Synspunkt

Både lærarar, barnehagelærarar, sjukepleiarar og politifolk må dagleg handtere andre sine kjensler og reaksjonar – av og til aggresjonar. Foto: LSPphoto | iStock Photos

Synspunkt | Ragnhild Lied: Emosjonelle krav og risiko i arbeidslivet må takast på alvor

Emosjonelle krav og belastningar i møte med menneske har i for stor grad blitt rekna som «ein naturleg del av jobben», skriver Ragnhild Lied.

Publisert Sist oppdatert

Ragnhild Lied er leiar av arbeidstakarorganisasjonen Unio.

Lyst til å sende oss et innlegg? E-post-adressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

SYNSPUNKT: Fleire studiar er kritiske til at ein framleis tenderer til å ha ei snever forståing av emosjonelle krav ved å sjå på dei som «noko» som er fråkopla arbeidsoppgåvene. Det er på høg tid at vi begynner å ta på alvor at det emosjonelle aspektet er sjølve arbeidet i mange yrke.

Dette har vore eit forsømt område i arbeidsmiljøpolitikken.

Lærarar utsettes for vold

NRK meldte tidlegare i år at mange lærarar blir utsett for vald og at lærarar på 1. til 10. trinn har over fire gonger så høg risiko for å bli utsett for vald og trugsmål samanlikna med andre yrkesgrupper i følgje ein rapport frå Statens Arbeidsmiljøinstitutt.

VG har over lang tid publisert saker om vald i skulen. Det var noko av bakgrunnen for at regjeringa no vil lovfesta at lærarane kan gripe inn fysisk.

Vi veit at liknande situasjonar og hendingar også pregar arbeidskvardagen til andre yrkesgrupper som til dømes tilsette i helse- og velferdssektoren. Det handlar om kva som kan skje i møte med elevar, studentar, foreldre, pasientar, klientar, kundar eller publikum generelt.

I dei fleste tilfella er dette positive møte. Men slett ikkje alltid.

Må dagleg handtere andre sine kjensler

Både lærarar, barnehagelærarar, sjukepleiarar og politifolk må dagleg handtere andre sine kjensler og reaksjonar – av og til aggresjonar.

Dei psykososiale kvardagsbelastningane til desse yrkesgruppene må i større grad anerkjennast og forståast. Fyrst då kan vi få gjort noko med det.

SINTEF har på oppdrag frå Unio utvikla eit kunnskapsgrunnlag på dette feltet. Den finst på nettportalen «fremtidens arbeidsmiljø».

Denne oppsummeringa viser tydeleg at høge emosjonelle krav, ofte i samanheng med andre jobbkrav, kan ha ein negativ påverknad på tilsette si arbeidshelse.

Det er fleire publiserte studiar som samla sett viser at høge emosjonelle krav ser ut til å påverke risikoen for langtidssjukefråvær, utbrentheit og psykiske plagar.

Funna gir også gode indikasjonar på at emosjonelle krav er ein av dei viktigaste faktorane som forklarer den auka risikoen for sjukefråvær for dei som jobbar innanfor helse- og omsorgsyrke samanlikna med andre yrker.

«Dei psykososiale kvardagsbelastningane lærarar, barnehagelærarar, sjukepleiarar og politifolk må i større grad anerkjennast og forståast. Fyrst då kan vi få gjort noko med det.»

Det er brei semje om at behovet for arbeidskraft innan desse yrka vil auke framover. Det hastar difor med å utvikle arbeidslivspolitikken i tråd med den nye kunnskapen.

Det handlar både om førebygging, men også om framtidige reguleringar i Arbeidsmiljølova og nye tiltak innanfor profesjonsutdanningane for desse yrka.

I desse utdanningane blir det nødvendig å sjå både på innhald, praksis og rettleiing slik at ein er betre skodd og budd med tanke på dei emosjonelle belastningane ein møter i samband med dei oppgåvene ein skal løyse for befolkninga.

Førebyggande arbeid

Systematisk og førebyggande arbeid med desse risikofaktorane på arbeidsplassane kan også etter kvart gi betre innsikt, betre arbeidshelse og lågare sjukefråvær. Dette kan også redusere fråfallet frå arbeidslivet, og til og med vere med på å gjere ei rekkje yrke meir attraktive.

Begge deler er viktig med tanke på at behovet for kvalifisert arbeidskraft som kan levere høg kvalitet på tenestene innanfor velferdsstaten sine kjerneoppgåver ikkje vert mindre framover.

Powered by Labrador CMS