Synspunkt

Synspunkt | Ragnhild Lied: På tide å få tilbake heiltidsstudenten

I desse dagar har tusenvis av studentar strøymt til universitet og høgskular. Men tilbyr samfunnet dei unge gode nok studievilkår, enten det gjeld studiekvalitet eller studiefinansiering? Det gjer vi neppe, skrivar Ragnhild Lied..

Publisert Sist oppdatert

­Ragnhild Lied er leiar av arbeidstakarnes hovedsammenslutning Unio.

SYNSPUNKT: At mange vil studere og satse på kunnskap er overmåte viktig for den vidare samfunnsbygginga.

Norge manglar arbeidskraft på mange fagfelt. Det har vore ein viss nedgang i søkartala. Noko handlar om gode konjunkturar og at vi no nærmar oss ein slags normalitet etter pandemien. Ein viss variasjon frå år til år må ein rekne med. Dessutan er det positivt at fleire unge vil ta ei yrkesfagleg utdanning i staden for lange studium i høgare utdanning.

Studiefinansieringa

Det er opplagt at studiefinansieringa må styrkast. Studiestøtta har ikkje auka i takt med prisauken, og studentane opplever nedgang i kjøpekrafta. Denne hausten er det mange stader ein formidabel auke i husleiga. Unio har tidlegare kravd eit nivå påminimum1,5 G (G = grunnbeløp), og årleg regulering. Prisveksten tilseier no at nivået bør leggast på 2 G.

I tillegg må det byggast fleire studentbustader. Dette kostar, men det er ei sikker investering for framtida. Det er også ei sikker investering å satse på kunnskap og forsking på brei front. Utdanningskvalitet og forsking skal gå hand i hand. Institusjonane må i år bu seg på studentar som har gått gjennom vidaregåande utan eksamen og eksamensførebuing. Det inneber at det er kompetansehol som må tettast.

Manglar arbeidskraft

Norge manglar arbeidskraft. Det er kamp om kompetansen. Det er urovekkjande at rekrutteringa til viktige velferdsyrke er svak, og for somme fallande. Dette rammer ikkje minst offentleg sektor, somer heilt avhengig av høgt utdanna arbeidskraft for å sikre god nok kvalitet på velferdstenestene i framtida. Ikkje nok med at søkartala til studia går ned: Mange studentar fullfører ikkje. Dessutan sluttar mange i yrka.Dette har ikkje samfunnet vårt råd til

Når unge blir spurt om kvifor dei vil satse på velferdsyrka, er svaret ofte at dei vil arbeide med og for menneske. Dette er eit godt utgangspunkt. Målet må vere at denne motivasjonen held seg både gjennom studietida og i arbeidslivet. Det kjem ikkje av seg sjølv. Å vere motivert til å jobbe med og for menneske er ikkje nok i møte med eit krevjande arbeidsliv.

Praksissjokket

Dessverre ser det no ut til at «praksissjokket» skremmer vekk dyktige og motiverte unge, først frå studia, så frå yrka. Vi må med andre ord sjå heile studieløpet og karriereløpet i samanheng. Rekruttering handlar ikkje berre om å få unge og vaksne til å velje velferdsyrka, det handlar om at studentane fullfører utdanninga.

Og det handlar ikkje minst om at ferdig utdanna faktisk begynner å jobbe - og blir verande - i yrket. Ekstra viktig er det no å finne årsaka til at sjukepleiar- og lærarstudentar var minst nøgd med studia sine, ifølgje NOKUTs studiebarometer.

Det er velkjent at godt psykososialt arbeidsmiljø er viktig for trivsel og motivasjon. Når regjeringa varsla ei storreingjering i arbeidslivet, var Unio tidleg ute med krav om å ruste opp arbeidsmiljøpolitikken og å styrke det psykososiale arbeidsmiljøet. Dette er også sentrale tiltak i ein offensiv rekrutteringspolitikk.

Svak lønnspremie

Vi kjem ikkje utanom lønna. Lønnspremien for høgare utdanning er generelt svak i Norge, samanlikna med dei fleste OECD-landa. Ekstra dårleg lønner det seg for den enkelte å ta lang utdanning og så deretter ta arbeid i offentleg sektor. Særleg dårleg lønner det seg å arbeide i kommunesektoren. Det har ført til fleire rekrutteringskriser.

I skulesektoren har denne krisa ført til streik. Streiken vitnar dessutan om ei tillitskrise. Om regjeringa simykje omtalte tillitsreform vil bøte på dette, står att å sjå.

Å starte på høgare utdanning er ein stor overgang for mange. Mykje skal lærast, både om det å stå på eigne bein som vaksen og om å arbeide sjølvstendig. Dei skal å kvalifisere seg fagleg, og dermed legge grunnlaget for yrkeslivet. Studentane kan sjå fram til hardt arbeid og til interessante og viktige oppgåver både i studietida og i arbeidslivet.

Så spørst det om samfunnet – politikarar og innbyggarar – har forstått kor uunnværlege studentane er.

Powered by Labrador CMS