Synspunkt

Det går fram av Kantars helsepolitiske barometer at flere i Norge nå tviler på at det offentlige helsevesenet vil være i stand til å dekke samfunnets fremtidige behov for helse- og omsorgstjenester, uten hjelp fra private helseaktører, skriver Anne-Cecilie Kaltenborn. Foto: Heiko Junge | NTB

Synspunkt | Ragnhild Lied: Kan ikkje basere beredskap på bemanningsselskap

Kvifor skal vi ha meir liberale innleigereglar for helsesektoren? Anten snakkar vi her om politisk sjølvskading eller om eit politisk dobbeltspel, skrivar Ragnhild Lied.

Publisert Sist oppdatert

­Ragnhild Lied er leiar av arbeidstakarhovedsammanslutningen Unio.

Lyst til å sende oss et innlegg? Mailadressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

SYNSPUNKT: Regjeringa foreslo nyleg reglar som strammar kraftig inn på bruken av innleigd arbeidskraft. Endringane som arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen foreslår i Arbeidsmiljøloven, er no til handsaming i Stortinget og er i tråd med Arbeidarpartiet sine lovnader om ei opprydding i arbeidslivet.

Det er bra. Det er viktig at faste og heile stillingar skal være hovudregelen i arbeidslivet.

Underleg høyringsutspel

Difor er det svært underleg at statsråden samstundes har sendt på høyring eit forslag om ei eige forskrift som opnar for framleis bruk av innleige frå bemanningsbyrå i helse- og omsorgssektoren dersom verksemda har eit mellombels behov.

Denne forskrifta står i full motstrid til lovendringane i Arbeidsmiljlølova og intensjonane om kraftig innstramming av innleige.

Anten snakkar vi her om politisk sjølvskading eller om eit politisk dobbeltspel. Dagsavisen kallar det for ein snuoperasjon. Uansett blir konsekvensen av ei slik forskriftsendring at regjeringa baserer beredskapen på bemanningsselskap, og det ei svært dårleg løysing.

Kvifor?

Kvifor skal vi ha meir liberale innleigereglar for helsesektoren? Forskrifta grunngjev dette i eit forsvarlegheitsperspektiv og omsyn til pasienttryggleik.

Eg meiner tvert om at bruk av innleige kan ha store negative konsekvensar for dei fast tilsette i verksemda, og i verste fall gå ut over pasienttryggleiken, mellom anna dersom kontinuerlege vakansar blir dekka gjennom innleige framfor auke i grunnbemanninga.

Det kan ikkje vere slik at helsesektoren skal byggje beredskapen på innleige frå bemanningsselskap. Vi meiner at dagens adgang til å inngå avtale med tillitsvalde vil ivareta behovet for unntak frå innleigereglane i sektoren. I tillegg kan vikarar hentast inn ved behov – når det er reelle vikariatar det handlar om

Mange arbeidsgjevarar, med NHO i spissen, er kritiske til innstrammingane i Arbeidsmiljølova. Dei hevdar at dette vil hemme fleksibiliteten, og at det vil kunne sette arbeidsplassar i fare. Då blir det mildt sagt eit stort paradoks at regjeringa samstundes vil ha vide unntak for helsesektoren gjennom denne forskrifta. Argumenta minner i høg grad om dei som blir brukte mot regjeringa sitt hovudgrep.

Fornuftig innstramming

Regjeringa sitt innstrammingsforslag er fornuftig. Det kan hevdast, slik NHO gjer, at den samla bruken av innleige er relativt liten målt mot heile arbeidsstyrken. Ein FAFO-rapport har anslått omfanget til å vere 1–2 prosent. Likevel er det godt dokumentert at i fleire bransjar, og i somme regionar, er bruken svært høg, ja, nærast ein normalsituasjon. Dette fører til at det blir færre faste tilsettingar, noko som kan hemme den faglege utviklinga.

Helsesektoren er ein sektor som i dag i for stor grad baserer seg på innleige. Kostnaden for innleige er berekna til over ein milliard kroner i året berre i kommunesektoren. I sjukehusa var talet ein halv milliard kroner i 2020.

Det finst også døme på at verksemder i sektoren bruker 30 til 40 prosent innleigt arbeidskraft. Det er dei same høge tala som danna bakteppe for det foreslåtte forbodet mot innleige i byggebransjen i Oslo og Viken.

Innleige er kostbart – både på kort og lang sikt. Det beviser tydeleg at det manglar fagfolk, og at grunnbemanninga er for låg, særleg når det gjeld sjukepleiarar.

Uakseptabelt unntaksforslag

Regjeringa sitt unntaksforslag gjennom forskrifta legg til rette for at denne praksisen kan halde fram. Det er som å stikke ut ein kurs for grunnstøyting. Det er uakseptabelt å halde fram å kamuflere at grunnbemanninga er for låg. Det er direkte uansvarleg å basere beredskap på høg grad av innleige.

Her til lands og globalt blir det utdanna betydeleg fleire sjukepleiarar enn det er tilsette. Deltidsomfanget er også for høgt.

Den beste medisinen er difor å gjere sjukepleiaryrket og andre yrker i helsesektoren meir attraktive. Då må ein sjå på arbeidsmiljøet, arbeidspresset og på lønna. Dette er ikkje nytt. Det har vore sagt før. Ja, det er nettopp det som er problemet.

Avvis forskrifta

Difor må ein starte med å avvise forskrifta som skal gi unntak frå regjeringa sitt eige hovudforslag – innstramming i reglane for innleige. Her har både Unio og Norsk Sykepleierforbund vore klinkande klare overfor arbeids- og sosialkomiteen i Stortinget.

For å få samanheng i regelverket, må komiteen difor sjå på forskriftsheimelen samstundes som dei handsamar innstrammingane i arbeidsmiljølova. Dette heng diverre i hop sjølv om det ikkje heng på greip.

Powered by Labrador CMS