Samfunnsansvar

Global direktør for YouthfulCities, Sonja Miokovic, haldt føredrag under Oslo Urban Arena.

Få unge meiner at byen deira er ungdommeleg

Folk under 30 år utgjer halvparten av verdas befolkning. Likevel syns to av tre at byen dei bur i ikkje har eit ungdommeleg preg over seg.

Publisert Sist oppdatert

Ekspert på ungdom og global direktør for YouthfulCities, Sonja Miokovic, seier at desse tala faretruande låge.

Under Oslo Urban Arena la ho fram funna frå to internasjonale undersøkinga om kva utfordringar og prioriteringar unge menneske i byar har.

Unge er pådrivarar for urbanisering

Miokovic brenn for datainspirerte sosiale innovasjonar, kreative økonomiske modellar, urbanisering og ungdom.

Organisasjonen hennar brukar data for å transformere byar til å bli meir urbane og ungdommelege og jobbar med tusenvis av ungdommar frå heile verda.

– Forandringa som no skjer er ustoppeleg. Graffiti blir meir og meir rekna som kunst i staden for vandalisme. Byar og selskap aspirerer til å bli meir ungdommeleg, seier Miokovic.

Kvar dag flyttar 200.000 menneske til byar. I tillegg er halvparten av den globale befolkninga under 30 år. I nokre land er prosentdelen på over 70 prosent.

– Open, leiken og oppfinnsam er dei orda flest folk forbind med å vera ungdommeleg. Tida er inne for å inkludere unge menneske i utforminga av byar. Unge menneske er pådrivarar for urbanisering, seier Miokovic.

Halvparten blir ikkje lytta til

YouthfulCities har gjennomført to undersøkinga for å finne ut kva som er prioriteringane, meiningane, utfordringane og moglegheitene til unge menneske i heile verda.

I Urban millennial spørjeundersøkinga tok dei kontakt med ungdommar på kafear og skular i 32 byar.

– 36 prosent av unge meiner at byane dei lever i er ungdommeleg. Det er eit faretruande lågt tal, seier Miokovic.

Halvparten av unge føler også at dei ikkje blir lytta til når det kjem til den framtidige utforminga av byen deira.

– Tryggleik, helse, reise, miljøet og at byen er prisgunstig er dei viktigaste prioriteringane for unge menneske. Eldre forventar ofte at unge prioriterer uteliv og mat, men slik er det ikkje, seier Miokovic.

Har ikkje ønska ferdigheiter

43 prosent av dei spurde føler at dei ikkje har dei ferdigheitene som må til for å få den jobben dei vil ha.

– Dette er alarmerande med tanke på at utdanning står høgt på prioriteringslista til unge menneske, seier Miokovic.

Samstundes er draumen til 40 prosent av dei unge å starta opp eiga bedrift.

Halvparten av dei under 30 år er avhengig av offentleg transport for å komma seg rundt i byar. I Europa er talet høgast og undersøkinga syner at 90 prosent nyttar offentleg transport.

– Miljø, sysselsetjing og gunstige prisar var dei tre områda som scora lågast og som har størst forbetringspotensial, seier Miokovic.

Mat, uteliv og reise var derimot dei områda som scora høgast blant unge.

Bustadprisar er eit globalt problem

New York City er den byen der unge menneske trivst best, men er også ein av dei dyraste byane å bu i. Likevel er London rangert som den vanskelegaste byen for unge å komma inn på eigedomsmarknaden.

– Bustadprisar er eit stort globalt problem for mange unge. Mange ønskjer å bu i sentrum av byane, men føler at dei blir tvinga ut av byane grunna høge bustadprisar. Spesielt i London ser ein mange tomme bygningar og område der unge menneske ikkje har råd til å bu på grunn av utanlandske investorar som kjøper opp bygningar, seier Miokovic.

Diverre har ikkje YouthfulCities ei enkel løysing på problemet med høge bustadprisar.

Powered by Labrador CMS