Synspunkt

Trass i at dedikerte yrkesutøvarar likar arbeidet sitt, opplever dei at arbeidet er for belastande, skriv Ragnhild Lied. Foto: Gorm Kallestad | NTB

Synspunkt | Ragnhild Lied: Tid for handling – også frå politikarane

Helsepersonellkommisjonen overleverte utgreiinga si i form av ein NoU. Den gir ein god og heilskapleg analyse av behovet for personell og kompetanse i helse- og omsorgstenestene fram mot 2040, skriver Ragnhild Lied.

Publisert Sist oppdatert

Ragnhild Lied er leiar av arbeidstakarhovedsammanslutningen Unio.

Lyst til å sende oss et innlegg? Mailadressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

SYNSPUNKT: Utgreiinga har tittelen Tid for handling — Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste.

Rapporten fekk mykje merksemd, ikkje minst fordi Brennpunkt-programma Omsorg bak lukkede dører hadde skapt heftig debatt om eldreomsorga i dagane før framlegginga. Programma avdekka uverdige og uhaldbare forhold. Ei rekkje spørsmål vart sette på dagsorden – kvalitet, kompetanse, bemanning og fleire til. Men alt i alt kokar dette ned til å ta ansvar og sørge for tilstrekkeleg tilgang på fagfolk og pengar.

Helsepersonellkommisjonen stiller rett diagnose på dagens situasjon: sjukepleiarmangel og anna helsepersonellmangel er overalt, i kommunane og i sjukehusa. Kriseforståinga er i høgste grad til stades, og det er bra at ein omsider har eit felles kunnskapsgrunnlag og ei felles forståing av verkelegheita. Det er heilt nødvendig å kunne vidareutvikle og forbetre tenestene gitt dei demografiske endringane samfunnet står ovanfor.

No må vi jobbe med konkrete løysingar for å forbetre og bevare ei god helseteneste for heile befolkninga. Det startar med personellet.

Vi er einige med kommisjonen i at det ikkje kan vere ubegrensa personellvekst i helsesektoren. Det verker likevel ikkje realistisk å planlegge utviklinga framover med utgangspunkt i SSBs minimumsalternativ for personellbehov. Dette kallar SSB sjølv urealistisk.

Om dette blir gjeldande politikk, vil vi styre mot ei helse- og omsorgsteneste med lågare kapasitet og lågare kvalitet. Det vil kunne undergrave helsetenestene og gjere nødvendige omstillingar vanskelegare. Her må politikarar og helseleiarar vere sitt ansvar bevisst.

Investér i flere ansatte

Befolkninga treng at det blir investert i mellom anna fleire sjukepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar både i kommune- og spesialisthelsetenestene. Vi skal førebygge meir, det krev rett kompetanse på rett stad til rett tid. Og vi treng at helse har ein rettmessig del av arbeidsstokken og at budsjetta blir auka.

«Kompetanse må vere grunnsteinen i alt helsetenesta skal bygge på. Samansettinga av team, frå ulike profesjonar, må byggjast rundt behova til pasientane og befolkninga.»

Regjeringa sitt svar på bemanningskrisa, så langt, kom i Politisk kvarter fredag 3. februar. Då varsla finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) at regjeringa vil gje milliardar til offentleg sektor som kompensasjon for auka prisvekst. Det skulle berre mangle, all den tid ein i statsbudsjettet bomma så til dei grader på prisveksten.

Forsvarssjefen har ved fleire høve understreka at god beredskap krev gode helsetenester over heile landet. Da må vi få på plass tiltak for å behalde og rekruttere livsviktig helsepersonell. Det er sjølve premissen for busetting og beredskap både i krise, krig og fred.

Trenger rett kompetanse

Overordna handlar det om at sjukepleiarar og anna helsepersonell har rammer og arbeidsvilkår som gjer at dei både kan og ønskjer å bli i jobben sin eit heilt yrkesliv. Eit nøkkelpunkt då er at dei har rett kompetanse. Vi har i det siste sett altfor mange døme på pasientar som lir på grunn av kompetansemangel.

Kompetanse må vere grunnsteinen i alt helsetenesta skal bygge på. Samansettinga av team, frå ulike profesjonar, må byggjast rundt behova til pasientane og befolkninga. Dersom ein prøver seg med løysingar som ikkje er gjennomtenkte eller fagleg godt forankra, så er det sjølve oppskrifta på eit todelt helsevesen. Noko som igjen vil føre til auka personellmangel i offentleg helseteneste.

Akutt behov for prioriteringer

Vi har berre ei viss mengde fagfolk. Desse må nyttast på best mogleg vis. Vi må vere sjølvforsynte med sjukepleiarar og andre nødvendige helseprofesjonar i Norge. Det er Helsepersonellkommisjonen også samd i. Vi må dessutan vere solidariske med andre land som sjølv treng det helsepersonellet dei har.

Det er eit akutt behov for nødvendige prioriteringar og at det vert lagt pengar på bordet til ordningar som gjer at helsepersonell opplever det som meir attraktivt å jobbe i helsevesenet.

Kva slags helsetenester?

Når arbeidsgjevarar landet over seier at det er helsepersonell dei slit mest med å få tak i, handlar det jo om at innbyggjarane, du og eg, sårt treng denne kompetansen. Den verkelegheita må gjenspeglast i reelle økonomiske prioriteringar frå politiske styresmakter.

I motsett fall må politikarane ta det ansvaret dei er tiltrudd og fortelje befolkninga kva slags helsetenester dei ikkje kan forventa å få. No er det tid for handling – også frå politikarane.

Powered by Labrador CMS