Sentralbanksjef Ida Wolden Bache

La oss håpe at både statsminister Jonas Gahr Støre, LO og NHO spisset ørene da sentralbanksjef Ida Wolden Bache snakket om betydningen av tillit, skriver Øystein Blymke. Foto: Heiko Junge | NTB

Synspunkt | Ragnhild Lied: Sentralbanken må roe ned

Publisert: 6. oktober 2022 kl 07.45
Oppdatert: 6. oktober 2022 kl 07.50

­Ragnhild Lied er leiar av arbeidstakarhovedsammanslutningen Unio.

Lyst til å sende oss et innlegg? Mailadressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

 

SYNSPUNKT: Betalingsproblem, auka arbeidsløyse og konkursar vil vere ein høg pris å betale for ein aggressiv rentepolitikk.

Dei fleste land har no ein prisvekst som ligg godt over sentralbankane sine inflasjonsmål. Under «normale» tilstandar er det rekna som fornuftige grep å auke renta for å dempe prisveksten. Men det som no skjer er ikkje «normalen».

Europa er i krig. Dette slår rett inn i både energiprisar, andre råvareprisar og matvareprisar. Folk blir ramma både av høgare prisar og høgare renter. Kjøpekrafta går ned. Straumstøtta avhjelper noko for mange. Samla sett vil høgare prisar og høgare renter føre til ei tydeleg nedkjøling av norsk økonomi.

Ekstrem prisvekst

Saken fortsetter under annonsen

Bakgrunnen for det heile er Putins angrepskrig mot Ukraina og den pågåande «energikrigen» mot Europa. Dette har ført til ekstrem vekst i elprisane, og det har slått inn i konsumprisane. Medan Teknisk beregningsutvalg (TBU) sitt anslag i april i forkant av lønnsoppgjera var ein prisvekst på 3,3 prosent, er SSB sitt siste anslag frå september 5,7 prosent. Prognosane for lønnsvekst var 3,7 prosent.

 

«Resultatet kan bli at rentene no blir heva så raskt og så mykje at det fører til lågare sysselsettingsvekst og arbeidsløyse.»

 

I debatten om Norges Banks rentehevingar er det to leirar. Banken sjølv og ei rekkje bankøkonomar vil stoppe den sterke inflasjonen med kraftige rentehevingar. Økonomiprofessor Steinar Holden og andre meiner banken går for raskt fram og tar for hardt i. Dei fryktar skadeverknader for sysselsettinga.

Når ein skal kjempe mot aukande inflasjon, må ein vite kva prisveksten skuldast. No er det først og fremst ei rekkje faktorar som ligg utanfor våre landegrenser som forklarer det meste av prisveksten. Det er vanskelegare å gjere noko med enn om prisveksten skuldast heimlege forhold som til dømes ekstra høg lønnsvekst.

Redusert kjøpekraft

Saken fortsetter under annonsen

Lønnsveksten her til lands har vore moderat, så moderat at redusert kjøpekraft kan skape problem både for folk og for økonomien. Difor er det generelt liten grunn til å frykte pris- og lønnsspiralar, slik Norges Bank synest å frykte.

Rett nok finst det næringar som har lettare for å sende aukande energiprisar vidare til forbrukarane, noko som kan gi  ein viss lønnsvekst. Men dette er ikkje hovudbildet. «Rentehaukane» i Norges Bank er sjølvsagt klar over slike samanhengar. Men dei legg tydelegvis meir vekt på inflasjonen og inflasjonsmålet enn andre forhold.

Resultatet kan bli at rentene no blir heva så raskt og så mykje at det fører til lågare sysselsettingsvekst og arbeidsløyse. Det vil vere særleg alvorleg om Norges Bank legg opp til ein så kraftig auke i rentene over kort tid at rentene etterpå må settast ned att. Det er ikkje god samfunnsøkonomi og heller ikkje god velferdspolitikk å sende folk ut i arbeidsløyse, for så å prøve å få dei tilbake i arbeid deretter.

Kan fort gjer ting verre 

I den økonomiske politikken skal dei tre hovudelementa finanspolitikk, pengepolitikk og inntektspolitikk spele på lag. Når pengepolitikken no blir stramma til så kraftig, overraskar det meg at regjeringa meiner at finanspolitikken også må strammast kraftig til. Det vil bli tøft for mange, som med god grunn kan frykte å miste arbeidet.

Vi ser allereie no at presset i økonomien er ferd med å avta noko, før store rentehevingar har gjort innhogg i folk sine lommebøker. Ein for stram finanspolitikk kan fort gjer ting verre. Å sette nokre gigantiske veg- eller byggeprosjekt på vent kan vere fornuftig både av omsyn til økonomien  og til miljøet.

Treng ikkje generell innstramming

Saken fortsetter under annonsen

Men vi treng ikkje ei generell innstramming i økonomien som rammar kommunale og statlege oppgåver, enten det handlar om utdanning, helse eller andre velferds- og tryggleiksordningar. Dette er heller ikkje tida for å stramme inn på høgare utdanning og forsking. Det grøne skiftet kan ikkje settast på vent.

«Rentehaukane» i Norges Bank må roe ned. Og når framlegg til statsbudsjettet i dag blir kjent, veit vi meir om kva regjeringa legg opp til.