Synspunkt

Den som leser innlegget til Klaus Mohn nøye, vil se at det underveis skjer en snedig glidning, der leseren på et tidspunkt ikke lenger vet om han snakker om nett-troll eller kvinner i akademia, skriver Camilla Aslaksen. Foto: Tommy Ellingsen

Synspunkt | Svein Tuastad: Feil om rektor Klaus Mohn og UiS

I Dagens Perspektiv 23. august skriv Magne Lerø at det er forståeleg at Anne Kalvig, som har sagt opp stillinga si ved Universitetet i Stavanger, ikkje orkar å vere professor i Stavanger lenger. Han kritiserer rektoren ved UiS, Klaus Mohn, for manglande støtte til Kalvig, skriver Svein Tuastad.

Publisert Sist oppdatert

Svein Erik Tuastad er statsviter og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Lyst til å sende oss et innlegg? Adressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

SYNSPUNKT: Eg har ofte sans for ytringane til Lerø. Men denne gongen meiner eg han har trekt slutningane sine for raskt.

Meiningane hans vert spreidde, og det kan føre til at feil får feste seg. Difor vil eg prøve å korrigere det eg oppfattar som mistydingar.

Ganske urimelig

Eg har som representant for dei vitskapleg tilsette i UiS-styret i perioden 2015 til 2023 tidvis vore usamd med UiS-rektorar, inkludert Mohn. Men i denne saka meiner eg kritikken mot rektor Klaus Mohn er ganske urimeleg og faktisk også vanskeleg å forstå.

Her er det Magne Lerø skriv i konklusjonen:

«Det ikke alle vil skrive under på, er at Kalvig er i sin fulle rett som professor til å mene offentlig det hun gjør. Det skulle Mohn gjort klart før hun sendte oppsigelsen, ikke klage over polarisering. Det kan andre gjøre. En rektor ved et universitet skal leve med og forsvare den polariseringen og de krenkelser som følger i ytringsfrihetens kjølvann.»

«I denne saka meiner eg kritikken mot rektor Klaus Mohn er ganske urimeleg og faktisk også vanskeleg å forstå.»

For det første verkar det som om Lerø trur at Mohn, og med han UiS-leiinga, ikkje støtter retten tilsette har til å fremje kontroversielle meiningar. Dette er klårt feil, og det er vanskeleg å få tak i kvifor Lærø påstår dette.

For det andre kan det vere at Lerø ser saka i samanheng med kanselleringskulturen, og at det dreier seg om at nokon har vorte eller kan bli krenka. I denne saka ville det i så fall bety at UiS-leiinga då ikkje likte meiningane til dei som held fast ved at det berre er to kjønn.

Klar mistyding

Men at det faktisk er tale om ei slik innhaldsvurdering frå Mohn om Kalvik, er også ei klår mistyding. Det vil dei som les Mohns Khrono-innlegg sjå (13. mars 2023). Der skreiv Mohn om kjønnsdebatten, etter at Kalvik utfordra han til det.

Det som det kan vere ulike vurderingar av, er knytt til det som Lerø i sitatet oppfor kallar «klage over polarisering». I Khrono-innlegget skreiv Mohn at ordskiftet om kjønn og identitet har gått av skaftet, og at debatten har vorte ekstremt uforsonleg.

Då vert spørsmålet: Meiner Lerø at Mohn sin observasjon ikkje er korrekt? I så fall lurer eg på om Lerø har sett seg heilt inn i kor betent den debatten er.

«Liberale røyster bør stundom tematisere måten eit ordskiftet skjer på. Det er dette Mohn har gjort, og det er prisverdig.»

Eg meiner det er vanskeleg å konkludere annleis, for dei som kjenner debatten, enn at i ordskiftet om kjønn, identitet og transpersonar er debattforma problematisk, tonen for hatsk og mistilliten for stor.

Mot denne bakgrunnen meiner eg Lerø bommar når han skriv at ein rektor ikkje skal «klage over polarisering». Av og til er nettopp overordna destruktive trekk ved ein debattkultur viktig å gripe fatt i. Det gjeld nettopp når eit ordskifte vert så uforsonleg at ein sluttar å lytte til kvarandre.

Eit anna døme på dette er den politiske debatten i det amerikanske samfunnet etter Trump og radikaliseringa til republikanarane.

Liberale røyster bør stundom tematisere måten eit ordskiftet skjer på. Det er dette Mohn har gjort, og det er prisverdig. Difor oppfattar eg kritikken frå Lerø som urimeleg.

Powered by Labrador CMS