SYNSPUNKT

Musikkprodusenten Tom Stræte Lagergren, også kjent som Matoma, var en av mange som engasjerte seg da elever og lærere tidligere i høst demonstrerte mot fylkeskommunens vedtak om å legge ned en rekke skoler i Innlandet.

Ragnhild Lied: Vegen frå utanforskap går via vidaregåande opplæring

Til våren legg regjeringa fram ei melding om sosial utjamning og mobilitet. Eg trur ikkje eg tar munnen for full om eg påstår at meldinga kjem til å omtale fullføring av vidaregåande opplæring som særs viktig for å hindre utanforskap.

Publisert

Ragnhild Lied er leiar i Unio.

SYNSPUNKT. Meldinga legg opp til stor bredde i tiltaka, som omfattar ansvarsområda i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Meldinga skal byggje på ei rekke utgreiingar som dei siste åra har peika på det same: Utanforskap er ei kompleks utfordring som handlar om fattigdom, språkvanskar, bustad og fysisk og psykisk helse, for å nemne noko. Og det viktigaste og vanskelegaste – utanforskap ser ut til å gå i arv.

Derfor er det god grunn til å ønske meldinga velkommen. Gode helsetenester og solid utdanning er grunnpilaren i velferdsstaten og nøkkelen til gode liv og aktiv samfunnsdeltaking.

Vi veit at unge som ikkje har fullført vidaregåande opplæring er overrepresenterte i statistikken over arbeidslause og unge uføre.

Det var difor Liedutvalet i NOU 2019: 25 «Med rett til å mestre» foreslo å utvide retten til vidaregåande opplæring, slik at dei som treng lenger tid, får høve til å fullføre opplæringa. Og det var difor utvalet foreslo utvida rett til rekvalifisering til eitt nytt yrkesfag. Regjeringa følgde opp med Fullføringsreforma og i ny opplæringslov.

Fortvilte unge har stått fram i media og grudd seg til åra i vidaregåande opplæring

Men det er fylkeskommunane som har ansvaret for å følgje opp. Vidaregåande opplæring er ei av hovudoppgåvene for fylkeskommunane. I opplæringslova står det at fylkeskommunen i planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet skal leggje stor vekt på kva for kompetanse samfunnet treng.

Og her er det ein naturleg lenke til ei anna stor oppgåve i fylkeskommunane. Med regionreforma (Meld. St. 6 (2018 – 2019)) skulle fylkeskommunane ta eit større strategisk ansvar for den regionale kompetansepolitikken. Det skulle bli betre samsvar mellom etterspørsel etter arbeidskraft i arbeidslivet og kompetanseheving for både unge og vaksne.

Dei siste vekene har vi lese om budsjettkrisar i fylkeskommunane, med store negative konsekvensar for vidaregåande skular, elevar, foreldre, lokalsamfunn og næringsliv. Vi har lese om lågare elevtal og tomme pultar, men ikkje ein stad har eg kunne lese om korleis fylkeskommunane skal møte dei nye krava til fullføringsrett og rett til rekvalifisering.

Fortvilte unge har stått fram i media og grudd seg til åra i vidaregåande opplæring. Kva skjer med unge som slit i utdanningssystemet? Vil dei klare seg gjennom vidaregåande opplæring om dei må flytte langt heimanfrå? Eller styrer vi dei rett mot dei dystre statistikkane som fortel om psykisk uhelse og utanforskap?

Å sende ungdom i risikosona for fråfall er direkte skadeleg

Det er lett å forstå at tomme pultar er dyrt og problematisk. Og budsjetta må gå opp. Det blir likevel alt for snevert å telje unge mellom 16 og 19 år. Ulike elevar treng ulike tilbod, og dei vidaregåande skulane bør kunne ta på seg fleire og meir differensierte utdanningsoppgåver. Til det trengst skular av ulik storleik, og med systematisk samarbeid med lokalmiljøet. Å sende ungdom i risikosona for fråfall er direkte skadeleg.

Derfor er langsiktig satsing på vidaregåande opplæring ei investering vi ikkje har råd til å gi slipp på. Kan tomme pultar vere ein del av løysinga på kompetanseutfordringane, i staden for eit problem?

Hva mener du?

Lyst å sende oss et innlegg? Send til: synspunkt@dagensperspektiv.no 

Powered by Labrador CMS