Synspunkt

Myrvang meir enn insinuerer at Bjørn Arild Gram veit kven som sende meldinga og også at han har inngått avtale med hyttedeltakarane om ikkje å opplysa om kven som har skrive meldinga, skriver Frode Lauareid. Her er forsvarsministeren under eit besøk av Luftforsvaret på Ørland. Foto: Ole Andreas Vekve | Forsvaret | NTB

Synspunkt | Frode Lauareid: Krossfest elefanten?

Dagens Perspektiv publiserte 3. april ein kronikk frå psykologspesialist Rudi Myrvang med tittelen «Elefanten i rommet». Innlegget er problematisk av fleire grunnar, skriver Frode Lauareid.

Publisert Sist oppdatert

­Frode Lauareid er advokat med møterett for Høgsterett. Portrettbildet på forsiden er ein selfie.

Lyst til å sende oss et innlegg? E-post-adressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

SYNSPUNKT: Dagens Perspektiv har redaksjonelt ansvar for det som vert publisert og har ansvar for at opplysningar som vert publiserte er korrekte (Vær varsom-plakaten, VVP 3.2, jmf. 4.17). Den som vert utsett for skuldingar, skal ha høve til å imøtegå faktiske opplysningar samstundes og elles få høve til tilsvar.

Meir enn insinuerer

Myrvang viser til at forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) var ein av dei som deltok på den hytteturen der det vart sendt ein grisete melding til Liv Signe Navarsete.

Myrvang meir enn insinuerer at Gram veit kven som sende meldinga og også at Gram har inngått avtale med hyttedeltakarane om ikkje å opplysa om kven som har skrive meldinga.

Eg viser til at Myrvang skriv:

«For til tross for press fra alle kanter, lyktes de med å slippe unna, ved hver og én hardnakket å hevde sin uskyld. I tillegg til sin manglende viten om hvem som var synderen.»

Og vidare:

«Omertà-strategien har så langt fungert godt for forsvarsministeren og de øvrige i turfølget. Samtidig som den med all mulig tydelighet bryter med de før nevnte verdiene – respekt, ansvar og mot.»

Verdiane det vert vist til, er Forsvaret sine verdiar.

Myrvang avsluttar innlegget sitt slik:

«Skal det pågående arbeidet med å endre kulturen i forsvaret lykkes, må også forsvarsministeren, som øverste myndighet, vise at han etterlever de tre sentrale verdiene. Og at han selv ikke er en del av problemet. Som innebærer å sørge for at den eller de som sendte meldingen til Navarsete, endelig tar ansvar.»

Eg kjenner ikkje Gram og har heller aldri samtala med Gram. Eg skriv på eige ansvar og ut frå mange års erfaring som advokat i saker der det har vore spørsmål om tillit til politikarar og leiarar.

Nokre gonger kan tapt tillit vinnast tilbake, men det finst også tilfelle der det er håplaust. Faktum er avgjerande for korleis ein arbeidar vidare med saka.

Mange spekulasjonar om hytteturen

Eg kjenner hyttetur-saka berre frå media. Saka vart kjent i media i 2018, to år etter at meldinga til Navarsete vart sendt, i februar 2016. Det finst mange spekulasjonar om kven som har sendt meldinga og også om at det er inngått ei pakt mellom hytte-deltakarane om ikkje å seia kven avsendar er.

Spekulasjonar kan ein redaktør til ei viss grad publisera, men ein redaktør kan ikkje publisera skuldingar det ikkje er dekning for.

Ved å publisera setninga «Omertà-strategien har så langt fungert godt for forsvarsministeren», vert det slått fast at forsvarsministeren veit kven som sende meldinga, at han har inngått ei pakt om ikkje å seia kven som sende meldinga og implisitt at han lyg når han på pressekonferansen ved tiltreding som forsvarsminister seier det motsette, at han ikkje veit kven som sendte meldinga og at vedkommande bør stå fram.

Har Myrvang og sjefredaktøren i Dagens Perspektiv dekning for at forsvarsministeren nyttar Omertà-strategi når han vert konfrontert med hyttetur-meldinga til Navarsete? Har redaktøren følgt opp desse skuldingane overfor Gram og gjeve han høve til å svara?

«Har Myrvang og sjefredaktøren i Dagens Perspektiv dekning for at forsvarsministeren nyttar Omertà-strategi når han vert konfrontert med hyttetur-meldinga til Navarsete?»

Det synest som Myrvang meiner Gram er ein del av problemet Forsvaret har i sitt arbeid mot seksuell trakassering. Dette fordi Gram ikkje syter for at den som har sendt meldinga til Navarsete, tar ansvar.

I trakasseringssaker og saker om manglande tillit, vert det ofte sett fram krav om at nokon må fjernast frå stillinga si eller fjernast frå ansvar og arbeidsoppgåver. Stortinget har gjeve reglar om vern for alle involverte i trakasseringssaker.

Offer skal sjølvsagt ha vern, men også ein som har gjort seg skuldig i trakasseringar skal bli møtt med visse standardar.

Det kan sjå ut som om Myrvang har ei tilnærming i retning av at er du ein profilert person, så skal det mindre til enn elles før du mistar arbeidsoppgåver, at profilerte personar har større ansvar for dårlege vener enn kva andre har og at konklusjonen om dette kan trekkjast utan føregåande sakshandsaming. Skal det gjelda ein ting for Loke og noko anna for Tor?

«Det er ikkje urimeleg å krevja at dette er standardar også psykologspesialistar i arbeids- og organisasjonspsykologi bør halda seg til.»

Kva konsekvensar eit forhold skal få, må vurderast ut frå ei norm der graden av profilering ikkje kan leggjast vekt på. Det er ein sentral verdi at feil ikkje skal hefta ved deg heile livet.

Det er også ein verdi at du ikkje skal hefta for feil du ikkje kan svara for. Det at nokon peikar på forhold i fortida di, kan ikkje utan vidare medføra at du ikkje kan inneha ansvar.

Det å ta frå nokon ansvar, må i seg sjølv vera underlagt ansvar. Dette er ikkje noko som skal gjerast av ein utropar på torget utan føregåande undersøkingar, kontradiktorisk sakshandsaming og tilstrekkeleg og relevant faktisk grunnlag.

Det er ikkje urimeleg å krevja at dette er standardar også psykologspesialistar i arbeids- og organisasjonspsykologi bør halda seg til.

Redaksjonell anmerkning:

Denne saken er det skrevet mye om. De som deltok på hytteturen, er blitt bedt om å kommentere saken flere ganger. Bjørn Arild Gram fikk også spørsmål om tekstmeldingen da han ble forsvarsminister. Han har sagt det han vil si om denne saken. Vi så derfor ikke noe poeng i å be om samtidig imøtegåelse.

Magne Lerø, sjefredaktør Dagens Perspektiv

Powered by Labrador CMS