Synspunkt

Min erfaring er at offentlege organ trenerer innsynskrav i søkjarlister – sjølv om lovregelen seier at søkjarlister skal setjast opp «snarast» etter at søknadsfristen har gått ut, skriver Bård Magnus Fauske. Foto: PeopleImages | iStockPhotos

Synspunkt | Bård Magnus Fauske: Upresist om innsyn i søkjarlister

Nina Riibe, lederen av Econa, kjem med gode forslag som kan gi større breidde i tilsetjingsprosessane i offentleg sektor. Frå ulike innsynssaker vil eg likevel peike på at nokre av vurderingane hennar rundt publisering av offentlege søkjarliste kan vere upresise, skriv Bård Magnus Fauske.

Publisert Sist oppdatert

­Bård Magnus Fauske er initiativtaker til sladda.info, ei innsynsteneste som hjelper med krav om innsyn primært etter offentleglova. Tenesta er eigd av Badr AS. Eigar har lang røynsle som byplanleggar og arbeider dagleg opp mot offentlege organ som plankonsulent for offentlege og private utbyggjarar samt har røynsle frå offentlege stillingar.

­Lyst til å sende oss et innlegg? Mailadressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

SYNSPUNKT: Innlegget refererer som nevnt til Nina Riibes kronikk «Går offentlig sektor glipp av de beste?»

Min erfaring er at offentlege organ trenerer innsynskrav i søkjarlister – sjølv om lovregelen seier at søkjarlister skal setjast opp «snarast» etter at søknadsfristen har gått ut.

Den tida bruker organet til å ta opp med aktuelle søkjarar og kandidatar om dei ønskjer å stå på søkarlista – slik lova opnar for (offentleglova §25 andre ledd tredje setning).

«Min erfaring er at offentlege organ trenerer innsynskrav i søkjarlister.»

Men i følgje sjette setning i den same regelen skal organet varsle søkjaren, dersom ønskjet om ikkje å stå på lista, ikkje blir tatt til følgje. Den regelen brukar offentlege organ til å «true» med publisering for å kvitte seg med uønska, kvalifiserte søkarar.

Det er i denne uoffisielle «silingsprosessen» at utanforliggande omsyn blir tekne. Bruk av rekrutteringsfirma som Riibe skildrar, utgjer ein del av denne prosessen. Men mange veit ikkje at innsynsretten gjeld, også overfor slike rekrutteringsfirma, fordi dei opptrer på vegne av eit offentleg organ. Den kunnskapsløysa blir også utnytta, med denne praksisen.

Den andre feilen offentlege organ gjer, er at skadevilkåret ikkje blir godt nok vurdert. Altså kva skade kan innsyn i namnet på søkaren påføre anten søkjaren eller for eksempel denne sin arbeidsgivar?

La oss sei ein arbeidsgivar les namnet på ein medarbeidar i lokalavisa. Då vil det vere usakleg – og difor ulovleg – om arbeidsgivaren bruker dette mot medarbeidaren. Det er lov å søkje seg til andre stillingar. Det lyt begge partar tåle.

Det kan derimot vere sakleg å ta opp forholdet, viss byte av stilling eller offentleg kjennskap om søknaden kan føre til ein konkret risiko for skade eller økonomisk tap for denne arbeidsgivaren. Rettleiaren til offentleglova nemner det same eksempelet om kundar, som Riibe peikar på.

«La oss sei ein arbeidsgivar les namnet på ein medarbeidar i lokalavisa. Då vil det vere usakleg – og difor ulovleg – om arbeidsgivaren bruker dette mot medarbeidaren.»

Eit anna gjeld uro ved omstillingar i eit offentleg organ, viss leiaren der søkjer seg vekk, som ledd i den pågåande stolleiken.

Og det er denne konkrete skaden som søkjaren til den offentlege stillinga skal argumentere med, overfor det offentlege organet. Her kan altså søkjaren, eventuelt med hjelp frå eit fagforbund som Econa, sjølv gjere ein god jobb ved å presisere kva skade offentleggjering faktisk kan medføre.

Med reell dokumenterbar risiko for slik skade klarer heller ikkje eg og sladda.info å få innsyn i namnet på søkjaren.

Kan misse høgt kompetente folk

eg er derimot samde med leiaren i Econa, i at reglane slik dei lyder – og blir praktisert (sic!) – i dag, kan føre til at offentlege organ misser høgt kompetente medarbeidarar.

Forslaget om å offentleggjere kvalifikasjonane framfor namna til søkjarane, synest eg difor er ein god idé. Då vil tilsetjingssakene og det offentlege ordskiftet handle om kva kvalifikasjonar organa kan velje mellom – og dessutan kva type kvalifikasjonar organa ikkje klarer å rekruttere. Eg er difor samde i at ei slik ordning vil gi betre tilsetjingar i offentleg sektor.

Vidare vil eg foreslå at endeleg søkjarliste med ei slik tilnærming blir publisert – med namn på kvalifiserte søkjarar – for eksempel først 30 dagar etter søknadsfristen. Samtidig foreslår eg ei karenstid på for eksempel nye 30 dagar før tilsetjinga blir rettskraftig. Den konkrete tidsperioden kan også vere kortare for stillingar utan personal- og økonomiansvar.

«Forslaget om å offentleggjere kvalifikasjonane framfor namna til søkjarane, synest eg er ein god idé.»



Dei med kunnskap om ulike forhold kan spele inn synspunkt rundt naudsynte og ønska kvalifikasjonar i den første perioden, medan karensperioden er open for kontroll av tilsetjingsprosessen og av søkjarane på lista, for eksempel om habilitet, utanforliggande omsyn, feil om kvalifikasjon eller andre forhold som skulle tilsagt ei anna tilsetjing.

På den måten vil søkjarlista med namn til den andre perioden vere ei liste med kvalifiserte søkjarar. Då vil ein søkjar som ikkje får stillinga, også kunne sei at dei var kvalifisert til den aktuelle stillinga – noko som kan gi meirverdi hjå noverande arbeidsgivar.

«Til viktige leiarstillingar i offentleg sektor er det viktig med offentleg innsyn. Mange blir verande i slike stillingar i lange periodar, med mindre dei flyttar rundt i den stolleiken som Riibe nemner.»

Ei slik ordninga liknar også den vi som jamnleg leverer tilbod til offentlege innkjøp erfarer. For der skal ikkje kvalifiserte tilbydarar bli avvist. Dermed ligg det også verdi i lista som innsynsretten femnar om.

Til viktige leiarstillingar i offentleg sektor er det viktig med offentleg innsyn. Mange blir verande i slike stillingar i lange periodar, med mindre dei flyttar rundt i den stolleiken som Riibe nemner.

Det er difor viktig at ålmenta, som det heiter i offentleglova, får høve til å kontrollere feile tilsetjingar. For dei kan påføre byen eller lokalsamfunnet uboteleg og langvarig skade.

Powered by Labrador CMS