Synspunkt

Mister vi forskarkompetansen vår i akademia, fell mykje av grunnmuren i kunnskapssamfunnet vårt bort, skriver Ragnhild Lied. IIllustrasjonsfoto: Gorodenkoff | iStock Photos

Synspunkt | Ragnhild Lied: Har vi råd til å spare på forskingsbudsjetta?

På forskingspolitisk seminar i 2022 spurde Forskarforbundet om vi har råd til å forske. Spørsmålet vart følgt av eit anna, vel så viktig spørsmål: Har vi råd til å la vere, spør Ragnhild Lied.

Publisert Sist oppdatert

Ragnhild Lied er leiar av arbeidstakarorganisasjonen Unio.

Lyst til å sende oss et innlegg? E-post-adressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

SYNSPUNKT: For nokre dagar sidan kunne vi lese at forskarar ved fire institusjonar får tildelt millionar til banebrytande forsking frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Dette er gledelege nyheiter og eit kvalitetsteikn for norsk forsking.

Det er likevel eit mørkt bakteppe som pregar forskingsbehova. For aldri har vi trengt meir forsking på livsviktige område som helse, miljø, demokrati og beredskap, og aldri har forskingsbasert kunnskap vore meir pressa av alternative «sanningar» frå forståsegpåarar.

Samtidig har politikarar og andre dårleg tid. Dei vil ha raske svar på her-og-no-utfordringar. Forståinga for den langsiktige grunnforskinga, som skal sikre oss kunnskap vi enno ikkje veit at vi treng, blir mindre og mindre.

Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (2023 –2032) er ambisiøs på forskinga sine vegne. Den tematiske inndelinga i planen viser at styresmaktene innser kor viktig forskingsbasert kunnskap er for å takle krisar som pandemi, press på demokratia, krig, klima-, miljø- og energikriser.

Hovudmålet med planen er å sikre stabile prioriteringar til forsking og høgare utdanning over tid.

Mindre å rutte med?

Då er det litt av eit mysterium at planen ikkje inneheld eitt ord om nettopp slike prioriteringar.

Tvert om kom det i forslag til neste års statsbudsjett ei klår melding til landets viktigaste kunnskapsprodusentar frå statsråden for høgare utdanning og forsking: I åra som kjem, får de mindre å rutte med, de må prioritere betre. Og ikkje minst, de skal prioritere i tråd med regjeringa sine ønsker.

Dette gjev ikkje betre vilkår, verken for grunn- eller anvendt forsking.

Forsking = samfunnsberedskap

Unio er krystallklar på at forsking er samfunnsberedskap. Det handlar om å få kunnskap på viktige område, men det handlar ikkje minst om å ha tillit til kunnskapen.

For nokre veker sidan las eg i Aftenposten om ein forskingssjukepleiar som kunne sette den første vaksinedosen mot fugleinfluensa på ein testperson. Det som slo meg, var kor lang tid forskarane hadde brukt på å utvikle denne første vaksinen (norsk-utvikla som einaste i heile verda).

I 13 år hadde ulike forskingsteam jobba fram mot dette målet. 13 år er – i dei aller fleste tilfella – lang tid. Grunnforsking kostar tid og pengar. Men vi må spørje: har vi råd til å la vere?

«Vi risikerer å miste kunnskapsprodusentane våre. Berre ein av tre unge forskarar, og berre ein av fem postdoktorar, vil anbefale andre unge å starte ei forskarkarriere.»

Kva skjer om dei spesielt interesserte og dedikerte forskarane må bruke mykje av tida si på søknadar?

Kor blir motivasjonen av, om dei ikkje veit om dei kan halde fram med forskinga si om eit år eller to, anten fordi det ikkje finst pengar, eller fordi den mellombelse stillinga aldri blei noko anna enn akkurat det, mellombels.

I rapport 15/2022 frå Forskarforbundet får vi nokre svar på desse spørsmåla. Vi risikerer å miste kunnskapsprodusentane våre. Berre ein av tre unge forskarar, og berre ein av fem postdoktorar, vil anbefale andre unge å starte ei forskarkarriere. Ein av tre vitskapeleg tilsette vurderer å slutte i akademia. Berre ein av ti mellombelse tilsette trur det er sannsynleg å få fast jobb i akademia.

Mister vi forskarkompetansen vår i akademia, fell mykje av grunnmuren i kunnskapssamfunnet vårt bort. Den grunnmuren tar det tid å bygge opp att.

Difor er svaret på spørsmålet eg innleia med, enkelt. Nei – vi har ikkje råd til å la vere.

Powered by Labrador CMS