Økende matpriser

En eventuell forskrift mot prisdiskriminering innebærer at matvareleverandørene ikke skal ha lov til å gi ulike priser til ulike dagligvarekjeder om forskjellene ikke kan begrunnes saklig. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Synspunkt | Alfred Bjørlo: Dagligvarer - meir konkurranse og lavare prisar er mulig

Publisert: 17. januar 2023 kl 09.45
Oppdatert: 17. januar 2023 kl 10.04

­Alfred Bjørlo fra Venstre er stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane og medlem av Næringskomiteen på Stortinget.

­Lyst til å sende oss et innlegg? Mailadressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

 

SYNSPUNKT: Denne gongen er Lerø BÅDE fornærma på næringsministeren sine vegne fordi eg kritiserer han for ikkje å følge opp Stortinget sine vedtak om tiltak for betre konkurranse på daglegvaremarknaden, OG fornærma på forbrukarane sine vegne fordi han meiner tiltaka som ikkje er gjennomført, uansett ikkje ville ha virka. Lerø skyt bom på begge punkt.

Vestre somlar

For det første: Vestre somlar. Stortinget vedtok våren 2022 å be næringsministerene iverksetje 12 tiltak for betre og sunnare konkurranse på daglegvaremarknaden. Det er rett, som Lerø skriv, at åtte månader seinare har to av dei 12 tiltaka vore på høyring – utan at noko meir har skjedd etter høyringa. Men dei andre ti tiltaka har næringsministeren ikkje prioritert å starte arbeidet med å gjennomføre før mange månader etterpå.

Seinast 22. desember i fjor kunne næringsministeren gledesstrålande fortelje i media at han har fått ein strålande idé om å starte arbeidet med nye tiltak for betre konkurranse på daglegvarer – utan samtidig å seie at ideane han framstiller som sine eigne, er nøyaktig det Stortinget sju månader tidlegare påla han å gjere straks. Slikt går ikkje.

Saken fortsetter under annonsen

Forbod mot negative servitutt

For det andre: Rask iverksetjing av Stortinget sine pålegg ville ha virka. Eg går ikkje gjennom alt her, men la meg gi eit par døme: Stortinget ville ha slutt på praksisen med at dei store kjedane kan bruke såkalla «negative servitutt» på næringsareal – altså hindre etablering av konkurrentar i nærområdet. Det er eit dønn konkret tiltak for sterkare konkurranse som no omsider er på veg, langt på overtid.

Stortinget ville også mellom anna ha tiltak som tydeleggjer og ryddar opp i kjedene sin bruk av Eigne merkevarer (EMV), for å få betre kontroll over den stadig aukande makta i heile verdikjeden som dei store daglegvarekjedene har. Heller ikkje det er gjennomført pr i dag.

 

«Regjeringa har mellom anna varsla at dei vil fjerne dei konkurransestimulerande tiltaka i meierisektoren. Det vil gjere det vanskelegare for utfordrarar som Synnøve Finden og Q-meieriene å konkurrere med giganten Tine, og gi dårlegare utval og høgare prisar på meieriprodukt ute i butikk.»

 

Samtidig durar Vestre og regjeringa på med nye tiltak som går i stikk motsatt retning.

Saken fortsetter under annonsen

Regjeringa har mellom anna varsla at dei vil fjerne dei konkurransestimulerande tiltaka i meierisektoren. Det vil gjere det vanskelegare for utfordrarar som Synnøve Finden og Q-meieriene å konkurrere med giganten Tine, og gi dårlegare utval og høgare prisar på meieriprodukt ute i butikk. Konkurransetilsynet har sagt tydeleg frå om at dette er ein veldig dårleg idé.

Så langt står regjeringa og Vestre likevel på sitt, til ulempe for norske forbrukarar. Venstre er dønn imot denne elendige Ap/Sp-ideen.

 

«Eg minner om at dei tre kjedene har fått varsel frå Konkurransetilsynet om gebyr på rekordhøge 21 milliarder kroner – nettopp for å ha eit prissamarbeid som fungerer.»

 

«Konkurransen er beinhard», skriv Magne Lerø om av daglegvaremarknaden, begrunnar det med tøff priskonkurranse mellom kjedene og syner til at dei tre dominerande kjedene justerer prisane time for time, tilpassa konkurrentane.

Vel – eg minner om at dei tre kjedene har fått varsel frå Konkurransetilsynet om gebyr på rekordhøge 21 milliarder kroner – nettopp for å ha eit prissamarbeid som fungerer slik Lerø skildrar, og som ifølge Konkurransetilsynet kan ha svekka konkurransen og ført til høgare daglegvareprisar – ikkje det motsette.

Eg er samd med Lerø i at politikarane ikkje kan vedta lågare prisar eller betre utval. Men det vi kan og skal gjere, er å sikre gode rammevilkår som fremmer konkurranse.

Saken fortsetter under annonsen

Det kjem forbrukarane til gode, og det hastar.