Leiarar i staten har mange krav frå sin arbeidsgjevar, skriv Jan Olav Baarøy.

Synspunkt – leiing i staten: Alt er ikkje krav, sjølv om det er viktig

«Grunnlaget for god ledelse» i staten er ikkje tannlaust, skriv Norec-direktør Jan Olav Baarøy.

Publisert Sist oppdatert

Jan Olav Baarøy er direktør Norec. Han sat også i referansegruppa for «Grunnlaget for god ledelse».

Hva mener du?

Lyst å sende oss et innlegg? Send til: synspunkt@dagensperspektiv.no 

Nyleg publiserte Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) dokumentet «Grunnlag for god ledelse i staten». Grunnlaget er basert på ei rekke konsultasjonar med leiarar, tillitsvalde, tilsette og forskarar. Johan Bergh reagerer i Dagens Perspektiv 24. mai på dokumentet, seier det ikkje stiller krav og kallar det tannlaust. Eg skal her kort syne kvifor dette dokumentet nok vil bite frå seg.

Leiarar i staten har mange krav frå sin arbeidsgjevar, anten det er departementet eller underliggande etat. Eit viktig krav er å gjennomføre samfunnsoppdraget til etaten. Dette oppdraget står i instruksen frå regjeringa og blir presisert i statsbudsjettet frå Stortinget og i dei årlege tildelingsbreva frå departementet. 

Eit anna viktig krav er resultata som er nedfelt i leiarlønnskontrakten. Desse krava speglar teksten i tildelingsbreva, og presiserer forventningar og resultat for perioden. Dette dokumentet er signert av arbeidsgjevaren min (departementsråden) og meg sjølv. Det er bindande for perioden og grunnlaget for departementets vurdering av min innsats for å få verksemda til å gjennomføre samfunnsoppdraget. 

Eit anna viktig krav er resultata som er nedfelt i leiarlønnskontrakten

Eit krav kan vi definere som kva vi skal oppnå, som fellesnemnaren i ein brøk. Men ein brøk har også teljarar, som er alt som skjer over streken. Det er aktivitetar, tiltak og forventningar som skil seg frå verksemd til verksemd, avhengig av nemnaren i brøken. Teljarane kan stå stødig igjennom ein strategiperiode eller brått bli forandra grunna eksterne hendingar. Det er desse teljarane som syner korleis samfunnsoppdraget skal oppnåast. Korleis er tiltak og forventningar, kva er kravet som i samfunnsoppdraget.

Kravet, altså kva som skal oppnåast, kan også vere utvikling av leiarskapet til direktøren. I min avtale med UD har eg fått fire krav som til saman skal oppfylle samfunnsoppdraget til Norec. Desse utgjer kva eg skal oppnå. Men eg har også fått fire krav til utvikling av leiarskapet mitt, altså fire krav om kva eg skal oppnå innan leiing. I inneverande kontrakt er det: forstå systemet du er ein del av, få med deg folka, skap utvikling og endring, og realiser gevinstar. 

Til å oppfylle desse krava hentar eg inspirasjon og refleksjon frå grunnlaget for god leiing i staten. Grunnlaget utgjer teljaren i brøken om mitt leiarskap, der krava i kontrakten er nemnaren. Nemnaren rår eg ikkje over, det er krav frå UD, men teljarane rår eg over og her søker eg kunnskap og innsikt frå det nye grunnlaget for god leiing i staten. 

Ikkje alt som er viktig kan vere krav. Arbeidsgjevar må sette samfunnsoppdraget og krav til leiar først, slik UD har gjort. Deretter må arbeidstakar definere korleis vi skal oppnå dette. Dei fem forventningane i grunnlaget gir ei sterk retning til korleis leiing skal utøvast i staten, og dei etterfølgjande 18 punkta er gode forslag. 

 

Powered by Labrador CMS