er, og ikkje minst kor viktig det psykososiale arbeidsmiljøet er. Her ligg det ei oppgåve for neste IA-avtale. Fleire fagmiljø, til dømes AFI, SINTEF og STAMI (Statens arbeidsmiljøinstitutt), forvaltar mykje kunnskap ein kan dra nytte av her

Mange arbeidstakarar melder om at mangel på tid og ressursar er negativt for arbeidsmiljøet. Når mange i tillegg rapporterer om topptung styring, dårleg organisering og at det faglege skjønnet til tider blir sett til sides, snakkar vi om eit helsefarleg arbeidsmiljø. I så måte kan ein seie at New Public Management rett og slett er eit trugsmål mot arbeidsmiljøet og arbeidshelsa.

Annonse

Regjeringa har varsla ei tillitsreform i offentleg sektor. Arbeidet er i startfasen. Forhåpentlegvis vil resultatet også vere positivt for arbeidsmiljøet på offentlege arbeidsplassar.

Uavhengig av dette, er det behov for å forsterke arbeidet med å betre det psykososiale og organisatoriske miljøet. Både arbeidsmiljøet, tilhøyrande forskrifter og HMS-arbeidet må styrkast. Difor er det positivt at Arbeidstilsynet no varslar at dei vil ta initiativ til å trappe opp aktiviteten på dette feltet. Det vil vere bra både for arbeidstakarane, verksemdene og samfunnet.

Finn ledige stillinger på lederjobb.no