Synspunkt

Synspunkt | Ragnhild Lied: Den store integreringstesten

Det er ein betydeleg fare for at flyktninger frå Ukraina no blir busett i kommunar der dei ikkje får bruke utdanninga og kompetansen dei har med seg frå heimlandet, skriver Ragnhild Lied.

Publisert Sist oppdatert

­Ragnhild Lied er leiar i arbeidstakarorganisasjonen Unio.

SYNSPUNKT: Styresmaktene, og ikkje minst det norske folket, har møtt flyktningar frå Ukraina med stor velvilje. Likevel har det vore hindringar på vegen.

Det har vore, og det er framleis, usikkert kor mange flyktningar som kjem til Norge. Dette skaper problem for planlegging og tilrettelegging. Til no har det kome om lag 20 000, altså like mange som det er innbyggarar i ein middels stor norsk by. Styresmaktene reknar med at det mest sannsynleg vil kome 25-35000 til saman. Dette er avhengig av situasjonen og utviklinga i Ukraina.

Dei fleste flyktningane har fått innvilga mellombels kollektiv beskyttelse. Til denne tid har omsynet til rask busetting prega kartlegginga når flyktningane kjem hit. Familieforhold og eventuelle nettverk i Norge har vore dei primære kriteria for vidare behandling. I for liten grad har utdanning og kompetanse vore del av kartlegginga. Det aukar faren for at flyktningane kjem til «feil» kommune.

Fleire yrkesretta hurtigspor

Styresmaktene har no lansert eit fleksibelt hurtigspor for flyktningar som har kompetanse som er etterspurt av norske arbeidsgjevarar. Eg er redd at dette hurtigsporet er for generelt, slik at det ikkje godt nok viser kva for utdanning og kompetanse dei faktisk har. Mange av kvinnene som kjem, har høgare utdanning, og mange har arbeidserfaring frå offentleg sektor i Ukraina. Difor bør det opprettast fleire kompetansebaserte og yrkesretta hurtigspor, særleg for å fange opp behov for godkjenningsordningar og autorisasjonar som no ikkje blir vurderte i det generelle hurtigsporet.

Kommunane er ikkje berre ein plass å bu. Kommunesektoren er Norges største arbeidsgjevar. Difor bør kommunane i større grad legge vekt på å dra nytte av kompetansen flyktningane har. Dei må få relevant arbeid, basert på eigen kompetanse. Det gjeld ikkje berre kommunane, men heile den offentlege sektoren og det private næringslivet. Dette vil krevje samarbeid med NOKUT og andre godkjenningsaktørar. Slik kan ein betre legge til rette for at flyktningane kan få brukt eiga utdanning og eiga erfaring frå Ukraina i det norske arbeidslivet.

Sjølv om kartlegging er viktig, må langt meir til for å skape god integrering. Eit trygt og inkluderande kvardagsmiljømiljø er avgjerande for at flyktningane skal finne seg til rette. Deltaking i utdanning og arbeidsliv er samstundes viktige verkemiddel for vellukka integrering, og ein barriere mot utanforskap og fattigdom. Ikkje minst er dette avgjerande for barna. Difor må samfunnet ver budd på å bruke tid og ressursar på å investere i dei som kjem hit. Både eit godt helsetilbod, eit godt skule- og barnehagetilbod må ha høg prioritet.

Testen kjem til hausten

Den store intergreringstesten kjem til hausten. Då skal mange ukrainske barn begynne i barnehage og grunnskule. Ungdom skal ta til i vidaregåande, eller finne seg ein plass i høgare utdanning. Vaksne flyktningar skal ut i arbeidslivet eller få nødvendig opplæring. Og alle skal lære norsk.

Det er ekstra krevjande både for flyktningane og styresmaktene at situasjonen i Ukraina er usikker på mange måtar. Ekstra usikkert er det for flyktningane. Kor lenge varer krigen? Korleis er det på heimstaden min? Kva skjer med slekt og vener?

Det er naturleg at mange lengtar heim, og heller vil heim til Ukraina enn å vere flyktningar i Noreg. Det kan gjer integreringa ekstra vanskeleg. Det meste er på vent for mange.

Denne usikre situasjonen må på ingen måte brukast som kvilepute - verken for styresmaktene eller andre. Vi må sette alle klutar til for at flyktningane frå Ukraina – barn, unge, vaksne – skal ha det best mogeleg medan dei er i Norge. Det vil vere ein test på vår eigen velferdsstat.

Somme vil kanskje slå seg til her. Andre vil dra heim. Vi må syte for at desse får med seg god og verdfull bagasje frå Norge.

Powered by Labrador CMS