Arbeidsliv

Illustrasjonsfoto.

108.000 arbeidslause i juni

Statistisk sentralbyrå melder om stabil arbeidsløyse for sommarmånadane.

Publisert Sist oppdatert

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det sesongjusterte talet på arbeidslause var uendra frå mars (gjennomsnitt februar–april) til juni (gjennomsnitt av mai–juli), på 108.000 arbeidslause. Det utgjer 3,9 prosent av arbeidsstyrken.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos Nav gjekk til samanlikning ned med 2 000 personar frå mars til juni. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Frå våren 2017 til hausten 2017 var det ein gradvis nedgang i den sesongjusterte arbeidsløysa. Sidan september 2017 har endringane i arbeidsløysa lege innanfor feilmarginen og nivået variert mellom 4,0 og 3,8 prosent av arbeidsstyrken.

Små endringar i sysselsettinga

Ifølgje AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette opp med 13.000 personar frå mars til juni ei endring som er innanfor feilmarginen.

I denne perioden auka også befolkninga 15–74 år, og dermed har sysselsettingsprosenten halde seg relativt stabil, opp 0,2 prosentpoeng frå mars til 67,5 prosent i juni.

I løpet av det siste året har det vore ein auke i talet på sysselsette på 54 000 personar. Dette svarer til ein auke frå 66,5 til 67,5 i sysselsettingsprosenten.

I EU sett under eitt utgjorde dei arbeidslause 6,9 prosent av arbeidsstyrken i juni. Det er ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå mars.

Det er store skilnader mellom EU-landa i nivået på arbeidsløysa. Endringane i landa frå mars til juni har vore små.

Powered by Labrador CMS