SYNSPUNKT

NHO-leder Ole Erik Almlid er blant dem som har vært kritisk til IA-avtalen. Han har sagt at NHO ikke vil signere ny IA-avtale dersom ikke sykelønn blir et tema i forhandlingene.

Ragnhild Lied: Kunnskapslause angrep på IA-avtalen

No er vi i gong med forhandlingar om ein ny IA-avtale. Ein avtale mellom styresmaktene og partane om inkluderande arbeidsliv er ganske unik i europeisk samanheng.

Publisert

 Ragnhild Lied er leiar i Unio.

SYNSPUNKT. IA-avtalen er ein viktig del av trepartssamarbeidet i den norske modellen. Det at vi i fellesskap tar eit stort samfunnsansvar ved å bidra til inkludering i arbeidslivet er noko vi har grunn til å vere stolte av. I Norge arbeider dei fleste under gode og forsvarlege arbeidsforhold, men dette kjem ikkje av seg sjølv. IA-avtalen er ein viktig del av det langsiktige arbeidet med å betre arbeidsmiljøet. Dette blir underkommunisert i debatten som no raser i media.

Angrep på avtalen

Det har ikkje mangla på aktørar som har gått til angrep på IA-avtalen dei siste vekene. Kritikken er først og fremst retta mot eit for høgt sjukefråvær. IA-avtalen får det glatte lag av enkelte, og blir framstilt, direkte eller indirekte, som ei propp som gjer at sjukefråværet ikkje går ned. Mange hevdar også at det som skal til for å få fråværet ned, er økonomisk pisk mot dei tilsette. Innføring av karensdagar er eit av verkemidla som er kasta inn debatten som ei løysing for å få ned fråværet. Den sjuke vil då misse inntekt for å vere sjuk. Det meiner vi i Unio er ein svært dårleg ide, som vil ramme skeivt og usosialt.

Pandemien viste oss at sjukelønnsordninga er ein viktig del av helseberedskapen i Norge. Utan full sjukelønnsdekning ville mange følt seg tvungne til å gå på jobb for å sikre inntekta si, sjølv om dei var sjuke. Da kunne pandemien fått eit langt verre utfall.

I praksis er forslag om at arbeidarane skal betale for å vere sjuke eit angrep på hardt belasta yrkesgrupper. Det er godt dokumentert at til dømes yrkesgrupper med «relasjonelle» oppgåver, altså slike som arbeider for og med menneske, har større risiko for redusert arbeidshelse som følge av høge belastningar på arbeidsplassen. Dermed kan dei få eit større sjukefråvær enn mange andre yrkesgrupper.

Avtalen funkar

Så korleis skal vi få ned sjukefråværet? I 2019 gjorde vi store innhaldsmessige endringar i IA-avtalen. Kort sagt gjekk vi frå reparasjon til førebygging. Omlag 1/3 av sjukefråværet skuldast forhold på arbeidsplassen, særleg er det muskel- og skjelettplager og lettare psykiske lidingar som dominerer sjukefråværsstatistikken. Dette er fråvær som vi faktisk kan gjere noko med, ved å jobbe systematisk og førebyggande med belastningsfaktorar på den enkelte arbeidsplass, både slik at færre blir sjuke, og slik at det blir lettare å komme tilbake på jobb, heilt eller delvis, etter sjukdom.

Difor etablerte vi i IA-avtalen i 2019 sju bransjeprogram i sektorar med høgt sjukefråvær. Programma har utvikla systematiske metodar innan den enkelte bransjen for å få ned sjukefråværet. I bransjeprogrammet for barnehage ligg til dømes sjukefråværet for dei barnehagane som deltar i programmet godt under snittet for andre barnehagar, for 10. kvartalet på rad. Vi er framleis langt unna å nå måla i IA-avtalen, men poenget er at bransjeprogram funkar. No skal bransjeprogrammet rullast ut og takast i bruk i heile sektoren.

I løpet av dei fire neste åra vil vi kunne sjå fullt ut kor godt bransjeinnrettinga i IA-avtalen verkar. Vi i Unio ønskjer oss fleire bransjeprogram, slik at dei til saman kan dekke store deler av arbeidslivet, og samstundes ivareta den lokale forankringa av IA-avtalen på arbeidsplassane. Dette meiner vi er rett tilnærming for å vidareutvikle den førebyggande arbeidsmiljøsatsinga i den neste IA-avtalen.

I praksis er forslag om at arbeidarane skal betale for å vere sjuke eit angrep på hardt belasta yrkesgrupper

Sjukefråværsoppfølginga

Er det mogleg å tenke seg eit system der vi i større grad går frå å vere sjukmeld frå arbeid til å bli friskmeld til arbeid? Vi trur at det å endre haldningar, utnytte restarbeidsevne gjennom betre arbeidsplassvurderingar og byggje eit betre lag rundt legane som sjukmelder, er nokre element vi bør diskutere i samband med IA-forhandlingane.

I Storbritannia har dei innført eit system der «fit note» har erstatta «sick note». Hovudformålet med ein fit note er å gi råd til arbeidsgivar om kor vidt ein tilsett kan utføre arbeidet sitt («fit to work»), anten heilt eller delvis, basert på ei medisinsk vurdering. I ein slik fit note blir det vurdert om personane er for sjuk til å jobbe, eller om personen kan vere i stand til å jobbe noko, eller med visse tilpassingar, som til dømes endra arbeidstid, fysiske hjelpemiddel eller endra arbeidsoppgåver. Fit note kan gje arbeidsgivarar ei konkret vurdering av korleis dei må støtte ein tilsett for å kome heilt eller delvis tilbake i arbeid raskare.

I Storbritannia er fleire grupper av helsepersonell akseptert som relevante i arbeidet med å få pasientar til å stå i eller kome tilbake til jobb. Her kan både fysioterapeutar, sjukepleiarar, ergoterapeutar og farmasøytar, i tillegg til legar, skrive ut ein fit note.

Hva mener du?

Lyst å sende oss et innlegg? Send til: synspunkt@dagensperspektiv.no 

Spesialistar som fysioterapeutar, ergoterapeutar og psykologar mfl. er i stor grad opptatt av å fremme arbeidsdeltaking, men har i dag avgrensa kommunikasjon med fastlegar, NAV og arbeidsplassen. Her meiner vi at det må vere mogleg å sørge for tett og rask oppfølging frå spesialistar som ser samanhengen mellom sjukefråvær og arbeidsdeltaking. Vi trur dette kan vere eit viktig bidrag i sjukefråværsoppfølginga. Skal vi snu kvar ein stein for å få ned sjukefråværet, så må vi også ha vilje til å diskutere slike nye grep i sjukefråværsoppfølginga.

Powered by Labrador CMS